TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Lyn sikrar tre poeng rett før slutt i ein kamp dei fortjente å vinne. Dei hadde mange enorme sjansar, men dei klarte ikkje å setje ballen i mål før det hadde gått 86 minutt. Sogndal gjennomfører ein ny skremmande dårleg prestasjon, og no er det verkeleg krise i klubben. Det er full fest framfor ved bortefeltet medan 11 resignerte kvitkledde spelarar ser utover eit tomt Fosshaugane. Lyn får ein fin tur heim over fjellet, og Sogndal har verkeleg ein jobb å gjere viss dei skal ha håp om å klare topp seks denne sesongen.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+5'
Frispark
Pedersen fangar ballen.
90+5'
Gult kort
Stoppar Steinset på veg framover. Sogndal får ein siste sjanse på frispark.
90+2'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
90+2'
Sogndal prøver å presse fram ei scoring, men det blir vanskeleg for dei. Lyn har kontroll på innlegga som kjem.
90+1'
Spillerbytte
90'
Hjørnespark
Lyn headar ballen vekk.
90'
Sogndal vinn ein corner.
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
89'
Frispark
Jendal slår langt. Har dårleg tid.
88'
Paulsen går opp som spiss for Sogndal. Hintsa og Ba er der oppe også. No skal dei slå høge ballar inn i boksen.
87'
Spillerbytte
86'
Mål!
0-1
Der sit den for Lyn! Det skjer etter ein corner. Den blir flikka vidare til Hellum, som sender ballen inn bak Jendal. Det er ikkje ufortjent at bortelaget tek leiinga.
Mål av Andreas Hellum (0-1)
Målgivende av Jacob Hanstad
85'
Hjørnespark
85'
Ny god redning frå Jendal. Corner.
84'
Lyn kontrar, og kjem til ei avslutning. Går langt over målet. Jendal set seg ned rett etter avslutninga. Treng ikkje behandling.
83'
Nundal prøver seg frå distanse. Rett på keeper.
83'
Frispark
Sentrar ned til Arrocha.
83'
Spillerbytte
82'
Hjørnespark
Ballen ser ut til å gå vekk frå boksen, men Olsen headar den inn igjen. Då kjem det ei avslutning som Sjølstar stoppar.
81'
Ny corner for Lyn.
81'
Frispark
Frispark nesten ved dødlinja. Slår opp til stopparane.
80'
Sjølstad forsøker ei kontring, men ballen mot Hintsa er ikkje presis nok.
79'
Hjørnespark
Ballen går ut av farleg område.
79'
Arrocha sender eit innlegg ut til corner.
78'
Sogndal legg om til 4-3-3 etter dobbelbytet.
77'
Jendal fangar eit nytt innleggsforsøk.
76'
Spillerbytte
76'
Spillerbytte
75'
Hjørnespark
Ballen skrur seg over alle, og ut.
75'
Paulsen prøver å spele litt til.
73'
Sjøl prøver å slå inn. Ballen landar i hendene til Jendal. Paulsen set seg ned rett etter innlegget.
71'
Frispark
Prøver å ta det kjapt, men rotar vekk ballen.
70'
Ny sjanse for Hanstad. Lyn speler fint ute til venstre, og Hanstad avsluttar hardt rett på Jendal.
67'
Innleggforsøk frå Sjøl. Paulsen er størst i boksen, og headar ballen ut.
65'
Spillerbytte
65'
Begge lag prøver å spele meir framover no, men begge lag slit med å få ballen inn i boksen.
63'
Frispark
Pedersen fangar ballen.
62'
Sogndal får eit frispark, men der kunne det vore betre med fordel.
60'
Frispark
Sentrar til Arrocha. Frispark midt på bana.
59'
Hjørnespark
Sogndal vinn duellen i boksen.
58'
Frispark
Held ballen i laget.
58'
Eriksson får ballen i boksen. Bruker lang tid på å bestemme seg, og avsluttar rett på keeper.
56'
Sjølstad prøver å avslutte frå distanse, men treff ein motspelar. Ballen trillar nesten inn til spissane til Sogndal, men Lyn får kontroll.
53'
Frispark
Tek frisparket kjapt for å prøve å kome til god innleggsposisjon. Innlegget går langt over målet.
53'
Hanstad prøver å sende ballen vidare til Johansen, men det er upresist. Jendal les den før Johansen.
52'
Pedersen er oppe igjen, og spelet kan begynne att.
51'
Arrocha prøver å få ei forklaring på kvifor Schneider ikkje fekk gult kort. Er ikkje nøgd med svaret han får.
51'
Keeper Pedersen set seg ned på bana. Treng behandling.
49'
Schneider prøver å snike seg inn på bana etter behandling før dommaren har vinka han inn. Får ikkje kort, men får beskjed om å gå ut og vente på signal.
49'
Sogndal prøver seg på ei kontring, men rotar vekk ballen før dei kjem til ei avslutning.
48'
Hanstad får ballen i boksen etter eit innkast. Han prøver å avslutte raskt, men Jendal heng med. Jendal er ein av få som har hatt ein brukbar kamp for heimelaget så langt.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause etter ein relativt kjedeleg omgang med fotball. Lyn har hatt nokre brukbare sjansar, men har ikkje klart å setje ballen i mål.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Heading frå Hanstad etter eit innlegg frå høgre. Brukbar kraft, men går over.
45'
Nilsen prøver å avslutte utanfor boksen etter eit lengre angrep frå Lyn. Ballen går langt over målet.
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
43'
Frispark
Lyn har no fått eit tosifra tal frispark.
42'
Hjørnespark
Ballen går ut til utspark etter ein duell i boksen.
42'
Ny lang ball frå Paulsen, som ingen går på. Har blitt fleire av dei.
41'
Frispark
Sentrar ned til Arrocha.
40'
Frispark
Slår ballen kort.
40'
Frispark
Jendal fangar ballen, og får frispark.
40'
Gult kort
Alt for sein inn i ei takling. Prøver å redde seg inn etter at Flataker mista ballen.
38'
Borgthorsson rotar vekk ballen nok ein gong. Islendingen har hatt ein svak omgang.
37'
Hjørnespark
Sell vinn hovudduellen, og head mot målet. Jendal stoppar ballen.
37'
Lyn skaffar ein corner ute til venstre.
34'
Frispark
Rett i muren. Returen går utanfor målet. Brukbar sjanse med tanke på kor lite som har skjedd.
34'
Gult kort
Stoppar ei kontring. Høyland forstår ikkje kvifor det er frispark.
33'
Frispark
Frispar nummer 7 for Lyn. Langt inne på eiga banehalvdel.
31'
Frispark
Jendal boksar vekk innlegget.
31'
Mange frispark i god posisjon for Lyn så langt.
29'
Hanstad prøver å finne Johansen i boksen, men ballen går rett bak spissen.
28'
Frispark
Arrocha headar ballen vekk.
25'
Pedersen fangar ein lang ball i bakrom. Ingen av dei lange ballane har fungert så langt.
23'
Frispark
Går gjennom feltet, og ut til utspark for keeper.
23'
Gult kort
Taklar Hanstad bakfra i farleg posisjon.
23'
Framleis veldig roleg kamp utan dei store sjansane.
21'
Frispark
Slår langt.
20'
Frispark
Held ballen i laget.
19'
Berntsen slår motsett til Olsen, men hans avslutning blir blokkert.
17'
Frispark
Prøver på ein kort variant. Arrocha får tak i ballen, og slår den vekk.
17'
Robertsen lagar frispark i farleg område.
16'
Offside
Kjem frå offside når han får ballen.
16'
Langt innkast frå Sjølstad. Landar i farleg område, men ingen er på ballen.
15'
Borgthorsson prøver å avslutte med venstrefoten, men den går langt utanfor.
14'
Veldig få sjansar i opninga av kampen. Hanstad har hatt den einaste avslutninga.
11'
Paulsen slår langt mot Borgthorsson, men ballen går inn til keeper.
10'
Frispark
Sentrar fram til midtbana.
9'
Frispark
Sentrar til Arrocha.
9'
Spillerbytte
8'
Hanstad kjem til ei avslutning i boksen etter eit innleg frå Nilsen. Jendal kjem seg ned, og stoppar ballen.
8'
Sogndal speler med 10 menn akkurat no.
6'
Mensah dreg seg fram ute til høgre. Han trur han skaffar ein corner, men det blir utspel. Ser ut til at han får ein strekk akkurat når det skjer også. Må ha behandling.
4'
Sjøl prøver på eit innlegg, men det er ikkje presist nok. Går langt bak målet.
2'
Sogndal har slått eit par ballar fram i bana det første minuttet utan å få noko ut av det.
1'
Frispark
Frispark langt inne på eiga banehalvdel.
1'
Hintsa sparkar i gong kampen.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal har gjort tre endringar på laget. Paulsen kjem inn for Olugbe. Flaten går ut, og Borgthorsson kjem inn. Det betyr at Skaanes kjem til å spele sentral midtbane. Hintsa kjem inn for Flataker på topp. Bortelaget gjer berre eitt byte. Berntsen kjem inn for Kristiansen på midtbana.
Ali al Hatam er hovuddommar i dag. Han har med seg Ruben Haugland og Martin Javier Solheim som assistentar. Jakob Sande Søgnen er fjerdedommar.
Lyn sine supporterar er på veg over fjellet med buss, så mykje ligg til rette for god stemning på Fosshaugane i dag når me får to lag som begge må gå for tre poeng.
Tidlegare i år på Bislett, enda kampen 1-2, og Sogndal tok med seg tre poeng heim. Lyn styrte mesteparten av kampen, men Sogndal forsvarte seg heroisk, og klarte å gjere det tøft for Lyn. Ein kunne sjå ein kynisme i Sogndal sitt lag, som ein har sett veldig sjeldan frå dette laget dei siste åra. I eit intervju med Sogn Avis seier Tore Andre Flo at han saknar nettopp den kynismen ein treng for å klare å ta poeng. Flo likar å spele ein offensiv type fotball der han sender mange spelarar i angrep, men kanskje får me sjå ei litt anna tilnærming resten av sesongen.
I dag får me sjå to lag som er inne i ein litt dårleg periode i sesongen. Sogndal har spelt fem kampar på rad utan siger. Lyn har hatt fire kampar på rad utan siger. Det er altså to lag som treng tre poeng for å henge med i toppen av ligaen.
Det er 20 år sidan sist gong Lyn spelte på Fosshaugane. Den kampen enda 1-1 etter scoringar av Alexander Ødegaard og Jan Derek Sørensen. Mannen som trente Sogndal den sesongen, var Jan Halvor Halvorsen. Folk snakkar ofte troppen Halvorsen hadde i Sogndal med stjernespelarar som Tommy Øren, Håvard Flo, Anders Stadheim og Raoul Kouakou. Det er nok mange på tribuna som ser fram til å sjå Jan Halvor tilbake på Fosshaugane i dag.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Lyn i OBOS-ligaen!