Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-0)
87'
Stor sjanse til heimelaget. Bergset er mannen igjen. Ballen sprett i feltet og han får heada over mål i hard kamp med forsvaret.
73'
Bergset med nok ein sjanse. Får avslutta men keeper er med på notene.
72'
Corner blir slått på bakerste. Der ventar Ørjan Skilbrei som upressa headar like over.
61'
Corner endar i ein overgang til heimelaget, men det blir for få folk med framover og det renn ut i sanden.
60'
Bortelaget er meir med no. Skapar ein ny sjanse som endar i corner.
54'
Etter opninga til heimelaget så har det roa seg. Det må nok regnet som no høljar ned ta noko av skulda for.
47'
Heimelaget stormar rett i angrep. Jakob Bergset kjem til ein flott sjanse. Men keeper får avverga og ballen går ut til kast.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
42'
Ikkje så mykje å melde om siste 10 minuttane. Mykje spel fram og tilbake utan at det blir skapt så voldsomt mykje.
23'
Frispark på kanten som Serif Isic slår inn. Ballen blir dempa ned til Joacim Nundal som ikkje får eit godt treff og ballen sklir av foten hans.
16'
Corner til bortelaget. Blir klarert ut på første stolpe.
4'
Første avsluttning på mål for heimelaget. Eit frispark som Terje Kvam Øvstetun tek, men skotet frå langt hold går rett på keeper.
Avspark Start 1. omgang
DA er me klare for ny kamp på Jotun stadion. Me ønskjer Ready velkommen til Årdal. Ei flott grasmatte om noko regntung. Viktig kamp for begge lag dette.