Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Sogndal sikrar eitt poeng på overtid! Det vart ein jamn kamp mellom to gode lag på Fosshaugane, og det er tydeleg at det var mykje som stod på spel. Det var få store sjansar før pause, men Haren slår eit strålande frispark som gir bortelaget leiinga rett før pause. Det er lenge ein open kamp, men det ser ut som at det skal vere avgjort når Vinjor set inn 0-2 etter 77 minutt. Det blir 8 minutt med tilleggstid, og då skjer det mykje. KIL har då berre 10 spelarar etter Arendrup Nielsen sitt raude kort, og Sogndal skapar eit trykk. Asp set inn ei redusering tidleg i overtida, og då blir bortelaget nervøse. Etter 96 minutt får Sogndal ein corner, som dei utnyttar bra. Vapne slår eit bra innlegg som veteranen Flo stangar inn til 2-2! Det vil seie at Kongsvinger ikkje kjem seg inn på topp 2 i dag sjølv om det lenge såg slik ut. Sogndal heng framleis med i kampen om topp 6, og opprykkskampen er på ingen måte avgjort i OBOS-ligaen!
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+8'
Ny corner til Sogndal!
90+6'
Sogndal i stolpen!
90+6'
Nytt innlegg frå Sogndal. KIL blokkerer headinga på bakerste stolpe.
90+5'
Pedersen får ein sjanse langt inne i overtida! Bras slår eit bra innlegg, og spissen kjem først på ballen. Headinga er hard, men går rett på keeper.
90+4'
Sogndal prøver seg på eit par innlegg. KIL gir ikkje mykje rom frå seg i eige felt.
90+3'
Sogndal jaktar utlikning medan KIL prøver å vere smarte kvar gang dei får tak i ballen.
90'
Det er lagt til 8 minutter overtid.
90'
Sogndal får ein corner etter eit innlegg frå Bras.
89'
KIL prøver seg på ei kontring, men Dybevik blir ivrig når han skal slå pasninga ut til høgre. Ballen går ut til innkast.
87'
Der skulle KIL hatt ein corner, men det blir dømt utspark for keeper.
86'
Vapne får ballen rett utanfor boksen, men avslutninga er alt for høg.
83'
Bras får ballen på 20 meter, men ballen sklir av foten, og går langt utanfor målet.
82'
Det er mykje sjølvtillit i det Sogndal forsøker på no. Kongsvinger vinn dei fleste avgjerande duellane.
80'
KIL vinn eit frispark når Sogndal prøver å etablere eit trykk. Då kan dei roe ned spelet.
69'
Mbow fyrer av frå distanse. Han treff eigen spelar, og ballen går derfor ikkje mot målet.
66'
KIL speler seg inn i boksen, og ballen blir lagt igjen til Dybevik. Han er i god avslutningsposisjon, men ballen går over målet til Sætren. God kontring av KIL.
64'
Langrekken får seg ein smell i ansiktet etter ein duell. Ingen frispark, men dommaren må stoppe spelet. Spissen kjem seg opp utan vidare behandling.
61'
Sogndal prøver på eit par innlegg, men klarar ikjke å kome til avslutningar. Får til slutt frispark i god posisjon for innlegg.
59'
Arendrup Nielsen sparkar vekk ballen når det er frispark. Folk vil at han skal ha sitt andre gule kort der, men det slepp han.
57'
Bras slår eit hardt innlegg mot Pedersen, men ballen går ein halv meter for høgt for spissen.
56'
Optimistisk pasning frå Vinjor i bakrom mot Haren. Ballen går ut til utspark.
52'
KIL vinn ein ny corner ute til venstre.
50'
KIL får frispark i god posisjon for innlegg.
50'
Sogndal slår eit farleg innlegg, og ballen landar hos Bras til slutt. Han fyrer av, men den snik seg utanfor. Han kunne fått meir ut av den situasjonen.
48'
Grundt prøver seg, men ballen blir blokkert av nærmaste mann.
46'
Hagen tek avspark, og Sogndal vinn ein corner rett frå avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
KIL går opp til 2. plass på tabellen rett før pause, og ser no at det potensielt kan bli opprykk. Det har vore ein omgang med to offensive lag, men med få store sjansar. Då er det godt for bortelaget å ha ein klassespelar som Haren som kan vise fram litt magi, og sende dei i føringa.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Granheim lagar eit frispark i farleg posisjon. Det blir det siste som skjer før pause.
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
45'
Fine detaljar frå Haren når han kjem seg forbi Flo. Innlegget landar hos Bras, og Sogndal får kontroll over situasjonen.
37'
Fine kombinasjonar for Sogndal, men Hagen klarar ikkje å slå ballen inn til Hintsa. Blir utspark for keeper.
33'
Vinjor får gå langt med ballen, og prøver å slå gjennom til Langrekken. Det blir for lite rom mellom keeper og Granheim, og Sogndal får kontroll.
33'
Hagen slår eit innlegg mot Hintsa, men Gorodovoj har god kontroll, og fangar ballen.
29'
Stor sjanse for Vinjor! Sogndal rotar det til i eige felt, og Vinjor får sjansen frå sju meter. Sætren er god på streken, og viser fram ei kjemperedning for å stoppe Kongsvinger.
28'
Hardt innlegg frå Mbow. Flo headar ut til corner.
24'
Haren går for eit innlegg langs bakken, men Granheim er den einaste som står på rett plass i boksen då.
22'
Mbow prøver seg på eit innlegg, men han viser at han ikkje speler høgreback til vanleg. Ballen går langt over målet, og ut til utspark.
20'
Mbow med ei sein takling på Skaanes. Frispark i god posisjon for innlegg.
18'
Pedersen går i bakken i ein duell med Dybevik, men får ikkje frispark. Då blir han ikkje blid, men dommaren vinkar spelet vidare.
17'
KIL får dagens første avslutning på mal. Enkel redning for Sætren, og ingen stor sjanse.
16'
KIL prøver å kome seg inn i boksen til Sogndal, men forsvaret til Sogndal står godt plassert, og klarar å dekke rommet i feltet.
15'
Skaanes slår ei skummel pasning mot eigen keeper som Haren nesten snappar opp. Sætren er akkurat kjapt nok ute til å klarere ballen opp til pressefeltet på tribuna.
12'
Sogndal har god kontroll over kampen, men det har ikkje vore nokre enorme sjansar. Sogndal prøver å slå i bakrom, og KIL har ofte kontroll.
8'
Pippola får frispark midt i bana etter ein tøff duell.
7'
Sogndal prøver å kome seg forbu Mbow ute til venstre, men høgrebacken klarar akkurat å redde seg inn før det blir farleg.
5'
Pippola prøver seg på ein ball i bakrom mot Skaanes, men pasninga til finnen blir for hard.
3'
Bras dreg seg fint fram ute til høgre, og slår inn til Skaanes. Han avsluttar høgt, og ballen går langt over målet.
2'
Det første minuttet består av mykje kriging om ballen, og ingen av laga har fått seg eit overtak.
1'
KIL tek avspark, og kampen har starta.
Avspark Start 1. omgang
Lagoppstillingane er klare, og det er fleire store endringar på laget til Sogndal. Jendal er ute, og Sætren kjem inn som keeper. Sjølstad er ute, og det har ført til fleire endringar på laget. Flaten går ned som back, og Hagen tek plassen hans på midten. Holten har reist til U20-VM, og Høyland er tilbake. Granheim går då ned til forsvaret, og Høyland går inn på midtbana. Vapne blir også benka for første gang i år i ligaen, og Pippola tek plassen hans. På benken kan ein sjå at Marius Årøy er tilbake i ein kamptropp i OBOS-ligaen for første gang etter kreftdiagnosen hans tidlegare i år. I tillegg kan ein sjå at Tore André Flo sin son, Elias Flo, er med i kamptroppen. KIL gjer også eit par endringar. Mbow kjem inn for Nilsson på høgreback. Martin Vinjor kjem inn på kanten for Christiansen.
Herman Skurdal Holthe er hovuddommar i kampen. Han har med seg Ole Johnny Løfald og Johannes Remøy som assistentar. Anders Husøy er fjerdedommar.
Det blir ofte lange turar for laga som speler bortekamp mot Sogndal. Og det vart eit problem for Kongsvinger då det viste seg at det ikkje gjekk an å få tak i nok flybillettar til Sogndal. Det har dei løyst ved at spelartroppen reiser med fly medan støtteapparatet reiser med bil over fjellet. Andreas Dybevik og Jesper Grundt har fått tillit til å ha ansvar for reisa til spelargruppa. Så blir det spennande å sjå om spelargruppa har klart å kome seg til Sogndal med optimal kampform til tross for at dei reiser åleine.
Sogndal fekk det tøft borte mot Lyn i førre runde. Dei tok leiinga etter ei scoring frå Pedersen, men Lyn snudde kampen, og vann 2-1. Kongsvinger fekk ein stor opptur heime mot Egersund då Flores satt inn 2-1 langt inne i overtida, og dei sikra tre viktige poeng i opprykkskampen.
Det har vore jamne kampar mellom laga sidan opprykket til KIL i 2021. På dei sju seriekampane der har spelt mot kvarandre sidan då, har Sogndal tre sigrar, KIL har to sigrar, og dei har spelt uavgjort to gangar. Me får sjå to lag som er veldig avhengige av å ta tre poeng, så det kan fort bli ein innhaldsrik kamp på Fosshaugane.
Desse laga har allereie møtt kvarandre to gonger i løpet av sesongen. Dei møtte kvarandre først i cupen i mai. Den kampen enda heile 3-3, og det måtte avgjerast med straffekonk. Då var det KIL som til slutt tok seg vidare. Det vart også målrikt då dei møtte kvarandre på Gjemselund i juni. Då leia heimelaget heile 3-0 til pause, og kampen enda 4-2.
Det nærmar seg sesongslutt, og det er berre sju rundar att av sesongen. Det betyr at me er inne i ein periode der det kan kjennast som at kampane betyr litt meir sjølv om det berre er tre poeng som står på spel i alle kampar i løpet av ein sesong. Kampen på Fosshaugane er ein slik kamp. Både Sogndal og Kongsvinger har mykje som står på spel i sesonginnspurten. Sogndal kjempar for å kome seg inn i topp 6 på tabellen, og har framleis ei slags moglegheit til å rykke opp. Kongsvinger har for alvor meldt seg på i kampen om 2. plass, og ligg berre eitt poeng bak Start som tapte mot Egersund på laurdag. Kongsvinger vil altså gå opp til opprykksplass dersom dei slår Sogndal!
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Kongsvinger i OBOS-ligaen!



