Oppsummering
Det blir til slutt ein komfortabel siger for Sogndal etter at dei løfta seg etter pausen. Før pausen skjedde det lite, og heimelaget kontrollerte kampen. Pimenta gjorde tre endringar på laget, og fekk betalt ved at Skaanes scora det første målet. Midtstoppar Granheim dobla leiinga før Hintsa avgjorde kampen med to scoringar. Sogndal går vidare til neste runde i NM etter ein strålande omgang etter pause, og Sandviken sitt cupspel i 2025 blir avslutta i runde to.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-4)
90+2'
Pedersen snur seg, og prøver å avslutte samtidig. Ballen går utanfor stolpen. Sogndal dominerer fullstendig.
89'
Pedersen prøver på ei blanding av ei avslutning og eit innlegg. Ballen går nesten til Hagen, men han rekk ikkje fram til den.
86'
Blir skummelt på eit langt innkast frå Sandviken. Bruun-Hanssen headar ballen vidare inn i boksen, og ballen snik seg utanfor stolpen. Dei lange innkasta til Sandviken blir farlege.
83'
Endringane som Pimenta gjorde i pausen har endra kampen mykje. Nivåforskjellen mellom laga har vist seg i den andre omgangen.
81'
Thorsen kjem seg inn i boksen, og prøver å avslutte i lengste stolpe. Ballen går utanfor.
74'
Tida renn ut for Sandviken som slit med å skape store sjansar etter pausen.
72'
Hagen prøver seg frå distanse. Avslutninga treff ein motspelar, og går ut til corner.
65'
Sjølstad dreg seg framover ute til venstre. Dei klarar ikkje å utnytte overtalet dei skapte, og ballen ender i hendene til Bergsvik.
62'
Kampbiletet har snudd etter pausen. Sogndal har mykje meir kontroll over kampen.
60'
Tungt for Sogndal at Skaanes må ut. Han skapte meir på dei 12 minutta han spelte i dag enn dei andre klarte å gjere før pause.
58'
Skaanes kjenner på noko etter scoringa, og får litt behandling.
55'
Pedersen skaffar ein corner for Sogndal.
54'
Hagen slår ballen inn til Skaanes som igjen prøver å slå inn til ein av spissane. Ballen blir akkurat blokkert før det blir farleg.
52'
Tabbe i forsvaret til Sandviken. Ballen går til Skaanes, men han blir blokkert før han får avslutta. Sogndal har mykje høgare intensitet no enn dei hadde før pause.
50'
Nundal lobbar ein ball mot Pedersen. Han headar ballen inn igjen i bana etter at den har vore ute, og det blir dømt utspel for keeper.
46'
Heimelaget får ein corner tidleg i omgangen.
46'
Pimenta gjer tre endringar i pausen. Det er tydeleg at han ikkje er nøgd med det han har sett so langt.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Skaanes varmar opp i pausen, og mykje tyder på at han skal inn for Sogndal. Det same gjeld Hagen.
Det har ikkje skjedd mykje før pause. Begge laga har hatt ein brukbar sjanse kvar, og Sandviken sin sjanse var nok den største. Heimelaget har hatt betre kontroll enn Sogndal, som ikkje har klart å få til spesielt mykje.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+3'
Heimelaget kan ta eit langt innkast rett før pause.
45+2'
Sogndal sin første sjanse kjem frå ei heading av Nundal. Borgthorsson gjer ein god jobb før han slår inn. Headinga er ikkje presis nok.
45'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
43'
Granheim er livredd for å gi vekk innkast etter å ha sett kor langt Flagtvedt kastar.
41'
No er det bortelaget sin tur til å forsøke seg på corner.
40'
Eit langt innkast ender med endå ein corner.
37'
Corner for heimelaget. Denne gongen til høgre i bana.
37'
Det har ikkje vore mange store sjansar so langt i kampen. Bortelaget har ikkje skapt noko. Heimelaget har ein stor sjanse med Skåre Tune.
36'
Sogndal forsøker seg på eit innlegg ute til høgre, men det treff ingen av spelarane som står inne i boksen.
35'
Bras slår ballen tilbake til Jendal som tek den opp med hendene. Sandviken kan ikkje forstå at det ikkje blir dømt tilbakespel der.
29'
Sandviken har fått sett inn på Thorsen, og kampen kan fortsette.
27'
Dalstø set seg ned på graset. Kan sjå ut som at han må ut.
25'
Dommaren stoppar spelet for å sjekke om det går bra med Dalstø. Han har litt vondt, men klarar å halde fram.
23'
Frispark til Sandviken når dei skal klarere eit innlegg frå Sogndal.
22'
Flagtvedt får slått inn igjen! Han finn Høynes inne i boksen, men han klarar ikkje å gjere anna enn å legge til rette for at Jendal kan plukke opp ballen.
19'
Heimelaget leiter ofte etter Flagtvedt ute til høgre. Han kjem seg ofte forbi Bras, og har slått eit par innlegg som kunne blitt til sjansar.
18'
Pedersen vinn ballen høgt i bana, og prøver på ein chip frå distanse. Går langt over målet.
17'
Skåre Tune kjem til ein brukbar sjanse! Han blir spelt gjennom åleine med Jendal av Dalstø. Avslutninga går rett på keeperen.
13'
Stopparen må få tilsyn av medisinsk personell etter duellen. Han kjem seg opp til slutt, og vil halde fram i kampen.
12'
Trætteberg får eit frispark når han blir tråkka på av Borghtorsson. Får ganske vondt, og frisparket er soleklart.
11'
Sogndal har ikkje klart å ta kontroll over kampen sjølv om det skal vere divisjonsforskjell mellom laga.
9'
Pedersen får lyst til å avslutte etter eit fint forarbeid av Borgthorsson, men han blir pressa før han får avslutta mot målet.
8'
Flagtvedt prøver å ta imot eit innlegg, men er for tøff mot Bras. Frispark.
7'
Sandviken vil ha straffespark når Røttingen går i bakken. Han blir vinka opp igjen.
5'
Bergsvik rotar det nesten til i eigen boks, men får frispark.
5'
Sandviken har vist fram både hjørnespark og lange innkast i starten av kampen. Det kan vere ein nøkkel viss dei skal klare å true Sogndal.
3'
Ny corner for Sandviken etter eit langt innkast.
2'
Det blir skummelt i boksen til Sogndal. Onyango slår ballen ut til corner.
1'
Vapne skaffar ein corner tidleg i kampen for bortelaget.
1'
Høynes tek avspark, og kampen har starta!
Avspark Start 1. omgang
Begge laga gjer fleire endringar etter førre kamp. Trætteberg er inne i forsvaret til Sandviken. På midtbana har både Dalstø og Lotsberg kome inn. Vebjørn Høynes er inne som spiss og Kristoffer Røttingen kjem inn på venstrekanten. Bortelaget gjer to byter i forsvaret. Haruna og Onyango er inne. På midtbana får Borgthorsson og Steinset sjansen. Nundal startar på topp og har med seg Pedersen som startar sin første kamp for Sogndal.
I fjor vart det tap for Sandviken i den første runda i cupen, då dei tapte mot Bjarg i ein dramatisk kamp. Det vart også dramatisk for Sogndal då dei fekk sin cupexit i den tredje runda mot Eliteserielaget KFUM. Det vart til slutt tap på straffesparkkonkurranse, men kampen var langt ifrå ferdig etter det. Det viste seg at KFUM hadde brukt ein suspendert spelar, og håpet om avansement vart på nytt tent for Sogndal. Til slutt vart det berre ein økonomisk straff for KFUM, og Sogndal var ute av cupen. Heile denne situasjonen førte til at Sogndal følte at dei gjekk glipp av ei moglegheit til å gå langt i cupen, og det er noko dei ønskjer å revansjere i år. Då må dei ta seg forbi Sandviken på Stemmemyren i det som kan bli ein tøff bortekamp for Sogndal som ikkje har funne toppnivået sitt under Pimenta endå.
Det er eit par spelarar i troppen til Sandviken som har vore på besøk i Sogndal i løpet av dei par siste åra. I vinter var Sogndal på jakt etter ny høgreback, og Sandviken sin back, Henrik Flagtvedt, var på prøvespel i saftbygda. Han leverte brukbart der, men Sogndal enda opp med å hente Diogo Bras og Ronney Onyango. Vebjørn Høynes var på prøvespel i Sogndal tilbake i 2023. Han signerte for Førde kort tid etterpå. I dag får dei sjansen til å vise seg fram mot klubben dei kunne ha signert for om ting hadde gått litt annleis.
Begge laga kjem frå gode resultat i serien i deira siste kamp. Sandviken tok ein sterk siger på bortebane mot Jerv. Sogndal tok sin første siger i serien mot Ranheim.
I den første runda møtte Sandviken NHHI. Der såg det lenge ut til at det skulle bli cupexit, men Garmann sikra uavgjort for Sandviken 3 minutt på overtid. I ekstraomgangane fekk dei to nye scoringar, og dei vann til slutt 3-1. Sogndal tok turen til Volde i den første runda. Der fekk dei ein tøff start då Volda satt inn 1-0 tidleg i kampen, men sogndølene klarte å snu kampen til slutt etter scoringar frå Mensah og Flataker.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sandviken og Sogndal i 2. runde i cupen!