TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Sogndal slår Eirik Bakke på hans gamle heimebane! Kampen starta veldig roleg utan store sjansar før det hadde gått omtrent 20 minutt. Då fekk begge lag eit par sjansar utan at nokon av dei klarte å setje ballen i mål. Etter pause tok Sogndal over kampen, og fekk si første scoring med Kasper Skaanes. Skaanes skulle også vere involvert i det andre målet når han slår inn, og Pedersen scorar på ein retur. Då blir det tøft for Åsane som ikkje klarte å skape spesielt mykje etter at dei la om til 5-3-2 i andreomgang. Då kan sogndølene kose seg i 17. mai-toget i nydeleg ver i Sogndalsfjøra!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+2'
Sogndal har lagt seg ned i 5-4-1 for å sikre inn tre poeng. Dei skyt langt mot Hintsa kvar gong dei får tak i ballen.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
90'
Hjørnespark
Barmen headar inn i boksen, og ballen treff tverrliggaren medan Jendal ser på og håpar på det beste. Åsane sin største sjanse etter pause.
89'
Flo bommar på ballen, og skapar ein farleg situasjon. Møller Wolfe klarar ikkje å slå inn, og ballen går ut til utspark.
87'
Hjørnespark
Skålevik er på ballen, men klarar ikkje å sikte hovudet mot målet.
87'
Avslutning frå distanse, og ut til corner for Åsane.
85'
Hjørnespark
Nundal slår ballen langt vekk.
83'
Spillerbytte
83'
Ny avslutning frå distanse for Åsane. Blir ikkje spesielt skummelt.
81'
Hjørnespark
Høyland headar ballen vekk frå farleg område.
81'
Bra blokkering av Granheim som stoppar ei avslutning frå Barmen. Corner til bortelaget.
79'
Spillerbytte
79'
Offside
Blir spelt gjennom av Skaanes, men flagget er oppe lenge før han skyt ballen i mål.
78'
Avslutning frå distanse for Åsane. Rett på Jendal. Dei har omtrent ikkje skapt noko etter pausa.
74'
Hjørnespark
Ballen går ut til Vapne som fyrer av. Ballen går langt over målet.
73'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
72'
Flaten har vore liggande med skade i over eit minutt utan at spelet blir stoppa. Til slutt får Jendal tak i ballen, og kastar den ut av spel.
70'
Wolfe slår inn mot Barmen som er størst i feltet, men ikkje klarar å treffe målet med headinga.
68'
Skålevik prøver å kjempe seg inn i boksen. Blir stoppa av siste mann. Eit par gode minutt for Åsane.
67'
Skummelt innlegg frå Åsane. Granheim headar vekk ballen i femmeteren.
67'
Hjørnespark
Sjølstad headar vekk ballen.
66'
Corner til bortelaget. Ein av få gonger dei har vore over midtbana etter pause.
65'
Frispark
Frispark på eiga banehalvdel.
65'
Frispark
Slår ballen til Skaanes.
64'
Åsane har ikkje fått til noko etter pausa. Omlegginga til 5-3-2 har ikkje fungert spesielt godt.
61'
Gult kort
Vil har frispark på scoringa, og kjeftar på seg eit gult kort.
61'
Mål!
2-0
Pedersen doblar leiinga! Skaanes slår inn mot Hintsa som ikkje klarar å få ballen forbi Selin. Pedersen dukkar opp på returen, og bankar den i mål! No blir det tøft for Åsane.
Mål av Sebastian Pedersen (2-0)
Målgivende av Oliver Hintsa
60'
Spillerbytte
60'
Spillerbytte
59'
Kallevåg forsøker seg på Åsane sitt første innlegg i omgangen. Flo headar det vekk.
58'
Frispark
Tek frisparket kjapt. Omtrent midt på bana.
57'
Frispark
Tek det kjapt. Får ballen fram til Skaanes som slår inn, men Åsane vinn duellen i boksen.
57'
Frispark
Slår langt. Åsane vinn duellen.
57'
Myklebust knuser Flo i ein duell, men er litt for tøff. Blir frispark.
54'
Mål!
1-0
Skaanes sender Sogndal i leiinga! Han og Sjølstad kombinerer fint ute til venstre før Skaanes får ballen i boksen. Han ser ei opning i lengste stolpe, og skrur ballen rundt Selin. Flott scoring av veteranen til Sogndal.
54'
Pedersen får tak i ballen ute til venstre. Han slår inn mot Hintsa som headar ballen over målet. Vanskeleg vinkel å score frå.
52'
Frispark
Innøvd variant. Bras får ikkje kontroll over ballen ute til høgre.
51'
Gult kort
Går alt for tøft inn i ankelen til Vapne. Gult kort og frispark i bra posisjon for innlegg.
50'
Vådebu bruker armen til å stoppe ein ball i bakrom, men dommarteamet viser tydeleg at det ikkje er hands. Pimenta er ikkje einig.
48'
Hjørnespark
Kort variant. Sogndal bruker lang tid med ballen før dei slår inn mot Per-Egil Flo. Ballen går 10 centimeter for høgt for stopparen.
48'
Skaanes skaffar ein corner for Sogndal.
47'
Frispark
Frispark heilt nede ved dødlinja. Slår langt.
46'
Åsane endrar til 5-3-2 når andreomgang startar.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det var ein roleg start på kampen før det plutseleg smalt midt i omgangen. Då fekk begge lag store sjansar til å score, men ingen av dei klarte å få ballen inn i målet. Viss andreomgang blir slik som dei siste 25 minutta av denne omgangen, kan det fort kome fleire mål!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Frispark
Slår langt. Har tydeleg vondt etter duellen med Myklebust.
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
45'
Fredriksen slår i bakrom mot Myklebust, men Jendal er kjapt ute, og plukkar opp ballen. Keeperen får vondt når Myklebust treff han.
45'
Det siste kvarteret har vore hektisk, men no har det roa seg ned når det nærmar seg pause.
41'
Lucky prøver på ei blanding av innlegg og avslutning. Blir halvskummelt, men Jendal har god kontroll.
40'
Hjørnespark
Åsane vinn ballen.
40'
Nesten for Hintsa! Han kastar seg inn på eit innlegg, og han skyt ballen mot lengste stolpe. Ballen går to centimeter utanfor.
38'
Frispark
Ballen blir stussa vidare til eit innkast for Sogndal.
38'
Frispark til Sogndal i bra posisjon for innlegg.
36'
Hjørnespark
Kort variant. Blir innkast til Sogndal til slutt.
36'
God redning frå Selin som stoppar Pedersen! Corner til heimelaget. Bra driv frå Skaanes før han slår inn.
34'
Lereng slår eit hardt innlegg, og ballen går gjennom alle i boksen, og ut til utspark.
33'
Hjørnespark
Sogndal forsøker seg fleire gonger etter den første duellen, men ingen av dei klarar å få eit bra treff på ballen.
32'
No skjer det mykje på ein gong! Først ein stor dobbelsjanse for Åsane før Sogndal kontrar. Selin sender Hintsa i bakken i boksen, men det blir berre corner, og ikkje straffe. Det har vore roleg so langt, men der skjedde det mykje på berre 10 sekund!
30'
Frispark
30'
Gult kort
Gult kort for å takle Lucky. Dei fleste trudde at han var på ballen, men dommaren er ikkje einig.
28'
Skaanes vinn ballen i boksen til bortelaget, men dei ryddar opp før det går gale.
27'
Frispark
Slår ned til forsvaret. Latar som at han skal slå langt først.
26'
Bras bommar på ballen, og sender ein motspelar i bakken. Får berre tilsnakk frå dommaren.
25'
Sjølstad slår inn, men ballen går rett inn til Selin. Det er vanskeleg å finne ei opning i forsvaret til Åsane.
23'
Offside
Offside når han er på veg mot bakerste stolpe.
22'
Frispark
22'
Nytt frispark for Åsane. Betre posisjon denne gongen.
22'
Frispark
Slår langt.
21'
Hjørnespark
Frispark etter ein duell i boksen.
21'
Flaten prøver seg, men ballen blir stoppa av Pedersen som står i vegen. Kunne gått inn om ikkje ein medspelar stod i vegen. Blir corner, men det ser ut som at det er feil.
20'
Lereng klarar å stoppe Sjølstad på veg inn i boksen. Han har vore god i starten av kampen.
19'
Hjørnespark
Kort variant før han slår inn. Selin skal ta imot ballen, men slepp den ned igjen. Klarar å plukke den opp før ein på Sogndal tek den.
19'
Flaten skaffar ein corner for heimelaget.
18'
Frispark
Frispark midt på bana. Slår ned til forsvaret.
14'
Fredriksen forsøker seg på eit innlegg langs bakken, men ballen trillar inn til Jendal som er klar.
12'
Det har ikkje vore noke store sjansar i dei første ti minutta av kampen. Laga har bytta på å trille ballen.
9'
Offside
Står på bakerste stolpe når Skaanes slår inn, men står i offside.
8'
Frispark
Slår langt inn i boksen, og klarar å finne Barmen. Headinga hans går utanfor målet.
7'
Pimenta viser fram ein fin rabona når han skal gi ballen til Åsane som skal ta eit innkast. Fin teknikk.
5'
Åsane slår vekk ballen når dei speler seg fri, men får kontroll over den igjen før det blir farleg.
5'
Bras prøver å avslutte frå distanse etter eit langt innkast. Han treff berre Vapne, som står i boksen.
4'
Lereng stoppar Skaanes på veg inn i boksen. Bra forsvarsspel.
2'
Frispark
Rotete start for Sogndal, som er heldige og får eit frispark når Åsane pressar dei. Jendal slår langt.
1'
Myklebust tek avspark, og kampen har starta!
Avspark Start 1. omgang
Både Saftkokaradn, Juniorsvingen og Martyrene på plass i sola på Fosshaugane. No manglar me berre russen som er på veg inn på stadion!
Begge lag gjer fleire endringar på laget! Sogndal gjer fire endringar, og to av dei er i forsvaret. Der kjem Bras og Flo inn. På midtbana er Blixt Flaten inne igjen etter skade, og på topp er Hintsa inne for Flataker. Åsane gjer også fire endringar. Wollen Steen er inne som midtstoppar. Sildnes er inne for Møller Wolfe. Kallevåg kjem inn for Eikrem på midten. Høgare oppe i bana er Lucky inne for Haugland.
Herman Holthe er hovuddommar i dag. Han har med seg Karwan Mamhassan og Edvard Helgerud som assistentar. Jakob Søgnen er fjerdedommar, og får den tøffe oppgåva med å stå mellom Pimenta og Bakke ved benkane.
Sogndal har hatt eit lite overtak over Åsane på heimebane, men ein må faktisk heilt tilbake til 2021 for å finne sist gong Sogndal tok tre poeng heime mot Åsane. Sidan den kampen har Åsane vunne to kampar og spelt ein kamp uavgjort på Fosshaugane i OBOS-ligaen i tillegg til at dei slo Sogndal ut av cupen der i 2021. Dei har faktisk spelt endå ein kamp på Fosshaugane, men det var ikkje mot Sogndal. I fjor møtte dei Fjøra i cupen, og då vann dei 5-2 mot laget som spelte i 4. divisjon i fjor, men som no har rykka opp til 3. divisjon.
I førre runde leverte Sogndal ein svak bortekamp mot Hødd og Eirik Bakke sin gamle assistenttrenar, Marius Bøe. Resultatet på Høddvoll vart 2-1, og Sogndal er ute etter å slå tilbake i dag. Åsane spelte 1-1 mot Stabæk i førre runde etter at dei gjorde tre endringar på laget i pausa, og dei klarte å hente seg inn i kampen.
Luis Pimenta har hatt ein innhaldsrik start på karriera som Sogndaltrenar med tre sigrar og tre tap på dei første kampane, og mange mål i begge endar av bana. Åsane har hatt ein litt meir skuffande start på sesongen der dei berre har vunne ein kamp, men dei har også spelt uavgjort i tre kampar. Ein må faktisk heilt tilbake til den tredje runda for å finne sist gong dei tapte ein kamp.
Dette oppgjeret har ikkje tradisjonar for å bli sett på som eit "derby" sjølv om begge er Vestlandsklubbar, men det er ingen tvil om at dette blir ein spesiell kamp på grunn av Åsane sin houvdtrenar, Eirik Bakke. I fjor stod Eirik Bakke for første gong ved benken til bortelaget på Fosshaugane, og det vart ei spesiell oppleving for både han og alle i Sogndal. Sjølv om han likar Sogndal godt, og Sogndal likar han godt, så er det naturlegvis slik at det vil bety mykje for begge partar å ta tre poeng i dag.
Velkommen ti livedekning av kampen mellom Sogndal og Åsane i OBOS-ligaen!