Oppsummering
Det blir til slutt 2-0, og Sogndal sit att med alle tre poenga. Det var ein roleg start på kampen før Eriksson heada inn 1-0 etter eit strålande innlegg av Baidoo. Etter det var det fleire sjansar begge vegar. Etter pause jakta KIL utlikning, men dei mista alt håp då Baidoo kontra inn 2-0 frå eiga banehalvdel. Fleire scoringar vart det ikkje, og Sogndal tek sommarferie med ei god kjensle.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+5'
Mbow prøver seg frå 40 meter. Går ein meter utanfor målet.
90+2'
Moberg prøver seg frå distanse. Snik seg utanfor stolpen.
90+1'
Borgthorsson vil seg seg fram. Han tek nokre overstegsfinter inne i boksen, og avsluttar over målet.
90'
Det er lagt til 6 minutter overtid.
90'
Sogndal prøver seg på ei kontring, men Mbow har stor nok fart til å hente inn Skaanes.
87'
Det kjem eit innlegg mot Moberg, men headinga er så langt ute at det er vanskeleg å få den mot mål-
82'
Corner til Sogndal, men keeper Jendal set seg ned, og treng behandling.
81'
No ser bortelaget ganske ferdige ut. Dei føler nok at dei har mista sjansen sin.
77'
Dette var ein tung smell for KIL, som kom stadig nærmare ei utlikning. No er det mykje som skal til for at dei får poeng.
74'
Det er lenge sidan Sogndal har gjort noko med ballen. No handlar alt om å ikkje sleppe inn.
72'
Endå ein corner for KIL.
69'
Kongsvinger får frispark langt ute til venstre.
67'
Det er Kongsvinger som har hatt ballen mest etter pause, men dei får lite rom å spele på offensivt. Sogndal står tett med korte avstandar.
65'
Arrocha får seg ein trøkk når han landar etter ein duell. Han får behandling, men vil ikkje gi seg.
60'
Skaanes skal inn for heimelaget.
59'
Sjølstad prøver å finne Nundal i boksen. Innlegget er upresist.
58'
Haren kjem nesten åleine med Jendal, men Arrocha stoppar han med ei sklitakling.
57'
Baidoo jobbar tilbake i bana, og skyt ballen ut til corner når Williams utfordrar.
55'
Haren skaffar endå ein corner.
53'
Baidoo får seg ein ny smell. Denne gongen kjem den frå Taylor.
51'
Haren skaffar bortelaget ein corner.
48'
Sogndal får to forsøk på kort tid, men begge blir blokkerte av nærmaste forsvarsspelar.
47'
Kongsvinger har allereie prøvd å slå ballen inn i boksen to gonger etter pause, men Sogndal har hatt god kontroll på begge forsøk.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-0 til pause etter scoring av Felix Eriksson. Kampen opna veldig roleg, men det har vore fleire sjansar begge vegar etter målet. Kongsvinger har framleis god tid til å snu kampen.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Haren prøver seg på volley, men sparkar ballen ut av stadion. Vanskeleg å sjå om det skulle vere innlegg eller avslutning.
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
44'
Bortelaget får lite plass i feltet kvar gong dei slår inn. Arrocha og Flo står alltid tett på Güven.
41'
Kjemperednig frå Jendal! Güven får plutseleg plass i boksen til å heade ned mot hjørnet. Jendal er kjapt nede, og gjer ein god jobb når den ballen ikkje går inn.
38'
Baidoo er inne på bana, og får stor applaus frå Fosshaugane.
37'
Baidoo haltar ut av bana med ein ispose på låret.
36'
Baidoo får seg ein kraftig smell i låret. Dommaren vinkar spelet vidare, og Flataker lagar frispark i frustrasjon rett etterpå. Baidoo får behandling før KIL kan ta frisparket sitt.
32'
Baidoo leikar seg nok ein gong ute til høgre. Han slår inn, og Strömbeg blokkerer innlegget. Nundal prøver å score på returen, men Strömberg blokkerer den også..
31'
Langrekken slår langt mot Güven, men spissen får ikkje kontakt med ballen når han skal heade den mot målet.
29'
Williams vinn eit frispark langt ute til venstre.
28'
Stor sjanse for Haren! Williams herjar ute til venstre, og han slår inn til dansken i boksen. Frå 7 meter sparkar Haren ballen over målet. Nesten utlikning med ein gong.
26'
Me får ein reprise av målet på Bislett! Baidoo dreg seg forbi backen ute til høgre, og slår inn i boksen. Der står nok ein gong Felix Eriksson, og headar ballen i mål. Str¨¨omberg er på ballen, men ballen har vore over linja før han tek den ut av målet. Dommaren ser bort på assistentdommaren for å få det bekrefta.
21'
Thorkelsson fekk seg ein smell på corneren, og får behandling utanfor bana medan spelet pågår. Stopparen er kjapt inne att på bana.
19'
KIL rotar, og Baidoo får nesten ballen på ope mål! KIL klarar akkurat å få ballen ut til corner før det blir farleg.
19'
Haren prøver å dra seg forbi Sjølstad, men backen er sterk, og skjermar ballen ut til utspark for Jendal. God defensiv start på kampen for backen som i utgangspunktet er sterkast framover i bana.
17'
Taylor prøver å slå inn mot Güven, men kaptein Flo har full kontroll.
16'
Om ein er glad i sjansar, har dette vore ein kjedeleg start på kampen. Ingen av laga tek store sjansar i spelet sitt, og det går mange pasningar bakover.
13'
Kongsvinger klarar å spele seg fram til boksen til Sogndal, men der kjempast det hardt for å få vekk ballen.
12'
Jendal prøver å slå i bakrom mot Nundal, men ballen går heilt fram til Strömberg i det andre målet.
11'
Ingen store sjansar for nokre av laga etter 10 minutt.
10'
Sjølstad får seg ein kraftig smell i ein duell med Langrekken, men han kjem seg opp att.
8'
Sjølstad forsøker seg på eit innlegg, og det blir blokkert.
7'
Det har vore lite presisjon frå begge lag dei første minutta. Mange balltap.
4'
Baidoo skaffar eit frispark i god posisjon.
4'
Langrekken prøver å dra seg framover ute til høgre. Blir stoppa av Sjølstad.
2'
Sogndal forsøker å slå ut til høgre mot Baidoo, men kantspelaren får ikkje kontroll over ballen.
Avspark Start 1. omgang
Saftkokaradn held opp eit banner for å hylle Andreas Hoven. "Alltid ein av oss" er den siste meldinga han får frå supporterane før han reiser frå klubben.
Begge laga gjer kvart sitt byte frå førre kamp. Nundal kjem inn på topp for Hintsa for Sogndal, og Güven kjem inn på topp for Holtan for Kongsvinger. Güven står med 99 mål i OBOS-ligaen, og får sjansen til å få mål nummer 100 i dag!
Mischa Kellerhals er hovuddommar i dag. Ruben Haugland og Amang Kanyi er assistentdommarar. Sondre Brudvik er fjerdedommar.
Dette blir den siste kampen til laga før dei tek sommarferie. Det betyr også at overgangsvindauget nærmar seg, og det er mykje som tyder på at dette kan bli den siste kampen til Andreas Hoven for Sogndal. Både Sogn Avis og Budstikka skriv at høgrebacken kan vere på veg til Stabæk. Hoven signerte for Sogndal i 2019, og der den spelaren som har vore i Sogndal lengst av dei som er her no. Han har kanskje vore den viktigaste spelaren til Tore André Flo dei siste par åra, og er godt likt blant supporterane i bygda.
Til tross for at Kongsvinger ligg i toppen, kjem dei ikkje inn til denne kampen i veldig god form. I førre runde tapte dei heile 0-5 mot Åsane som kjempar i botn av tabellen. I kampen før det, spelte dei 4-4 mot Aalesund, som også kjempar i botn av tabellen. Sogndal er også inne i ein dårleg periode, men klarte å kjempe seg til 3 poeng på Bislett då stillinga vart 1-2 etter scoringar av Eriksson og Baidoo.
Etter 13 kampar ligg Kongsvinger heilt i toppen av OBOS-ligaen med 25 poeng. Etter opprykket i 2021, har Kongsvinger vore eitt av dei seks beste laga kvart år, og dette kan fort bli det året der dei tek steget opp, og kjempar heilt i toppen av tabellen. Men då er det viktig at dei slår lag som Sogndal! Dei ligg på 6. plass med fem færre poeng enn Kongsvinger. Med heimesiger vil Sogndal melde seg på at i opprykkskampen, men det kan fort bli langt opp til toppen om dei tapar i dag.
Det er Lerum Cup i helga, og det betyr at me får det som truleg blir den mest besøkte heimekampen for Sogndal denne sesongen. Allereie kvelden før kamp, var det få billettar att, og det kan fort bli heilt utseld. Den siste rapporten om morgonen er at det er selt 4015 billettar.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Kongsvinger i OBOS-ligaen!