TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Gult kort
Gult kort
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+4'
Mål!
0-1
EIK tek alle tre poenga rett før slutt! Ei kontring endar med at Daddys Boy får ballen på ope mål, og han kan enkelt sette den inn. Dette var tre viktige poeng for EIK, og sesongen til Sogndal er over.
Mål av Franklin Nyenetue (0-1)
Målgivende av Nicolaj Tornvig
90+3'
Skaanes avsluttar frå distanse. Avslutninga er hard, men Hermansen har kontroll.
90+3'
Offside
EIK prøver å kontre, men klarar ikkje å gjere nok ut av den situasjonen.
90+2'
Det begynner plutseleg å regne voldsomt på Fosshaugane! No er det kaldt og vått, men ingen tenker på det med tanke på kor mykje det er som står på spel.
90+2'
Innlegg frå Vapne. Hintsa klarar ikkje å få til ei god avslutning. Tida renn ut for Sogndal no.
90+1'
Asp forsøker seg på nytt frå cirka 18 meter. Denne er meir ufarleg, og Hermansen har god kontroll.
90'
Svakt forsøk frå Taddese åleine mot Jendal. Der kunne han avgjort kampen! Det kokar godt no!
90'
Sogndal satsar alt dei har no, og det gjer at det kan bli farleg den andre vegen også.
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
90'
Frispark
Slår langt. Brukar god tid før han tek frisparket.
89'
Sjanse for EIK no! Nok ei fin redning for Jendal. Dette kjem etter at Sogndal nesten rotar det til for seg sjølv. Der kunne EIK stjelt med seg alle tre poenga rett før slutt.
88'
Frispark
Slår langt.
88'
Asp prøver seg frå 18 meter! Hermansen reddar først, men må plukke opp eigen retur før den går over linja. Skummelt for Hermansen, men han klarar å redde seg inn.
86'
Pimenta er veldig frustrert over kor lang tid Egersund brukar på å gjennomføre byta sine.
86'
Spillerbytte
86'
Spillerbytte
85'
Pedersen har ei avslutning utanfor målet rett før byta. Det kjem etter ein periode der Sogndal har hatt ballen mykje. Det er dei som jaktar scoring no.
84'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
82'
Bras finn Hintsa i boksen, men spissen må kaste seg fram for å få tak i ballen. Då klarar han ikkje å då den mot målet.
79'
Offside
Fleire skumle innlegg for EIK. Det blir stoppa av at Kapskarmo står i offside.
78'
Hjørnespark
Ballen går rett i armane til Hermansen.
78'
Hintsa skaffar ein corner.
77'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
76'
Gult kort
Brukar armane til å stoppe Hintsa på veg framover i bana.
75'
Spillerbytte
74'
Spillerbytte
74'
Hjørnespark
Ny kort variant. Endar med innkast for Sogndal.
74'
Hjørnespark
Kort variant. Blir ny corner.
71'
Frispark
Slår langt.
70'
Spillerbytte
69'
Hjørnespark
Jönsson stangar ballen vekk!
69'
Corner for Sogndal etter eit innlegg for Bras.
69'
Frispark
Innlegget blir heada vekk frå Mæland.
68'
Sogndal får frispark i god posisjon for innlegg.
68'
God sjanse for Pedersen! Eit innlegg frå Skaanes treff spissen, og Hermansen kastar seg så langt han kjem for å redde. Det klarar han fint, og det er framleis 0-0. Sogndal har overtaket no!
67'
Hagen prøver seg på volley frå distanse. Forsøket blir blokkert, men Sogndal prøver å få opp tempoet i kampen.
66'
Sleveland med ei svak avslutning frå distanse. Ballen trillar inn til Jendal, som har full kontroll.
65'
Hermansen får beskjed om å ikkje bruke lang tid på utsparka sine. Dette frustrerer Sogndal, som ønskjer scoring.
64'
Bras avsluttar frå distanse. Dårleg forsøk, og ballen går langt over målet.
64'
Spillerbytte
63'
Bras speler gjennom Hintsa, som avsluttar frå spiss vinkel! Ballen snik seg like utanfor! Mange sjansar på kort tid etter pause.
62'
Bras plukkar opp ballen etter eit innlegg. Han prøver å skru den i lengste, og ballen går like utanfor! Me nærmar oss scoring på Fosshaugane med denne utviklinga i kampen!
60'
Dobbeltsjanse for EIK! Sauer prøver seg først, men Jendal viser fram ei god redning. Returen blir sett rett i stolpen. Sjansane kjem etter ei forferdeleg pasning frå Flo, som Kleppa snappar opp. Veldig nærme 0-1 på Fosshaugane!
55'
Hjørnespark
Kort variant. Vapne sparkar vekk innleggsforsøket.
55'
Frispark
Ballen går rett i muren, og ut til corner.
54'
EIK får frispark i god posisjon. Både Pimenta og Barata forstår ingenting på sidelinja, og meiner at taklinga til Høyland var rein. Høyland får tilsnakk.
53'
Frispark
Frispark inne i eigen boks. Vil spele seg ut bakfrå, og slår ikkje langt.
53'
Ny sjanse! Denne gangen er det bortelaget. Jendal reddar ein ball, men den landar i farleg området. Returen går over målet, men det er det farlegaste EIK har skapt i denne kampen. Plutseleg vart det liv!
51'
Hjørnespark
Kampens første sjanse! Etter corneren prøver Sogndal seg på eit innlegg. Der er kaptein Flo på bakerste stolpe, og headar mot målet. Hermansen er kjapt nede, og stoppar ballen.
50'
Hintsa jobbar hardt i presspelet, og vinn ein corner.
50'
Skaanes kan finne Hintsa i bakrom, men vil heller holde på ballen. Det endar med at Sogndal til slutt mistar den. Hintsa i bakrom kunne vore akkurat det som skapte liv i denne kampen.
47'
Hagen viser seg fram med ein gang, og avsluttar frå distanse. Ballen går rett på Hermansen.
46'
Sogndal har gjort ei endring på midtbana, og den andre omgangen har starta.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
0-0 til pause etter ein omgang med mange ufarlege avslutningar. Kampen er jamnspelt, og begge laga bør prøve å løfte seg dersom dei skal ha tre poeng.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
EIK prøver å kontre, men Sogndal får kontroll før dei kjem fram til boksen.
45'
Hjørnespark
Kort variant. Rotar vekk ballen.
45'
God blokkering frå EIK etter eit forsøk frå Hintsa! Corner til Sogndal.
43'
Hjørnespark
Skaanes prøver å finne nokon i boksen, men innlegget er upresist, og ballen går langt bak målet.
43'
Corner til Sogndal etter eit innleggsforsøk frå Flaten.
42'
Flo kastar kroppen sin fram for å stoppe Sauer. Såg ut som eit soleklart frispark, men dommaren let det gå. Kunne blitt både frispark og gult kort.
41'
Håheim-Elveseter får ballen åleine på bakerste stolpe. Han sikter i motsett hjørne, men får ikkje nok skru på ballen, og den går utanfor.
36'
Håheim-Elveseter har sett bra ut for Egersund. Mange fine detaljar, og har vore involvert i mykje av det EIK skapar.
35'
Bras blokkerer ei avslutning frå Elveseter som kunne blitt farleg. Innkast for bortelaget.
31'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
31'
Gult kort
Stoppar ei kontring. Kynisk, og gult kort, men EIK kan gå tilbake med alle spelarane sine.
31'
Det har framleis ikkje vore nokre enorme sjansar i kampen. Det er to jamne lag som nøytraliserer kvarandre bra, og avslutningane er ofte ufarlege.
30'
Hjørnespark
Kort variant. Vatne prøver seg frå distanse, men ballen går ein meter utanfor målet.
29'
Ei avslutning frå kaptein Sleveland går ut til corner.
28'
Vatne kjem seg inn i boksen, og avsluttar. Ballen treff nærmaste motspelar, og går ut av farleg område.
27'
Frispark
Slår ballen kort.
27'
Pedersen står heilt åleine mot EIK sitt forsvar. Han endar opp med å lage frispark når han prøver å gi frå seg ballen.
26'
Sauer prøver seg frå distanse. Ballen går eit par meter over målet, og blir ufarleg for Jendal.
25'
Hjørnespark
Kort variant. Sogndal vinn duellen i boksen når innlegget kjem til slutt.
25'
Corner til bortelaget!
24'
Hintsa finn Pedersen i ein god posisjon, men han sklir når han skal avslutte. Ballen trillar inn til Hermansen. Dette kunne blitt ein stor sjanse om Pedersen klarte å holde seg oppe på beina.
22'
Frispark
Pimenta tek seg ein taktisk prat med høgresida si før Høyland slår frisparket ned til Flo.
22'
Flo går i bakken, og får frispark omtrent midt på bana.
18'
Bras leverer eit strålande innlegg mot Pedersen, men spissen får ikkje eit reint treff på ballen med hovudet. Ballen går utanfor målet, og det blir utspark.
16'
Det har ikkje vore nokre store sjansar i løpet av det første kvarteret i kampen. Alle avslutningar har vore relativt ufarlege.
14'
Hjørnespark
Ballen blir skrudd bak linja før den går inn i boksen. Utspark for keeper.
13'
Ei svak avslutning frå Vapne går ut til corner.
13'
Frispark
Slår ei kort pasning til Granheim.
13'
Hjørnespark
Jendal er ute etter ballen, og får frispark.
12'
Sauer vinn ein corner for bortelaget.
11'
Vapne leitar etter Pedersen i bakrom. Ballen er litt for lang, og landar inne hos Hermansen.
8'
Skaanes klarar å finne Pedersen i boksen, men headinga er svak, og går rett på Hermansen. Enkel jobb for keeperen til bortelaget.
6'
Sleveland prøver seg på volley frå distanse etter eit innlegg. Brukbar avslutning, men Jendal har god kontroll over ballen.
5'
Sauer får den første avslutninga i kampen. Han avslutter med den sterke venstrefoten sin, men ballen går langt utanfor målet til Jendal.
4'
Ingen oppsiktsvekkande hendingar i løpet av dei tre første minutta. Begge laga har kjent på ballen.
1'
Pedersen tek avspark, og kampen har starta!
Avspark Start 1. omgang
Juniorsvingen har gjennomført runda si rundt midtsirkelen, og laga er på veg inn på bana. Straks avspark på Fosshaugane!
Lagoppstillingane er klare, og Sogndal gjer tre endringar frå kampen mot Raufoss på onsdag. Diogo Bras er tilbake på høgreback etter å ha fått ein smell i ansiktet mot Start. Kaptein Per-Egil Flo kjem inn for Holten på stopparplass. På midtbana har Pippola kome inn for Hagen. Egersund gjer to endringar. Davis kjem inn på stopparplass, og Taddese kjem inn på midtbana.
Anders Bodding er hovuddommar i dagens kamp. Kristian Solvang Johannessen og Edvard Helgerud er assistentdommarar. Petja Cink er fjerdedommar, og skal stå mellom Pimenta og Eide.
Egersund har aldri slått Sogndal før, så dei må prøve å knekke ein kode dei ikkje har klart så langt viss det skal bli tre poeng. Sidan opprykket har dei spelt mot kvarandre tre gangar. Begge kampane som har blitt spelt i Egersund har enda med 0-2, og tre poeng til Sogndal. Oppgjeret på Fosshaugane i fjor, enda med 2-2.
Førre runde vart spelt på Sogndal, og det vart ein opptur for begge lag. Sogndal vann sin første kamp på lenge etter seks kampar utan siger. Dei slo Raufoss 3-1 på bortebane. Egersund måtte vente lenge på scoringar heime mot Moss, men dei fekk både 1-0 og 2-0 rett før slutt. Egersund er inne i ein veldig god periode, og har ein målforskjell på 12-0 dei siste fire kampane.
Både Sogndal og Egersund kjempar om ein plass innafor topp 6, men det må seiast at Egersund er den med best utgangspunkt av dei to. Dei ligg på 5. plass før denne kampen med 45 poeng, og Sogndal ligg på 8. plass med 40 poeng. Mellom dei ligg Lyn og Ranheim med 44 og 42 poeng. Om Egersund slår Sogndal, vil altså laget frå Saftbygda i stor grad vere hekta av kampen om topp 6. Egersund har fem poeng opp til Kongsvinger på 2. plass, og kan i teorien fortsatt kjempe om direkte opprykk dersom dei har ei god avslutning på sesongen.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Egersund i OBOS-ligaen! Det er berre tre rundar igjen, alt skal avgjerast i løpet av dei neste kampane!