Oppsummering
Eirik Bakke viser kven som er sjefen i Sogndal! I ein kamp der begge måtte vinne, er det Åsane som til slutt får alle dei tre poenga. Sogndal viste tidvis betring frå tidlegare kampar, men det hjelper lite når dei ikkje får ballen i mål. Der var Åsane betre! Dei fekk ei scoring rett før pause, og det førte til at dei kunne spele 45 minutt utan å ta store sjansar. Like før slutt banka Skålevik inn 0-2, og då var det over. Enorm jubel blant Åsane sine spelarar, og dei kvitkledde spelarane er heilt knuste på bana. Dette var tre viktige poeng for Åsane i nedrykkskampen.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+3'
Åsane har brukt heile omgangen til å forsvare seg, og har gjort det meget bra.
90+1'
Robertsen avsluttar utanfor boksen. Desperat forsøk som går ut til utspark.
90'
Åsane har no like mange poeng som Sogndal, men Sogndal har betre målforskjell.
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
89'
Folk forlet stadion etter scoringa til Skålevik. No er det verkeleg dårleg stemning i Sogndal.
83'
Sogndal skaffar ein corner.
82'
Sjølstad prøver seg frå distanse med høgrefoten. Ballen går langt over målet.
80'
Stavø får ballen inne i boksen, men Lillevik ryddar opp.
76'
Eriksson avsluttar to meter frå målet, men ballen går utanfor! Heimelaget er desperate etter scoring.
73'
Skaden til Flaten gjer at Stavø må vente litt meir før han skal inn.
71'
Robertsen avsluttar i stolpen. Sogndal nærmar seg.
70'
Det ser ut som at Viljar Stavø skal inn for Sogndal.
67'
Strand forsøker seg på eit innlegg. Jendal fangar ballen.
63'
Corner til heimelaget.
63'
Barmen går ned i forsvarsleddet når Åsane skal forsvare seg. Bortelaget tek ingen store sjansar no.
61'
Kallevåg prøver seg på ei avslutning utanfor boksen. Jendal har kontroll.
58'
Sjølstad slår inn mot Flataker. Headinga hans er hard, men går ikkje mot målet.
55'
Frispark til Sogndal i god posisjon. Borgthorsson blir teken i ein hovudduell.
54'
Flo blir liggande etter ein duell mot Haugland.
50'
Flaten slår ein fin ball mot Borgthorsson. Islendingen kjem seg forbi mannen sin, men avslutninga går ut til innkast.
47'
Haugland går på løp mot Arrocha, og kastar dansken ned i bakken. Frispark.
46'
Det skal spelast ein utruleg viktig omgang med fotball no.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Bortelaget tek leiinga rett før pause, og tek eit stort steg for å sikre plassen! Med tanke på at Levanger også leiar, er det no eit stort press på Sogndal. Her treng begge laga poeng.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Sjølstad leiter etter ein medspelar i boksen, men finn ingen.
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
45'
Stor sjanse for Fredriksen. Avsluttar hardt rett utanfor stolpen.
43'
Skaanes f¨år nesten ballen åleine med Lillevik, men klarar ikkje å få eit bra nok mottak. Då ryddar Åsane opp.
39'
Åsane har hatt ballen mykje dei siste minutta, men har ikkje klart å skape nokre store sjansar.
35'
Lereng prøver seg på ein blanding mellom avslutning og innlegg. Jendal slår ballen ut til corner. Myklebust skadar seg i den same situasjonen når han snublar over Jendal.
30'
Bakke er ikkje nøgd med dømminga. Er fleire situasjonar der hen er veldig ueinig med dommaren.
26'
Kontring frå Sogndal. Fantastisk ball av Arrocha opp til Hintsa. Han finn Sjølstad og Borgthorsson ute til venstre. Islendingen avsluttar rett på keeper.
25'
Borgthorsson kjem seg ned til dødlinja, og slår ut i boksen, men ballen har vore ute før innlegget kom.
24'
Herlege detaljar frå Flataker før han blir takla. Frispark ved midtsirkelen.
21'
Skaanes slår inn mot bakerste stolpe, men det blir ein meter for nærme målet for Høyland til å treffe innlegget.
20'
Lereng har slått langt mot Myklebust fleire gonger utan å ha skapt nokre store sjansar ut av det. Det er ein tydeleg plan å satse på fysikken til kraftspissen.
17'
Flataker får ballen i boksen, og står lenge utan å finne ein lagkamerat. Ballen går til slutt ut til utspel.
14'
Hintsa er for seint inne i Nygard, og det blir frispark.
10'
Lereng slår langt mot Myklebust, og Flo kontrollerer ballen.
8'
Enorm sjanse for Flataker! Sogndal speler seg fint fram ute til venstre, og Sjølstad slår inn til Flataker. Avslutninga trillar rett utanfor stolpen.
7'
Lillevik blir pressa til å sparke ballen ut til innkast. Åsane har hatt ballen mest i innleiinga av kampen.
3'
Det ser ut som at Åsane speler med fire bak i dag.
2'
Hintsa får ein sjanse tidleg i kampen. Avsluttar på keeper, og det blir corner.
1'
Begge laga startar med å slå langt, og begge forsvara ryddar opp.
Avspark Start 1. omgang
Det er slutt mellom Egersund og Mjøndalen, og resultatet vart 3-1. Det er eit resultat som er bra for både Sogndal og Åsane.
Sogndal gjer ei endring frå kampen mot Mjøndalen. Flaten kjem inn for Eriksson på midtbana. Åsane gjer fleire endringar. Nygard kjem inn for Haugland på topp. Einarsen er suspendert, og Barmen går opp på midtbana medan Wik kjem inn som stoppar. Begge vingbackane går ut, og Haga og Sildnes kjem inn.
Ajdin Medic er hovuddommar. Han har med seg Bjørnar Drtina Bjørnstad og Steffen Nathaniel Dahl som assistentar. Abdulhadi Al-Fahad er fjerdedommar.
I førre runde spelte Sogndal 0-0 borte mot Mjøndalen. Det resultatet sikra dei truleg mot direkte nedrykk, og gir dei litt mindre press inn i sesongavslutninga. Åsane tapte 1-2 heime mot Ranheim, og dei kjenner verkeleg på at dei treng ein siger. Laga vil ha like mange poeng, dersom det blir bortesiger.
Tabellsituasjonen gjer at det er meir enn berre stoltheita som står på spel i kampen. Med tre rundar att, er det slik at begge lag framleis kan rykka ned. Sogndal har 31 poeng, og det er fem poeng ned til kvalifiseringsplassen, og seks poeng ned til direkte nedrykk. Åsane har 28 poeng, og ligg berre to poeng over 14. plassen. Det blir altså ein kamp som er skummel å tape for begge klubbane.
Det er ikkje berre Eirik Bakke som har ei tilknytting til begge laga i dag. Også Sogndaltrenar Morten Kalvenes har vore i Åsane tidlegare. Han var Kjetil Knutsen sin assist før Knutsen gjekk til Glimt, og Kalvenes vart også seinare med nordover. Midtstoppar Eirik Lereng var eit ungt og lovande talent i Sogndal under Eirik Bakke, og forlot klubben etter 2022. No er Bakke og Lereng gjenforent i Åsane. Steffen Lie Skålevik har også vore på utlån i Sogndal i 2021. I tillegg var imponerte Sebastian Haugland på prøvespel i Sogndal i vinter utan å få kontrakt i Saftbygda. Åsane gav han sjansen i sommar, og spissen har levert bra. No får han sjansen til å vise at Sogndal burde ha satsa på han.
Det er ingen tvil om at dette blir ein veldig spesiell kamp. Eirik Bakke, ein av dei største profilane som har vore i Sogndal, skal stå ved benken til bortelaget, og leie eit lag mot sitt kjære Sogndal. Bakke hadde mange år som spelar i Sogndal på 90-talet før han tok nokre nye år i Sogndal på slutten av spelarkarriera. Fram til Edmund Baidoo vart seld til RB Salzburg i sommar, var han det dyraste salet Sogndal nokon gong har gjennomført. Som trenar vart han minst like stor i Sogndal. Det vart opprykk i debutåret som trenar i 2015, og han leia laget i heile sju sesongar før han forlot klubben i slutten av 2021. No skal han for første gong tilbake på Fosshaugane som trenar sidan den gongen.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Åsane i OBOS-ligaen!