Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Sogndal kjempar seg til tre poeng mot Hødd! Sogningane dominerer før pause, og får to scoringar med Vapne og Pedersen. Då skal det i utgangspunktet vere avgjort, men Hødd slår tilbake etter pause. Dei tek tak i kampen, og styrer dei siste 45 minutta og tilleggstida. Haugland går i bakrom, og får ei redusering etter litt over ein time, og då er det liv i kampen. Sogndal skapar ingenting etterpå, og Hødd jaktar utlikning. Dei har fleire gode sjansar, men Sogndal står imot, og klarar å holde leiinga heilt fram til dommar Hauge bles av kampen. Då tek Sogndal sin første siger på fem kampar, og melder seg på igjen i kampen om kvalifisering!
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Sogndal stangar vekk alle ballane Hødd sender inn i feltet.
90+4'
Ny corner til Hødd!
90+3'
Haruna headar vekk dei innlegga som Hødd prøver på no. Sogndal ligg lågt i 5-4-1.
90'
Det er lagt til 6 minutter overtid.
90'
Corner til Hødd! Skal dei klare det?
90'
Hagen avsluttar frå distanse. Der hadde han fleire meg seg, og det hadde kanskje vore betre å bruke ein av dei.
88'
Bras skaffar eit frispark i duell mot Holte. Då kan Sogndal roe ned spelet etter ein hektisk periode.
86'
Jendal kjem med ei ny viktig redning! Hødd pressar på for utlikning.
83'
Nesten utlikning! Haugland fyrer av i metallet, og det blir corner til Hødd. No er dei nærme 2-2.
80'
Robertsen prøver seg på eit innlegg, men det er upresist, og går langt over alle i feltet.
78'
Pedersen prøver seg på ei akrobatisk avslutning i boksen, men den blir blokkert. Bras prøver deretter seg frå distanse, og det blir også blokkert.
76'
Håheim-Elveseter prøver å avslutte i fart, men det blir for vanskeleg. Ballen sklir av foten, og går langt utanfor målet.
75'
Mulac får seg ein smell, og dommaren signaliserer at han treng behandling. Det ser ut som at han har fått ein smell i nasen, men han er aldri i fare for å måtte gi seg. Han gløymer at han må ut av bana etter behandling, og det tek litt tid før Hauge vil starte spelet att.
74'
"Gløym resultatet! Me går for scoringa!" skrik Pimenta til spelarane sine. Han vil ikkje legge seg lågt i bana.
73'
Asp blir dratt ned i boksen, og Hauge viser at det ikkje er straffe. Sogndal forstår ingenting. Hødd får frispark to sekund etterpå, og det er det mykje frustrasjon.
70'
Kallevåg ser at Sjølstad blir irritert etter eit par småspark, og prøver å terge han endå meir. Hauge gir beskjed til begge om å roe seg ned.
66'
Hødd får frispark i god posisjon.
64'
Sogndal har hatt mange nedturar på heimebane i år. Skal det ryke nok ein gong til tross for ein sterk prestasjon før pause?
64'
Sogndal får frispark i god posisjon for innlegg.
59'
Nytt forsøk frå Håheim-Elveseter. Nok ein gong reddar Jendal. Hødd er betre enn Sogndal akkurat no.
58'
Håheim-Elveseter får ein brukbar sjanse når han prøver å skyte hardt mot nærmaste stolpe. Jendal er kjapt nede, og reddar ballen. Dette er det nærmaste Hødd har vore scoring so langt i kampen. Bortelaget har hatt ein god periode etter pause.
56'
Pimenta ropar på Preben Asp som er i oppvarming.
56'
Hødd heng betre med i starten av denne omgangen, og klarar oftare å stoppe Sogndal når dei prøver å spele seg fram, men dei manglar framleis dei store sjansane.
51'
Blikstad står framleis høgt i bana ei stund etter eit langt innkast, og prøver seg på ei heading. Ballen går langt utanfor målet.
50'
Pimenta har tidlegare sagt at han må jobbe meir med kjenslene under kamp etter å ha fått fire gule kort so langt i år. Akkurat no jobbar han veldig hardt, og er ikkje nøgd med det dommar Hauge leverer.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal har ei fortjent leiing etter å ha dominert før pause. Kampprogrammet er tett akkurat no, og det kan vere noko av grunnen til at Hødd ikkje klarar å henge med. Både Skaanes og Sturgeon viser at dei har levert på eit mykje høgare nivå enn dette tidlegare. Hødd treng ei tidleg scoring etter pause dersom dei skal ha håp om poeng i dag.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45'
Dobbeltsjanse til Sogndal på overtid! Sjølstad dreg seg inn i boksen, og avsluttar rett i Ulla. Returen til Pedersen blir også stoppa av keeperen. 3-0 rett før pause hadde vore tungt for Hødd.
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
42'
Pedersen doblar for Sogndal! Nok ein gong er det Skaanes som får assist når Sogndal scorar. Skaanes får ballen til venstre i boksen, og legg den igjen til Pedersen som avsluttar kjapt. Han treff ballen perfekt, og den skrur seg inn bak Ulla. Pedersen leverer strålande med både Asp og Hintsa på benken.
42'
Sjølstad slår eit hardt innlegg inn i boksen, og det går rett i hendene til Ulla. Kampen har roa seg litt ned dei siste minutta.
37'
Sjølstad stormar inn i boksen, men blir stoppa før det blir farleg. Heimelaget kjem seg ofte i farlege posisjonar.
35'
Sogndal forsøker seg på mange innlegg, og det er stort sett Pedersen som er mottakar. Nok ein gang headar han ein ball utanfor målet.
34'
Urnes slår eit innlegg rett i metallet! Der er det ikkje sikkert at Jendal har kontroll. Kunne blitt 1-1 heilt ut av ingenting.
33'
Sogndal headar ballen fram og tilbake før Pedersen prøver å avslutte. Headinga hans går rett på Ulla.
32'
Flaten vender 180 grader, og forsøker seg frå 16 meter. Ballen går rett i armane til Ulla.
30'
Nesten for Pedersen! Sturgeon finn Bras på overlap, som ser at spissen står umarkert i boksen. Headinga er ikkje presis nok, og den går over målet.
30'
Jendal boksar ut eit farleg innlegg frå Robertsen.
28'
Ny sjanse for Sogndal! Sturgeon snik seg inn i boksen, og headar knallhardt utanfor målet. Sogndal jaktar fleire scoringar mot Hødd, som slit akkurat no.
24'
Stor sjanse for Skaanes! Han skrur ballen mot lengste stolpe, men ballen treff stolpen, og ikkje innafor den. Nesten 1-0 til Sogndal.
23'
Nok ein gang blir Hauge upopulær når han dømme frispark til Hødd under Sogndal sitt angrep.
21'
Bra kombinasjonsspel frå Sogndal endar med corner. Bras slår eit hardt innlegg, som blir sparka vekk.
20'
Bra driv av Skaanes på midtbana før Bras får ballen. Innlegget hans blir stussa ut til innkast.
18'
Granheim stoppar eit angrep frå Visted, og det blir corner.
16'
Pedersen headar utanfor målet, og får corner. Fint innlegg av Hagen først.
16'
Mulac headar ballen tilbake til Ulla, og sender Sturgeon i bakken samtidig. Mulac sender portugisaren eit par ufine glosar medan han ligg nede. Begge er kjapt tilbake i spelet, og det blir ikkje noko meir av den situasjonen.
14'
Bras får ballen utanfor boksen. Han brukar i utgangspunktet høgrefoten mest, men prøver seg med venstre no. Ballen skrur seg ein meter utanfor målet til Ulla.
14'
Robertsen prøver eit innlegg mot gamleklubben sin. Det blir stoppa av Flo og Jendal.
13'
Regnveret fører til at spelarane slit med underlaget i dag. Fleire har gått i bakken når dei prøver å vende, og mange pasningar blir slått for hardt.
10'
Sturgeon får kampens første avslutning. Det er eit svakt forsøkt med hovudet, som går langt utanfor målet. Pedersen prøver å halde ballen i spel, men assistentdommaren viser at den har vore ute før han får tak i den.
6'
Urnes ryddar opp på midtbana når Vapne prøver å finne Hagen. Det har regna mykje i Sogndal i dag, og det merkast på sklitaklinga til Urnes.
5'
Pedersen slår i bakrom mot Sturgeon. Ulla les den pasninga, og tek den før Sturgeon kjem fram.
4'
Mikhail slår ballen til Kallevåg i feltet. Kapteinen bommar på ballen, og den går ut til utspel for keeper.
1'
Sogndal prøver å gå rett i angrep frå avspark, men Høddkaptein Kallevåg ryddar opp.
Avspark Start 1. omgang
Både Luis Pimenta og Marius Bøe har gjennomført intervjua sine på stadionpuben Skraol før kampen. Begge blir møtt av applaus frå sogningane. Bøe er framleis ei stor stjerne i Sogndal etter tida han hadde i klubben.
Lagoppstillingane er klare, og Sogndal gjer tre endringar på laget. Sturgeon kjem inn for Nundal på topp. Flaten er tilbake på midtbana, og Steinset er tilbake på benken. Bras kjem inn for Onyango på høgreback. Sjølstad får lov til å starte kampen sjølv om han ifølge TV2 skal vere klar for danske Randers frå 1. januar, noko som er spesielt med tanke på at Hintsa framleis er på benken. Hødd gjer også fleire endringar. Fosnæss Hanssen er tilbake på stopparplass. Lenger framme i bana er Haugland og Skotheim tilbake.
Det store spørsmålet før dagens kamp er om Martin Sjølstad kjem til å spele. TV2 meldte i går at han har signert ei kontrakt med danske Randers, og er klar for dei frå 1. januar når kontrakta hans i Sogndal går ut. Sogndal har tidlegare i år benka både Flataker og Hintsa på grunn av at dei ikkje vil skrive ny kontrakt med klubben. Etter fleire år der agentane har hatt god kontroll over spelarlogistikken, vil Sogndal no prøve å slå tilbake ved å vise spelarar kva som skjer dersom dei ikkje signerer ny kontrakt slik at Sogndal sjølv kan sitje att med overgangssummen, og ikkje berre agentane. No er dei inne i ein vanskeleg situasjon med Sjølstad, og det blir spennande å sjå om han også får same behandling som Flataker og Hintsa.
Steinar Hauge er hovuddommar i dagens kamp. Kim Minh Nguyen og Torje Andreassen er assistentdommarar. Jakob Søgnen er fjerdedommar, og skal stå mellom trenarbenkane i det som blir Pimenta sin første kamp tilbake frå karantene.
Sogndal har eit historisk overtak over Hødd, og har eit overtak over dei på både heime- og bortebane. Det som er litt spesielt, er at på åtte kampar på Fosshaugane, har Sogndal vunne fire kampar, og dei fire andre har enda med uavgjort. Hødd klarar altså relativt ofte å ta med seg poeng frå Fosshaugane sjølv om dei ikkje har vunne der.
Sogndal er ikkje inne i ein god periode no, og har ikkje vunne ein kamp sidan dei møtte Skeid på bortebane i midten av juni. Dei har spelt fem kampar sidan det. I tillegg har dei heller ikkje vunne på heimebane sidan 16. mai mot Åsane. Sogndal må altså snart begynne å ta poeng viss dei skal henge med i toppen. Hødd har hatt ein brukbar første halvdel av sesongen i returen til OBOS-ligaen. Etter 16 kampar har både dei og Sogndal 22 poeng. Det nyopprykka laget har vist at dei kan ta poeng mot kven som helst etter å ha slått blant anna Start, og dei har spelt uavgjort mot Lillestrøm. Både Sogndal og Hødd ligg eitt poeng bak den første kvaliferingsplassen, så dei kan potensielt kome seg inn i topp seks med siger i dag, og ved at resultata i dei andre kampane går deira veg.
Marius Bøe er tilbake på Fosshaugane for første gang som hovudtrenar for eit anna lag sidan han reiste frå Sogndal etter 2021. Han var sett på som ein kandidat til å ta over klubben både då Eirik Bakke reiste og då Tore André Flo reiste, men han vart aldri den utvalde kandidaten til å bli ny hovudtrenar i Sogndal. I det første møtet med Sogndal tidlegare i år, viste sogningen at han ikkje nødvendigvis trenar eit dårlegare lag enn Sogndal då Hødd slo dei 2-1 på heimebane. Skal Marius Bøe klare å ta seks poeng mot gamleklubben i år?
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Hødd i OBOS-ligaen!