Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Den meget viktige kampen mellom Hødd og Skeid endar med poengdeling. Bortelaget tok leiinga allereie i det 6. minutt ved Stensrud, og etter dette bestod det meste av kampen av knallhard defensiv jobbing av bortelaget, ispedd enkelte kontringsforsøk. Hødd styrte nemleg det meste av banespelet, men sleit kraftig med å omsetje dei gode sjansane i scoringar. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
Tage Johansen med kampens svakaste innlegg. Treff nesten klubbhuset bak stadion.
90+3'
Brandal prøvar å utfordre, men blir for svak i duellen. Utspel Bajrami.
90+2'
Haugland blir spelt fri i bakrom, men ein litt for hardt medtak gjer at ballen går utover sidelinja.
90+1'
Stoppar Steiring blir med opp i angrep for å få dette viktige målet for Skeid, men Alme kjem ut og plukkar innlegget.
90'
Det blir lagt til minimum seks minutt her.
90'
Framleis nok tid her til endå ei scoring. Skal Hødd knipe sigeren på tampen, eller skal Skeid ta poenga?
88'
Stor sjanse til Hødd nok ein gong! Visted speler fri Haugland, men det er ikkje spissen sin kamp dette, og endå ei avslutning frå han går utanfor.
85'
Håheim-Elveseter avsluttar i metallet, blir samtidig avvinka for offside.
82'
Brandal legg inn frå høgre. Nok ein gong vinn Skeid duellane inne i eiga boks.
81'
Visted finn Urnes på eit løp inne i boksa, men sistnemnde klarer aldri å få kontroll på ballen.
80'
Litt av sluttspurten til Hødd har stoppa litt opp. Skeid har vore nærast mål siste minutta.
79'
Stor sjanse for Skeid å doble! Hoel Andersen får runda Alme inne i Hødd si boks, men vinkelen blir så spiss at han ikkje får avslutta skikkeleg på mål.
78'
Ødemarksbakken får avslutta frå god posisjon. Utanfor.
77'
Visted kombinerer fint med Håheim-Elveseter, men førstnemnde får ein for lang touch og Bajrami kan fange kula.
75'
Haugland får lagt inn i boksa, men nok ein gong klarerer bortelaget.
75'
Hødd får avslutta via ein Skeid-spelar og rett i fanget til Bajrami.
72'
1074 tilskodarar på Høddvoll i dag.
67'
Robertsen skal kaste langt. Endar utan resultat.
64'
Ødemarksbakken med eit skummelt innlegg frå venstre. Kallevåg skitaklar ballen unna.
63'
Haugland kjem til nok ei avslutning inne i boksa, men den tidlegare Åsane-spissen er i ubalanse og avsluttar utanfor.
59'
Utruleg nære 1-1! Johansen finn Haugland inne i boksa, og spissen avsluttar i stolpen og ut. No hadde heimelaget verkeleg fortent scoring her.
56'
Skeid slit med å kome seg ut av forsvar no. Ganske konstant Hødd-press.
53'
Kjempesjanse for Hødd! Heimelaget vartar opp med det beste angrepet dei har skapt hittil i kampen, men frå veldig god posisjon maktar ikkje Haugland å overliste Bajrami. Der bør det stå 1-1!
50'
Både Robertsen og Mikhail får lagt inn frå kvar sin kant, men ingen i blått er på plass i boksa.
48'
Ghaedamini kjem til innlegg på venstresida, men det går litt for langt og Hødd får til slutt frispark.
46'
Bortelaget sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Botnlaget Skeid leiar 1-0 over Hødd etter 1. omgang på Høddvoll. Gjestane gjekk tidleg i føringa ved Stensrud etter eit vakkert angrep. Heimelaget har styrt det meste av spelet, men ikkje skapt all verda sjølv om dei har kome til nokre gode moglegheiter. Skeid har forsvart seg veldig godt, og også skapt litt trøbbel på overgangar. Her er det berre å gle seg til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Haugland får avslutta, men skotet blir blokkert.
45+1'
Robertsen avsluttar frå utanfor boksa. Enkel redning for Bajrami.
45'
Det blir lagt til minimum to minutt her.
45'
Heimelaget prøvar å slå raskt bak Skeid-forsvaret, men gjestane har vore flinke å falle av og har klarert det meste.
45'
Hødd prøvar å la ballen gå kjapt, men presisjonen sit ikkje alltid. Skeid ser ut til å ta med seg leiinga inn til garderobene.
44'
Urnes prøvar å nå Robertsen med ei utsidepasning, men forsøket endar berre opp hos Bajrami.
41'
Skeid brukar bra med tid på kvar faste situasjon no.
40'
Fullt kaos her etter at keeper Bajrami og Visted kolliderer utanfor Skeid si boks. Bortelaget får frispark, og det er heimefansen særs lite fornøgde med.
37'
Bra sjanse for Skeid! Bortelaget kontrar og Toure legg til Hoel Andersen som hamrar til på direkten. Alme gjer ei god redning.
35'
Skotheim avsluttar inne i Skeid si boks. Blir raskt blokkert.
32'
To Skeid-spelarar blir sitjande på matta og vi får ein stopp i spelet. Trenar Rislaa brukar anledninga til ein lagprat.
31'
Skotheim får tilsnakk etter å ha klaga på dommaren.
31'
Urnes hinkar litt etter ein duell. Men det ser ut til å gå fint med Hødd sin sterke midtbaneterrier.
29'
Nesten for Urnes! Avslutninga inne i boksa går via ein Skeid-spelar og ut til corner.
29'
Med unntak av Stensrud har Skeid resten av spelarane rundt eiga boks når Hødd styrer spelet.
27'
Skeid har vore farlege på innlegg frå kantane. Hødd har ikkje hatt fullstendig kontroll der.
25'
Like før det endar gale for bortelaget. Debutantkeeper Bajrami er langt utanfor eiga boks og taklar, men heldigvis for gjestane endar det bra.
21'
Det er nok nokre som saknar ulsteinvikar og tidlegare Hødd-spelar Bendik Rise på bana for Skeid, men i følgje rapportane våre er han ute med ei skade i ryggen.
20'
Haugland med eit nydeleg løp i bakrom, men blir vinka for offside. Den såg heller tvilsam ut.
19'
Nesten for bortelaget! Delaveris får ballen i returromet etter eit frispark, og han sender i veg ei avslutning som snik seg like til side for mål.
18'
Skeid-trenar Vilde Mollestad Rislaa er nok meget fornøgd med det ho har sett av laget sitt første kvarteret her. Ei lekker scoring og svært oppofrande forsvarsspel har sørgja for det.
17'
Mikhail får ein ball i ansiktet og må ta ei kort pause.
14'
Hadzic lempar eit frispark inn i Hødd si boks, men det endar berre med utspel frå Alme.
12'
Hadzic glir og mistar ballen til Skotheim, men Skeid-spelaren gir ikkje opp og får tvinga fram ein corner.
7'
Nære ¨på i motsett ende! Ein spelar i blått for avslutta, men Bajrami får fista ballen over. Corner.
5'
Blikstad prøvar å nå Haugland i bakrom, men pasninga blir litt for lang.
5'
Mikhail prøvar å kaste langt, men Toure nikkar unna.
4'
Oppspel mot Haugland, men Steiring vinn den første duellen mellom dei for dagen.
3'
Bortelaget prøvar ei kontring, men ein vaken Alme kjem ut og headar unna framspelet.
2'
Kallevåg skyt via ein motspelar og til corner.
1'
Heimelaget sparkar i gong oppgjeret med ein lang ball opp mot Skeid-forsvaret.
Avspark Start 1. omgang
Det er tre-fire minutt att til avspark, men laga har fortsatt til gode å rusle ut på bana. No ventar vi spent!
Sidan 1998 har Hødd og Skeid møttest 21 gongar. Oslo-laget har eit lite overtak totalt sett, med ni sigrar mot Hødd sine sju. Det motsette oppgjeret mellom laga enda med 1-1 etter at Toure og Holte putta kvart sitt mål.
For Marius Bøe og Hødd er den største endringa at veterankeeper Ole Monrad Alme har teke plassen i buret til fordel for Marius Ulla. Sistnemnde har kanskje vore Hødd sin beste spelar denne sesongen, så dette er eit litt overraskande val, om det då ikkje er snakk om ei lita skade eller liknande.
For å prøve å snu ståda i Skeid har klubben vore veldig aktive på overgangsmarknaden siste dagane. I tur og orden har Leandro Neto (på lån frå LSK), Ardian Bajrami (sveitsar på lån frå Young Boys) og Jamal Haruna (på lån frå Sogndal) kome inn. Målvakta Bajrami går rett inn på laget, medan dei to andre er på innbytarbenken.
Skeid er i endå større vanskar, etter berre éin siger hittil i seriespelet og jumboplass på tabellen. Det er derimot berre fem poeng opp til Stabæk på kvalifiseringsplassen, så med siger i dag kan dei gjere eit byks oppover.
Det er ein særdeles viktig kamp for begge laga som møtest i Ulsteinvik i dag. Heimelaget Hødd er inne i ei dårleg periode, trass i at det har vore mykje bra spelemessig for blåtrøyene. Alle dei tre siste seriekampane har enda med tap, men det kan også nemnast at laget slo Førde 2-0 i 1. runde av NM i midtveka.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Skeid, direkte frå Høddvoll!