TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Aalesund sikrar tre poeng på overtid! Dette skulle bli ein utruleg innhaldsrik fotballkamp. Det skjer lite før Aalesund tek leiinga etter ein halvtime etter eit klønete sjølvmål frå Bras. So snur Sogndal kampen med scoringar frå Høyland og Flataker før pause. Aalesund er tilbake i kampen etter 52 minutt når Braga scorar på eit straffespark. Haram sender bortelaget i leiinga etter 72 minutt. På overtid skjer det mykje. Først ekspolderer stadion når Hagen set inn utlikninga langt inne i overtida. Folk er ikkje ferdige med å juble før Aalesund går rett i angrep, og Johannsson bankar ballen inn mål. Dette var ein kamp der begge lag fortjente poeng, men det var bortelaget som skulle klare det til slutt!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (3-4)
90+3'
Mål!
3-4
Så tek det heilt av på bortefeltet! Aalesund går rett i angrep, og Sogndal følgjer ikkje med. Ballen landar hjå Johannsson som står åleine i feltet, og bankar den inn! Det er det siste som skjer i kampen, og Aalesund kan reise heim med tre poeng!
Mål av Davíd Jóhannsson (3-4)
Målgivende av Cláudio Braga
90+2'
Mål!
3-3
hagen utliknar langt inne i overtida! Sogndal har vore elendige på dødball dei siste åra, men der sit den! Ballen blir klarert på ein corner, og landar hjå Hagen. Han fyrer av, og ballen trillar inn i målet bak Grytebust. Ballen treff ein motspelar på vegen.
Mål av Vegard Haugerud Hagen (3-3)
90+2'
Hjørnespark
90+2'
Onyango skaffar ein corner etter eit raid ute til høgre.
90+1'
Bras slår inn til Mensah, som ikkje er ein spesielt sterk hovudspelar. Han headar utanfor målet.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
89'
Frispark
Har dårleg tid. Prøver å ta det kjapt.
89'
Gult kort
Kjeftar på seg eit gult kort.
87'
Sogndal jaktar utlikning. Aalesund ligg lågt i bana, og får kontroll over det meste som Sogndal prøver seg på.
84'
Hjørnespark
AaFK vinn duellen.
84'
Stor sjanse for Borgthorsson! Han får ballen av Mensah, men avsluttar rett utanfor stolpen. Dette kom etter ei nydeleg kontring av Sogndal ute til venstre, men avslutninga er svak.
83'
Frispark
Slår ballen høgt i bana.
83'
Sogndal har lagt om til 3-4-3 med to vingbackar og to sidebackar med ein stoppar i midten.
82'
Hjørnespark
Haruna headar ballen vekk.
81'
Pimenta satsar hardt, og har berre Haruna i forsvaret no.
79'
Spillerbytte
79'
Spillerbytte
79'
Spillerbytte
79'
Sogndal skal gjere eit trippeltbyte.
76'
Frispark
Slår langt.
74'
Frispark
Slår ballen rett i fanget på Sætren.
73'
Gult kort
Holding. Soleklart gult kort.
72'
Mål!
2-3
Aalesund er tilbake i leiinga! Corneren går over alle før den blir slått inn igjen. Sætren boksar den rett til Haram, som først får ei blokkert avslutning før han enkelt trillar ballen inn i målet.
Mål av Simen Vatne Haram (2-3)
72'
Hjørnespark
71'
Spillerbytte
71'
Spillerbytte
70'
Hjørnespark
Kort variant. Blir slått mot Øren, som headar rett på Grytebust.
70'
God redning frå bortelaget. Flataker frå distanse. Slår den ut til corner.
69'
Hjørnespark
Blir heada ut. Hagen prøver å slå inn igjen, men treff ikkje ballen bra nok.
67'
Frispark
Sogndal får pressa ballen ut av farleg sone.
67'
Spillerbytte
67'
Skaanes lagar eit frispark med ei sklitakling. Heldig som ikkje får kort.
66'
Frispark
66'
Borgthorsson prøver på ei blanding av innlegg og avslutning. Treff ikkje ein medspelar eller målet.
64'
Bras prøver seg på eit innlegg med venstrefoten. Det går over alle, og ut til utspark.
63'
Seehusen prøver seg frå distanse. Truar ikkje Sætren.
61'
Spillerbytte
60'
Frispark
Slår ned til forsvaret.
60'
Flataker får nesten slått ballen gjennom til Hintsa. Han blir pressa hardt nok til at det blir upresist.
59'
Det er mykje frustrasjon hjå Sogndal etter straffesparket. Dei slår mange feilpasningar, og rotar mykje med ballen.
58'
Ei svak heading frå Haram trillar inn til Sætren.
57'
Hjørnespark
Flataker slår ballen ut av boksen.
57'
Frispark
Held ballen i laget.
57'
Bras lagar eit frispark ved midtbana, og det blir litt knuffing etterpå.
56'
Braga vil ha ein ny straffe når han tapar ein duell i boksen. Det får han ikkje. Ein motspelar går hardt inn i han, men dommaren meiner at det ikkje er nok til å lage straffespark.
54'
Frispark
Slår ned til Aukland.
53'
Gult kort
Vapne er frustrert no. Lagar eit frispark rett etter scoringa.
52'
Mål på straffe!
2-2
Braga sender Sætren feil veg, og Aalesund er tilbake i kampen. God straffe som går hardt ned i hjørnet.
Mål av Cláudio Braga (2-2)
51'
Straffe!
Vapne lagar eit klønete straffespark. Dyttar Andresen i bakken. Klønete av midtbanespelaren frå Latvia.
50'
Frispark
Slår langt.
50'
Hands på Ngongo i boksen. Blir avblåst før han får avslutta.
50'
Det er Aalesund som treng scoringar, og det er også dei som har ballen mest etter pausen.
49'
Frispark
48'
Frispark
Prøver på eit innlegg frå midtbana. Øren lagar frispark i boksen.
48'
Andresen står på bakerste stolpe når Nessø slår inn. Han headar i nettveggen.
47'
Aalesund prøver å slå eit par innlegg, men begge blir blokkert.
46'
Øren startar omgangen med å slå ein lang ball mot Hintsa. Den går heilt inn til Grytebust.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Omgangen starta roleg, men det skulle skje mykje etterkvart. Aalesund tok leiinga etter eit sjølvmål, og Sogndal snudde etter scoringar frå Høyland og Flataker. Bortelaget hadde god kontroll fram til den første scoringa, men har vore svake etter det. Rekdal har ein jobb å gjere i garderoba.
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+4'
Hjørnespark
Nok ein gong slår Johannsson ballen ut over linja. Ballen blir heada i mål, men det har ingenting å seie når ballen har vore ute. Tre gonger på ein omgang har dette skjedd.
45+2'
Spillerbytte
45+1'
Flaten må ut. Sogndal gjer klart eit byte.
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
45'
Flaten signaliserer at han har vondt og treng behandling.
45'
Rekdal har fått mykje å tenke på når det nærmar seg pause. Dei hadde god kontroll fram til 0-1, og så har det stoppa heilt opp for bortelaget.
44'
Hjørnespark
Kort variant. Vapne slår til slutt inn mot Granheim som ikkje rekk opp til ballen.
43'
Frispark
Ngongo headar ut til corner.
43'
Seehusen stoppar Bras som skal slå inn. Kunne fått gult kort, men er heldig.
41'
Spillerbytte
41'
Kitolano blir skada under scoringa, og det blir signalisert at han må ut.
39'
Mål!
2-1
Sogndal har snudd kampen! Flataker er åleine gjennom mot keeper. Han går rundt Grytebust, og klarar akkurat å kome fram til ballen for å sende den inn i det opne målet. Bra løyst av guten frå Måløy.
Mål av Erik Flataker (2-1)
Målgivende av Oliver Hintsa
38'
Hjørnespark
Flataker er på ballen, men den sprett ut til utspark.
38'
Bras prøver å skru ballen i mål. Grytebust slår den over til corner. Høgrebacken får mykje rom ute til høgre i den situasjonen, og det kunne blitt utnytta betre.
37'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
35'
Mål!
1-1
Sogndal utliknar! Sogndal speler seg framover ute til venstre, men Aalesund slår vekk ballen. Den landar hjå Høyland som prøver seg frå distanse. Han bankar ballen ned i hjørnet, og Grytebust rekk ikkje fram. Fantastisk scoring av midtbaneankeret. Det vart ei kortvarig leiing for bortelaget.
Mål av Martin Høyland (1-1)
34'
Frispark
Slår tilbake til Granheim.
33'
Gult kort
Går hardt inn i Bras. Treff ballen, men treff spelaren endå hardare.
29'
Selvmål!
0-1
Kva i alle dagar skjer der? Andresen slår eit innlegg inn i boksen som ingen treff før Diogo Bras headar den høgt opp. Ballen landar til slutt i målet bak Sætren. Veldig merkeleg situasjon. Det ser ut som at Sogndal skal ha kontroll i den situasjonen, men ballen får ein ekkel skru som ikkje Sætren klarar å fange.
Mål av Diogo Brás (0-1)
29'
Frispark
Slår ballen tilbake i forsvaret.
28'
Hjørnespark
Nok ein gong er ballen utanfor linja før den skrur seg inn i boksen.
26'
Frispark
Slår ut til Kitolano.
26'
Frispark
Blir blåst frispark utover etter ein duell i boksen.
26'
Hintsa skaffar eit frispark for Sogndal. God posisjon for innlegg.
24'
Hjørnespark
Ballen er ute av spel før den skrur seg inn i boksen. Utspark.
23'
Stor sjanse for Braga! Andresen får ballen ute til høgre, og får slå eit innlegg upressa. Ingen markerer Braga, men avslutninga hans snik seg på utsida av stolpen.
23'
Aukland er sterk når han pressar Skaanes inne i boksen. Skaanes klarar ikkje å halde ballen i spel, og det blir utspark for keeper.
18'
Hjørnespark
Ballen blir klarert ut til Flaten. Forsøket hans går mange meter utanfor målet.
18'
God redning etter eit forsøk frå Vapne! Han skyt frå distanse etter å ha fått ballen frå Skaanes. Ballen blir slått ut til corner. Kampens første store sjanse.
15'
Frispark
Kort variant til Flaten. Han slår ein dårleg ball mot Bras, og det blir utspark for Grytebust.
15'
Nessø sender Skaanes i bakken. Frispark til Sogndal.
13'
Offside
Ngongo headar ballen i mål, men assistentdommaren er oppe med flagget. God avslutning etter eit strålande innlegg frå Kitolano, men Ngongo står på feil side av offsidelinja.
13'
Frispark
Frispark midt på bana. Tek det kjapt.
13'
Aalesund har teke kontroll over kampen etter at begge laga fekk kjenne på ballen i opninga av kampen.
11'
Sogndal kontrar ute til venstre etter redninga til Sætren. Innlegget til Sjølstad blir blokkert.
11'
Johannsson skyt frå distanse. Rett på Sætren.
10'
Johannsson slår eit innlegg mot bakerste stolpe. Spissen Ngongo rekk ikkje fram, og ballen går ut av spel.
10'
Frispark
Held ballen i laget.
9'
Frispark
Bras får ei dårleg klarering, men Sogndal klarar å slå vekk ballen etterkvart.
9'
Frispark til Aalesund i god posisjon for innlegg. Skaanes lagar frisparket.
7'
Hjørnespark
Prøver å finne Seehusen som står utanfor boksen, men avslutninga hans skrur seg langt utanfor.
7'
Aukland prøver å slå langt mot Braga, men unge Sætren ser løpet før alle andre.
5'
Begge laga prøver å spele framover i opningsminutta, og det har ført til veldig mange feilpasningar.
3'
Sogndal prøver ein lang ball i bakrom mot Hintsa, men Grytebust har full kontroll over ballen.
2'
Frispark
Sentrar bakover i bana.
1'
Bortelaget startar med ballen, og Braga tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal stiller med det same laget som starta i serieopninga. Aalesund gjer ei endring på laget. Melland kjem inn for Hammer på midtbana.
Jørgen Haugen er dagens hovuddommar. Han har med seg Bjørnar Drtina Bjørnstad og Torje Andreassen som assistentar. Jakob Søgnen er fjerdedommar.
Det har allereie blitt spelt ein treningskamp mellom Aalesund og Sogndal på Color Line Stadion i år. Den kampen enda 1-2. David Johannsson scora først for Aalesund, men Sogndal snudde kampen etter scoringar frå Oliver Hintsa og Joakim Nundal.
Sogndal har annonsert to signeringar sidan kampen mot Start. Midtbanespelar Marius Årøy har fått proffkontrakt etter å ha imponert Luis Pimenta gjennom vinteren. Han var med i troppen mot Start, men fekk ikkje speletid. Det har vore tynt på backplass for Sogndal, og derfor har dei henta inn kenyanske Ronney Onyango. Han har fått draktnummer 88, noko som er relativt uvanleg å ha. Han har det nummeret for å hedre sin avdøde far som har bursdag 8. august, den same dagen som Ronney også har bursdag. Onyango blir beskriven som ein fysisk spelar, som spring mykje opp og ned langs kanten.
I fjor vart det bortesiger i begge oppgjera mellom Sogndal og Aalesund. Den 16. mai på Color Line Stadion vart resultatet 0-2, og Sogndal tok sin første bortesiger for sesongen. Aalesund var motstandar då Morten Kalvenes fekk sin første kamp som hovudtrenar for Sogndal i oktober, og den kampen enda 0-1 etter at Aalesund avgjorde kampen på ein dødball.
I første serierunde reiste Sogndal til Sørlandet for å møte Start. Der vart resultatet 2-1 til heimelaget, og sogndølene tok ikkje med seg poeng heim. Det var uansett fleire positive ting å ta med seg frå den kampen for Sogndal, blant anna 17 år gamle Sander Granheim som spelte ein god kamp i forsvaret. Aalesund møtte opprykksfavoritt Lillestrøm på heimebane, og spelte 2-2. Til tross for at Kjetil Rekdal ikkje var nøgd med store delar av laget sin prestasjon, såg han likevel på eitt poeng mot LSK som ganske sterkt.
Det er klart for runde to i OBOS-ligaen! Og på Fosshaugane blir det ein kamp mellom to lag som har planar å revansjere ein svak sesong i fjor. Sogndal enda på 13. plass medan Aalesund enda på 9. plass, noko som er langt under forventingane til desse klubbane. No er det ny sesong og nye sjansar for klubbane til å slå tilbake.