Oppsummering
Hødd tek seg vidare til 2. runde etter nervepirrande drama i Brattvåg. Det stod 1-1 etter ordinær tid etter at Rossi scora for heimelaget tidleg i 1. omgang og Skjold utlikna for Hødd heilt mot slutten. I ekstratida hadde laga kvar sin omgang, men utan at det resulterte i verken mål eller store sjansar. I straffesparkkonkurransen putta laget frå Ulsteinvik alle sine, og ekstra sprekt var det at den unge keeperdebutanten Peder Lervik opna det heile med å banke inn det første. Dessverre for Brattvåg bomma Myers, og Hødd-kaptein Kallevåg fekk setje inn den avgjerande. Heimelaget kan uansett vere strålande fornøgde med prestasjonen i dag, for dei var minst like gode som Hødd.
Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ei fin påske vidare!
Kamp slutt Slutt (1-1)
120'
Kallevåg kan avgjere.
120'
Keeper går rett veg, men skotet er bra plassert og går inn. Hødd i føringa på nytt.
120'
Vinje set den via tverrleggaren, i bakken og i mål. Vakkert, men småskummelt. 2-2!
121'
Det blir straffesparkkonkurranse i Brattvåg! Hødd var meir vasse denne omgangen, men til trass for nokre brukbare moglegheiter kom dei ikkje til skikkelege sjansar. Brattvåg forsvarte seg godt. No blir det spanande å sjå kva for spelarar som har mest is i magen i det dei skal avslutte frå ellevemeterane. Heng med!
Straffesparkkonkurranse
Pause Etter ekstraomganger (1-1)
120'
Heimelaget får rydda vekk eit innlegg frå Roppen, men ballen går berre ut i feltet der Kallevåg bankar den høgt over mål. Svakt skot av den elles så solide veteranen.
120'
Hands på ein Hødd-spelar og frispark til heimelaget. Har denne kampen fleire sjansar i seg, eller blir det straffespark?
117'
Eit lite Hødd-press endar med at Roppen avsluttar ufarleg rett på Henriksen.
116'
Kastet sprett gjennom feltet, men ingen i kvitt kjem på den.
115'
Roppen skal kaste langt.
112'
Aske får ballen i god posisjon igjen, men klarer ikkje å skaffe seg nok plass til å få avslutta.
109'
Veldig nære for innbytar Aske. Får med seg ballen inn bak Brattvåg-forsvaret, men får aldri den plassen han treng til å få avslutta skikkeleg. Henriksen får til slutt tak i kula.
Start 2. ekstraomgang Start 2. ekstraomgang (1-1)
Det står framleis 1-1 etter at første ekstraomgang er unnagjort. Einaste sjansen verdt å nemne var det heimelaget som stod for, men det enda altså utan scoring. No er det 15 minutt å gjere det på for dei som ikkje ønsker å måtte gjennom straffesparkkonkurranse.
Pause Pause ekstraomganger (1-1)
105'
Hødd slår mykje langt når dei har utspel. Som regel har Brattvåg rydda bra opp.
105'
Nære på at Solli finn Dahle inne i boksa. Hødd får rydda opp.
102'
Mykje nesten for begge lag. Forarbeida er bra, men oftast stoppar det opp på siste tredjedelen.
94'
Bra sjanse for heimelaget! Sperre speler presist inn til Nytoft som avsluttar på direkten utanfor boksa, men skotet snik seg like til side for stolpen.
92'
Brattvåg imponerte verkeleg dei første 90 minutta, og det har ikkje vore lett å sjå divisjonsskilnaden på laga.
Start 1. ekstraomgang Start 1. ekstraomgang (1-1)
Ekstraomgangar i Brattvåg! Heimelaget var klart best i 2. omgang, men det var altså Hødd som fekk scoringa og 1-1. No blir det 30 nye minutt med fotball her.
Pause Etter ordinær tid (1-1)
90+4'
Det er faktisk heimelaget som pressar på her.
90+1'
Brandal kjem seg fri bak Brattvåg-forsvaret, men vinkelen er så spiss at han berre sender skotet trillande forbi mål.
90'
Litt meir avventande spelet no. Spørs om ikkje begge lag tenker at det skal bli ekstraomgangar.
90'
Heimefansen gjer sitt for å lage liv på tribunene i det det rungar "Heia Brattvåg" over tribuna.
88'
Ein Brattvåg-spelar ligg nede etter ein duell. Får tilsyn.
87'
Roppen skal kaste langt. Endar berre med utspel etter kvart.
86'
489 tilskodarar på Brattvåg kunstgress i dag. Dei har fått sjå ein artig kamp med mykje energi hittil.
85'
Brattvåg kjem på ei kontring, men det avgjerande innlegget frå Solli går forbi alle.
84'
Målscorar Andreas Skjold er for øvrig ny i Hødd etter overgang frå Notodden. Han har også vore innom Strømsgodset tidlegare.
83'
Dermed blei det ikkje noko innhopp på unge Aske for Hødd - enn så lenge. Har teke på seg overtrekken igjen.
76'
Ein Brattvåg-spelar ligg nede etter ein ettersleng.
75'
Nære på at Nytoft kjem åleine igjennom på nytt. Berre ei strålande takling frå Johansen hindrar at han kjem åleine med keeper.
75'
Urnes kjem til avslutning frå langt hald, men Henriksen reddar enkelt.
72'
Nære på 1-1! Målvakt Lervik slår eit uspel direkte i bakrom, og ballen sprett slik at Brandal kjem åleine igjennom. Frå spiss vinkel set han ballen på mål, men Henriksen reddar bra.
71'
Myers bankar til frå utanfor boksa, men skotet blir blokkert umiddelbart.
69'
Litt over 20 minutt att å spele. Framleis ingen sluttspurt frå bortelaget. Faktisk er Brattvåg nærare 2-0 enn Hødd er utlikning i augneblinken.
68'
Grei sjanse for heimelaget. Tveiten får vendt opp og avslutta etter eit balltap frå bortelaget, men skotet går via eit bein og dalar berre ned i fanget til Hødd-keeper Lervik.
66'
Vanskeleg å skjøne at det er Hødd som treng mål her utifrå spelet. Bortelaget ligg djupt og forsvarar seg, medan Brattvåg trillar ball og prøvar å finne opningane som skal gje 2-0.
64'
Skummelt innlegg i boksa til Hødd. Bortelaget får klarert til corner.
61'
Skjold kjem til avslutning frå utanfor boksa etter at Hødd vinn att kula.
60'
Til tider ganske slapt det Hødd presterer her. Til tider mykje meir energi i heimelaget.
59'
Hjelmeseth får lagt inn frå høgre, men Bubahe er på plass inne i boksa og får rydda opp. Solid av 19-åringen med ei fortid i AaFK.
57'
Heimelaget med innlegg frå høgre. Forbi alle i feltet.
56'
Nytoft blir spelt fri i bakrom, men klarer ikkje å få avslutta eller gitt vidare til ein medspelar. Nære på.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No står laga klare igjen.
Brattvåg leiar 1-0 etter dei første 45 minutta av denne 1. runde-kampen av Noregsmeisterskapet. Rossi putta ein retur bak Lervik i Hødd-målet allereie i det 9. minutt. Sjansemessig har nok Hødd vore kvassast, men Brattvåg har vist stor energi og skapt mykje trøbbel for førehandsfavoritten. No er det berre å glede seg til andre akt av dette dramaet!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Visted med skummelt innlegg frå høgre, men Bubahe stangar unna.
44'
Brukbar sjanse for bortelaget. Hjelmeseth får vendt opp inne i boksa, men skotet sender han over mål.
43'
Kallevåg med innlegg frå venstre, men nok ein gong fangar Henriksen ballen lett.
41'
Nok ein gong gode kombinasjonar frå Hødd. Like før Skotheim kjem seg fri med ballen inne i boksa.
39'
Visted slår inn frå høgre etter ei gjenvinning, men Skjold sender det påfølgjande skotet høgt over mål. Svakt utnytta.
36'
Bra forsøk for heimelaget! Flem får ei pasning perfekt for skot, men sender forsøket like utanfor.
31'
Småskummelt. Ballen fyk gjennom heile Brattvåg-feltet, og det er ikkje langt unna at Visted når fram på den.
30'
Så er det Hødd som vil presse høgt. Bana i Brattvåg er relativt kort, så det passar ypperleg med aggressivt toppress her.
28'
Meget pent spel av Hødd. Nære på at Kallevåg finn Skjold i scoringsposisjon.
25'
Fredrik Dimmen Gjerde ligg nede for Hødd etter eit samanstøyt. Stopp i spelet.
24'
Heimelaget har vist fantastisk energi i starten her. Hødd har rett nok skapt fleire store sjansar, men har også vore relativt utrygge bakover til tider.
23'
Elles kan vi nemne at Brattvåg-trenar Thomas Pedersen også har ei lita fortid i nettopp Hødd. Den tidlegare AaFK-spelaren var nemleg på lån her tilbake i 2007.
16'
God sjanse for Brattvåg! Ballen går gjennom Hødd-feltet og plutseleg får Bubahe kula i bra posisjon. Dessverre for heimefansen går skotet i nettveggen.
14'
Endar med ein bra sjanse! Kallevåg tek frisparket kort til Skjold som bankar til på direkten. Rett på Henriksen, som også gir ein småfarleg retur før han får fanga kula igjen.
12'
Hødd-keeper Lervik gjer for øvrig sin debut for Hødd i dag. 19-åringen er på lån frå Molde.
9'
Frisk start på kampen! Begge lag har vore veldig angrepsvillige.
8'
Ny stor sjanse for Hødd! Gjerde prøvar å curle ballen i lengste etter eit bra innlegg frå Skotheim, men forsøket snik seg like til side for mål.
7'
Frisk start på kampen av Brattvåg sin nummer 21, Diedrick Bubahe.
3'
Bra sjanse for Hødd! Skjold avsluttar på direkten etter innlegg frå Skotheim, men forsøket snik seg over mål.
3'
Lang ball i bakrom mot Skotheim, men Henriksen kjem raskt ut og plukkar.
2'
Dagens domar er for øvrig Jan Morten Tennøy frå Nore Neset.
Avspark Start 1. omgang
Også Marius Bøe gjer nokre endringar på laget etter det skuffande heimetapet for Kongsvinger sist. Peder Hoel Lervik kjem inn for Marius Ulla i Hødd-målet, medan Robin Hjelmeseth, Fredrik Dimmen Gjerde og Andreas Waterfield Skjold er andre nye namn på laget. Den største overraskinga i troppa er at 2008-modellen Markus Teige Moltubakk befinn seg på benken. Stor stas for ungguten!
Heimelaget gjer for øvrig nokre endringar på laget sidan sist kamp. Marius Refsnes, Oscar Solnørdal og Sami Kamel er alle ute av laget av ulike årsakar, medan Ulrik Syversen, Ruben Myers og Leonardo Rossi er inne i startellevaren.
Thomas Pedersen og Brattvåg har gjort unna to kampar i 2. divisjon hittil denne sesongen. Førre runde enda med eit knepent 3-4-tap for Brann 2, medan dei helga før vann 2-1 heime mot Sandviken.
Hødd frå Ulsteinvik har på si side ei langt gjevare cuphistorie å vise til. Som kjent gjekk laget heilt til topps i 2012, då dei slo storfavoritten Tromsø på straffespark i finalen på Ullevaal. Ikkje akkurat ein liten prestasjon av laget som også då var i 1. divisjon.
Dei største bragdene til Brattvåg i cupsamanheng i nyare tid kom i 2016 og 2023, då laget kom seg til 4. runde. I 2016 rauk dei 1-0 for Kongsvinger, medan det i forfjor blei heile 1-7-tap på heimebane mot Brann. Blant anna laga Bård Finne fire mål den kampen.
Førre sesong vann Hødd begge oppgjera (3-1 heime og 2-0 borte). I NM-samanheng har dei møttest tre gongar, og her har faktisk Brattvåg avansert ved to av høva. Siste cupoppgjeret var i 2023, då eit mål av Sondre Beite i det 2. minutt var nok til at laget vann 1-0.
Det er to lag med mange oppgjer mellom seg siste åra som møtast på Brattvåg kunstgress i dag. Favoritten Hødd rykka opp frå 2. divisjon i fjor, medan heimelaget frå Haram kommune framleis befinn seg på nivå 3. Sidan 2013 har laga møttest 15 gongar. Her har det vore relativt jamt, med 8-1-6 i favør bortelaget frå Ulsteinvik.
Hei og velkomen til livedekning av denne første runda i Noregsmeisterskapet og oppgjeret mellom Brattvåg og Hødd!