Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Raufoss tek ein fullt fortent siger over Hødd her i Ulsteinvik. Heimelaget opna veldig bra og gjekk i ei tidleg føring ved Visted, men etter det var det stort sett Raufoss som gjorde som dei ville. Hødd skapte rett nok ein del sjansar, men bortelaget var klart best spelemessig. Gonstad og Hansen sørgja for 1-2 til pause, før Sveen og Nordbø auka leiinga i 2. omgang. Haugland si redusering på tampen kom for seint til at dei klarde nokon sluttspurt. Raufoss tek seg dermed forbi Hødd på tabellen, medan heimelaget no er nede på 12. plass. Det blir ei meget spanande avslutning på sesongen. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Kamp slutt Slutt (2-4)
90+4'
For eir sløseri av bortelaget! Dei kontrar ved Mensah nok ein gong, men duoen Mensah og Hustad maktar ikkje å få ballen i mål. Spesielt Mensah rotar der, då han bommar på ope mål frå eit par meters hald.
90+3'
Veldig nære 2-5. Mensah snappar ballen og set fart inn i Hødd si boks, men klarer ikkje å finne Hustad inne i boksa. Der bør dei punktere oppgjeret.
90+1'
Blikstad misser ballen til Rotihaug og riv han over ende. Utruleg nok får ikkje assistentdomaren med seg det, og Hødd får beholde ballen. Kunne ha kome seg åleine igjennom der, innbytaren.
90'
Spørs om ikkje den reduseringa kom for seint for Hødd. Men likevel, det blir lagt til minimum seks minutt her, så det kan vere nok.
87'
Riise med ei fin pasning mot Rawufu, men Hansen er på plass og ryddar opp.
82'
Så er det Fors sin tur til å ligge nede. Får ikkje frispark.
81'
Ein Raufoss-spelar sit nede og vi har eit stopp i spelet. Rotihaug har gjort seg klar til å kome inn.
78'
Bra forsøk for Hødd. Kallevåg avsluttar frå god posisjon, men forsøket går rett på Klemensson.
74'
Både Kallevåg og Holte for seint inn i motspelar i løpet av to-tre sekund. Mykje frustrasjon blant spelarane i blått her.
67'
Raufoss kontrar endå ein gong, men Hødd kan prise seg lukkelege over at Osnes-Ringen blir avvinka for offside.
63'
Sveen får avslutta like utanfor boksa, men ein oppofrande Johansen kastar seg inn og blokkerer.
62'
Raufoss kontrar med ein god plan, og det er ikkje langt unna at Aanesland får sett opp Hustad åleine med Alme. Hødd-forsvaret stoppar forsøket.
60'
Roppen med langt innkast. Blir stussa bakover i feltet, og det er ikkje langt unna at ein spelar i blått får avslutta.
59'
Hødd ser ut til å legge om til ein firar bak. Roppen og Visted (!) på backane, og Blikstad og Johansen på stopparplass.
58'
To stopparar ut, og to angrepsspelarar inn! Den eine av dei er debutant Manaf Rawufu.
56'
Hansen sit nede, og Hødd skal gjere to endringar.
55'
Nesten for bortelaget! Nelsen vinn ballen høgt i bana og set opp Aanesland. Han klarer derimot ikkje å overliste Alme. Mulac gjer i tillegg ein god forsvarsjobb der.
54'
Fosnæss Hansen hinkar rundt på kunstgraset no. Ingen god ting når laget ditt tidvis blir køyrd.
51'
Aanesland snurrar rundt på venstreside og bankar ballen lavt inn foran mål. Ingen andre i gult er med på den.
48'
Hødd med initiativet i starten her.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ein heidundrande omgang på Høddvoll er over. Heimelaget opna det heile med eit smell då Visted sette inn 1-0 allereie i det 3. minutt. Like før hadde også Hødd brent to store sjansar. Etter målet var det derimot Raufoss som tok over, og heimelaget streva stort med å hengje med. Gonstad utlikna etter eit kvarter, og nokre få minutt før pause sørgja Hansen for å sende gultrøyene i leiinga. Begge laga hadde i tillegg fleire gode sjansar, men det er lite å seie på at Tom Dent sitt lag leier. No blir det spanande å sjå korleis Hødd vil respondere etter kvilen, for dette endar med heimetap om dei ikkje hevar seg kraftig. Heng med!
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45+1'
For ein sjanse for bortelaget! Heimelaget står høgt etter frisparket, og klarer å knote slik at Gonstad får springe åleine mot mål frå midtsirkelen. Med Blikstad halsande like bak seg klarer han derimot ikkje å overliste Alme, som kjem ut og reddar meisterleg. Der skal no det stå 1-3!
45'
Mikhail kjem til ei heading frå fem-seks meters hald, men forsøket går over. Bra sjanse, det!
45'
Minimum to minutt tillegg her.
44'
Nære på! Aanesland kjem til avslutning frå litt skrå vinkel, men Alme reddar bra. Corner.
44'
Veldig svakt duellspel frå heimelaget ved begge måla. Raufoss er klart mest aggressive, og det har lønna seg bra hittil.
40'
Kallevåg med ein fin stikkar til Visted. Viking-guten vender kjapt opp og avsluttar, men skotet går over mål.
37'
Innbytar Johansen vinn ein corner.
37'
Hødd er litt meir med no, men det er likevel tidvis ganske stor strekk i laget som Raufoss har vore flinke å utnytte.
35'
Grei sjanse for Hødd. Mikhail får lagt inn frå venstre, og etter litt duellar i boksa får Kallevåg avslutta halvvegs i lufta. Over mål.
31'
Då skal faktisk heimelaget gjere ei endring!
31'
Hødd blir rett og slett utspelt her. Raufoss har full kontroll og styrer spelet. Det ligg ei scoring i lufta.
30'
Fors får kome seg heilt ned til dødlinja med ballen, og det er så vidt at ikkje Raufoss får ekspedert den vidare i mål. Nære på.
29'
Hansen fører med seg ballen nydeleg gjennom fleire ledd før han set opp Aanesland til venstre. Diverre for bortelaget endar innlegget hans i blokka.
27'
Hødd og Alme slår ein del langt her, men hittil har Hay og Hansen hatt veldig god kontroll i luftromet.
25'
Raufoss har verkeleg trøkka på siste minutta her. Hødd har gitt frå seg det meste av initiativet etter at dei tok leiinga.
23'
Eit småskummelt innlegg endar med at Alme må bokse ballen over mål. Ny corner.
23'
Bonde prøvar nok ein gong å slå inn frå sida si. Endar med endå eit hjørnespark.
20'
Bra trøkk frå bortelaget, men utan at dei klarer å skape konkrete sjansar.
17'
Aanesland slår inn frå venstre, men Hansen får klarert til corner.
14'
Raufoss svarer og utliknar til 1-1! Bortelaget vinn ballen og set i gong ei kontring ved Fors, men til trass for at Hødd er i relativt god balanse blir laget veldig avventande, noko som til slutt endar med at Gonstad får stå heilt åleine inne i boksa. Der får han god tid til å legge ballen til rette, før han hamrar kula i nettaket.
13'
Bortelaget avsluttar frå distanse. Enkelt for Alme som kan ligge og vente på kula.
12'
Raufoss med initiativet her no. Hødd ligg djupt og forsvarar seg.
10'
Nelsen skjer innover og avsluttar frå skrått hald, men forsøket blir blokkert.
6'
Litt av ein pangstart for heimelaget, dette. Kunne, og burde, ha stått 2-0 allereie!
2'
For nokre sjansar for Hødd! Først blir Haugland spelt åleine igjennom, men Klemensson reddar meisterleg. Returen går så til Skotheim som avsluttar utanfor på ope mål. Der skal det jo stå 1-0!
1'
Bonde slår inn frå venstre. Hødd får klarert.
Avspark Start 1. omgang
Hødd og Raufoss har no unnagjort den obligatoriske helsinga, og vi er få straksar unna avspark!
Både Hødd og Raufoss har kvar sin potensielle debutant på innbytarbenken. I veka som var henta Hødd den spanande svenske 2005-modellen Manaf Rawufu. Klubben sjølv omtalar han som ein ekstremt rask spelar med x-faktor, og han har gått gradene i AIK sitt akademi før han så gjekk til Norrköping. Raufoss har på si side henta 20 år gamle Emmanuel Mensah frå Sogndal. Ghanesaren kjem på eit lån ut sesongen.
Ingen av laga har gjort det noko særleg den siste tida, resultatmessig. Raufoss har berre vunne éin av dei åtte kampane dei har spelt etter sommarferien. Gultrøyene står med tre strake tap, når ein også tek med cupen. Hødd har på si side fem seriekampar på rad utan siger, i tillegg til at dei rauk ut av cupen mot Brattvåg på straffer i midtveka. Dei to siste serierundene har enda med to uavgjorte, men det har samtidig vore mot dei to botnlaga Skeid og Mjøndalen. Lengselen etter tre poeng er nok stor også i Ulsteinvik.
Begge laga er i full gang med oppvarminga her i Ulsteinvik. Kampen blir kanskje litt ekstra spesiell for Raufoss sin kaptein Ole Amund Sveen, som har ei fortid i Hødd. Publikumsfavoritten ikledde seg den blå trøya i åra 2014-2015, og fekk blant anna med seg at Hødd rauk på straffer mot Jerv i opprykkskvalifiseringa til Tippeligaen. Totalt enda Sveen opp med ti mål på 62 kampar for laget frå Sunnmøre.
Startoppstillingane er no offentleggjorte, og det er ingen overraskingar å spore hos nokon av laga. Hødd-trenar Marius Bøe stiller med sin vande ellevar. Det blei på førehand spekulert i om Åsmund Roppen skulle starte på venstre vingback, men den rolla har altså svenske Marcus Mikhail fått. Tom Dent og Raufoss startar med nøyaktig dei same 11 som starta førre seriekamp mot Lillestrøm.
Statistisk sett har dagens motstandarar møttest 17 gongar sidan 1998. Tala her er 8-3-6 i favør Raufoss. Når oppgjera har gått på Høddvoll er det derimot blåtrøyene som har vore vassast med fire sigrar mot Raufoss sine to. Noko som kan vere verdt å nemne er at Hødd gjennom åra har gått på verkelege storsmellar mot laget frå Vestre Toten. 5-2 (2001), 5-0 (2003) og sist 6-1 i det motsette oppgjeret i år. I sistnemnde kamp gjekk laget til Tom Dent i føringa allereie i det 1. speleminuttet.
Både Hødd og Raufoss ligg brukbart til på tabellen, men tre poeng er likevel viktig for begge laga for å unngå å hamne i den verste nedrykksstriden. Heimelaget finn seg på 10. plass, sju poeng bak nedste kvalifiseringsplass for opprykk. Samtidig er det berre åtte poeng ned til Stabæk på nedrykkskvalifiseringsplassen. Raufoss ligg på si side på 12. plass, berre to poeng bak dagens motstandar.
Her i Ulsteinvik er rammene perfekte for fotballkamp, med fint vêr og gode speleforhold.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande oppgjeret mellom Hødd og Raufoss, direkte frå Høddvoll!