Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Ein sjansefattig kamp endar med 2-0-siger til gjestane frå Kristiansand! Det stod 0-0 til pause etter ein nokså tam 1. omgang. Det same tette og jamne spelet heldt fram også etter kvilen, men etter omlag timens spel tok Start leiinga på spesielt vis då ein lav corner frå Sjøkvist sneik seg inn ved første stolpe. Hødd tok over initiativet i kampen etter dette, men kvarteret før slutt fekk bortelaget straffe ut av ingenting då ein Hødd-spelar var uheldig og handsa i eige felt. Også den ekspederte Sjøkvist i mål, og etter dette var det over og ut for heimelaget. Start held dermed fram med si gode poengform, medan Hødd no har tre tap på rad. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+1'
Lang ball mot Holte, men den innleigde RBK-spelaren stussar berre ballen ut over sidelinja.
90'
Minimum fire minutt tillegg her.
89'
Hødd trillar og trillar, men slit veldig med å kome til sjansar.
87'
1208 tilskodarar på Høddvoll i dag.
85'
Inn frå venstre frå Roppen, men Pryts blir lite utfordra i feltet og kan plukke lett.
82'
Nesten for Hødd! Returen frå frisparket blir slått hardt mot mål, og Pryts må i full strekk for å hindre ballen frå å gå rett inn.
81'
Frå vondt til verre for Hødd. Etter å ha forsvart seg så godt lenge er det nok fortærande å sleppe inn to slike dødballmål.
75'
Skotheim kjem inn i farleg område med ballen, men samspelet med Kallevåg sit ikkje heilt og ein potensiell sjanse blir spolert.
75'
Holte og Brandal står klare til å kome innpå for heimelaget.
73'
Lorentzen blir stussa fri i bakrom, men blir avvinka for offside. Vil nok bli stort bakrom for gjestane å utnytte her.
70'
Start med alle mann frå 30-35 meter og inn. Forsvarer seg kompakt.
70'
Meir og meir trøkk frå Hødd no. Men framleis få klare sjansar.
68'
Nok eit frispark til Start etter ein tøff duell inne i bortelaget si boks. Farleg innlegg frå blåtrøyene i forkant.
64'
Heimelaget har definitivt gira meir opp her. Ballen går mykje hurtigare.
62'
Korleis vil Hødd responderer på målet? No må dei i alle fall meir offensivt til verks for å få med seg poeng. Trenar Bøe tok i alle fall umiddelbart grep med å setje inn formspelar Skotheim.
53'
Langt innkast for Hødd.
52'
Robertsen slår inn frå høgre, og Norheim sleivar ballen vidare inn i feltet. Har hatt fleire slike i dag, stopparen.
49'
Bra sjanse for Hødd! Håheim-Elveseter slår inn frå venstre, og åleine på bakerste stolpe headar Robertsen over frå klass hald. Kampens beste moglegheit så langt!
49'
Sjøkvist slår inn frå høgre, og Ugland hamrar ballen over mål på direkten. Ein av få sjansar hittil.
47'
Lang ball mot Mvoué i Hødd si boks, men Mulac stangar unna.
46'
Bortelaget sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause mellom Hødd og Start etter første omgang. Det har vore jamt og tett, med kanskje eit lite overtak til bortelaget. Det har knapt vore ein sjanse å skrive om, for så langt har laga vore betre på å forsvare seg enn å angripe. Vi håpar at dette opnar seg meir opp etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Litt latter på tribunene i det ein ballgut hamnar i beina på ein Start-spelar ute på bana i jakt på ein ball.
45'
Minimum to minutt tillegg her.
45'
Fleire tøffe taklingar frå begge lag hittil. Domaren har lagt lista høgt, men samtidig vore nokså konsekvent.
44'
Bortelaget si første avslutning. Rett på Ulla som enkelt plukkar.
43'
Visted snappar ballen og set i gong ei kontring, men blir halde fast av ein Start-spelar. Domar Al-Fahad let spelet gå.
37'
Det er tett og jamt på bana, og verkeleg ein stillingskrig.
34'
Start pressar på, men Hødd står veldig godt imot her. Null sjansar skapt hittil for laget som ligg på andreplass på tabellen.
33'
Ulla misser i ein inngripen i feltet, men ingen i gult kjem først på ballen.
31'
Veldig nære for bortelaget. Klabb og babb i Start-feltet, men bortelaget ofrar alt i blokkeringa og hindrar avslutning på mål.
28'
Robertsen går i bakken etter ei tøff takling.
27'
Nære på at Roppen blir spelt åleine igjennom. Norheim med ei berøring som held på å gjere det vanskeleg for Pryts.
26'
Start trillar mykje ball her, men slit med å finne opningane i Hødd-forsvaret.
20'
Sjøkvist slår inn frå venstre, men Mulac får gitt til corner.
18'
Kallevåg går i bakken etter å ha blitt felt bakfrå av Mvoue. Start-spelaren slepp unna med tilsnakk.
15'
Bortelaget ropar på hands etter ei avslutning som går i Visted, men med såpass kort hald gjer domaren nok rett i å vinke spelet vidare.
14'
Start har teke mykje meir over no, men fortsatt ventar vi på den første sjansen.
9'
Roppen prøvar å leggje inn frå høgre, men forsøket blir klarert.
5'
Hødd har kome best i gong her. Er aggressive i presset.
2'
Mvoue slår inn frå høgre, men Ulla plukkar.
1'
Hødd startar med ei lang ball og påfølgjande ettertrykk. Det endar etter kvart med frispark imot.
Avspark Start 1. omgang
For Start sin del kan vi trekkje fram Håkon Lorentzen. Den 28 år gamle spissen står med tre mål på sine tre siste kampar, og er nok ein å passe ekstra godt på for Hødd-forsvaret.
Ein spelar på heimelaget å sjå opp for i dag er Ole Visted, som er på lån frå Viking. Han har vore involvert i mykje av det Hødd har skapt offensivt hittil i sesongen, og står så langt med to mål og fem målgjevande. Dei gode prestasjonane hans førde også til at han er innlemma i bruttotroppen til U20-VM i Chile.
Ein del tilreisande Start-supporterar har også teke turen til Ulsteinvik i anledning kampen. Ei rask oppteljing viser 21 stk på bortetribune, men det må leggjast inn atterhald om at enkelte kan vere i kiosken for å kjøpe mør i brød, den lokale delikatessen.
Begge laga har no fullført sine oppvarmingar og teke turen inn i garderobene for å gjere unna dei siste førebuingane.
Det er ikkje så mange linkar mellom spelarar på dei to laga, men noko vi kan nemne er no at Eirik Schulze var Sogndal-spelar i delar av Hødd-trenar Marius Bøe si første periode som assistenttrenar i saftbygda sitt hovudlag, tilbake i 2017.
Her på kunstgrasmatta på Høddvoll er begge laga i full gang med oppvarminga. Start driv framleis med uttøying, medan Hødd køyrer ein hurtig pasningsøvelse. Temperaturen ligg på 14-15 grader, men med ein småsur vind i tillegg.
Då er begge laga ute, og både Marius Bøe og Azar Karadas har gjort endringar på laga sine. For Hødd har Roppen og Håheim-Elveseter kome inn på laget til fordel for Mikhail og Skotheim som begge har blitt henvist til innbytarbenken. For Start har Sjøkvist kome inn for Pålerud.
Marius Bøe og Hødd har på si side heile troppen tilgjengeleg, i følgje Vikebladet Vestposten. Tage Johansen er tilbake etter å ha sona karantene sist.
Start-trenar Karadas må gjere endringar på laget sidan sist. Marius Nordal og Terry Benjamin er fortsatt ute, medan Fredrik Pålerud må stå over etter å ha pådrege seg sitt fjerde gule kort for sesongen.
Historisk sett har laga møttest 23 gongar sidan 1969. Her er statistikken 11-3-9 i Start sin favør. På Høddvoll har ulsteinvikarane vore sterkast med seks sigrar mot Start sine fire. Største Hødd-siger kom i 1969 då blåtrøyene vann 5-1, medan Start vann her med same siffer i 2004.
Hødd og Start møttest også i april på Sparebanken Norge Arena Kristiansand, og då tok sunnmøringane ein meget imponerande 2-1-siger. Mål av Mikhail og Myrlid sørgja for 2-0 til pause, men til trass for redusering ved innbytar Gono etter kvilen klarde ikkje sørlendingane å kome nærare enn det.
Start og Azar Karadas flyg på si side høgt om dagen, og sørlendingane har tre strake sigrar og god kontroll på 2. plassen på tabellen. Etter å ha blitt slått kraftig heime av suverene LSK i første kamp etter ferien, har gultrøyene slått Kongsvinger (3-0), Mjøndalen (4-0) og Odd (2-0).
Hødd har hatt ein absolutt godkjent retur til 1. divisjon, og ligg før denne runda på 10. plass etter 22 poeng på dei første 17 rundene. Med tre poeng i dag kan faktisk klatre opp på kvalifiseringsplassane. Laget til Marius Bøe har tapt dei to siste kampane med knepne 2-1, så ein trepoengar her i Ulsteinvik i dag er nok kjærkome.
Hei og velkomen til livedekning av det meget spennande oppgjeret mellom Hødd og Start, direkte frå Høddvoll!