Oppsummering
Sogndal avgjer langt inne i overtida! 10 avslutningar på mål for heimelaget. 9 redningar frå Øy og ei scoring er resultatet etter forsøka til Sogndal mot Mjøndalen. Det var bortelaget som opna sterkast det første kvarteret, og hadde eit par brukbare sjansar. Så dominerte Sogndal resten av kampen medan keeper Leander Øy leverte klasseredning etter klasseredning. Han heldt bortelaget inne i kampen mykje lenger enn dei fortjente, og var den beste spelaren på bana i dag. Det såg lenge ut til at han skulle klare å redde eitt poeng for bortelaget, men det skulle smelle langt inne i overtida. Oliver Hintsa bankar ballen i mål, og det blir tre poeng for Sogndal!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+3'
Hintsa avgjer kampen langt inne i overtida, og det tek heilt av på Fosshaugane! Sjølstad slår eit langt innkast som ingen tek imot. Ballen landar til slutt inne hos Hintsa, som står heilt ¨åleine i boksen og bankar den inn i målet! Heimelaget har hatt mange forsøk i dag, men målet kom ikkje før det hadde gått over 93 minutt.
90+2'
Bras slår inn i feltet, og det er omtrent ikkje ein spelar på bana som ikkje står inne i den boksen. Mjøndalen får kontroll over ballen.
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
89'
Onyango forsøker seg på eit innlegg. Det går ut bak dødlinja.
88'
Mjøndalen slår langt mot Coneth. Han står med mange motspelarar rundt seg, og Jendal får kontroll.
87'
Pimenta er ikkje nøgd med berre eitt poeng. Han jaktar framleis scoring.
87'
Nundal slår hardt inn mot Hintsa. Øy leser innlegget, og kastar seg ned, og tek det imot.
86'
Conteh fyrer av frå distanse. Jendal må strekke seg, og ballen går ein halv meter over målet.
82'
Jendal med ei god dobbeltredning. Plutseleg viser bortelaget seg fram!
76'
Neto forsøker seg frå distanse. Ballen går mange meter over målet til Jendal.
72'
Det er ganske utruleg at Sogndal ikkje har scora endå. Dei har hatt mange store sjansar, men keeper Øy har levert bra.
70'
Sogndal bommar på ein stor sjanse! Flataker kjem seg inn i boksen, og speler den vidare til Pedersen. Han blir pressa, men bortelaget slår ballen rett til Hintsa på ope mål. Han strekk ut foten for å setje ballen inn i målet, men den er akkurat langt nok framfor han til at han ikkje klarar det.
68'
Leander Øy! Det skal ikkje gå an! Flataker er heilt åleine med han, og han klarar akkurat å strekke ut foten. Kjemperedning. Sjansen kjem etter bra spel av Vapne i forkant.
65'
Bras sitt innlegg blir blokkert, og det blir corner.
63'
Pedersen avsluttar medan han omtrent ligg nede på bakken etter ein duell. Ballen trillar mot målet, og Øy har god kontroll.
61'
Bruusgaard prøver seg med ei heading, men den går rett på keeper.
61'
Øy er på jobb igjen! Sjølstad slår hardt inn til Flataker som avsluttar på Øy. Pedersen får ein retur, men den blir blokkert. Brukbar sjanse for Sogndal.
59'
Sogndal skapar eit overtal i boksen til bortelaget, men det blir ingen sjanse fordi Flataker slår ballen rett til ein motspelar.
58'
Årsbog og Neto viser seg fram! Neto dreg seg forbi halvet laget, og sender ballen vidare til Årsbog. Han går for avslutning, og ballen treff stolpen.
57'
Hintsa vinn ballen i ein duell mot Midtgarden, og det blir frispark. Sterke reaksjonar frå tribuna på den. Kan bli rekna som ganske billig.
55'
Bras slår eit høgt innlegg inn mot fleire spelarar i boksen. Hintsa treff ballen, men den går eit par meter utanfor.
54'
Sawaneh slår eit innlegg mot lengste stolpe. Det er ikkje mange centimeter frå å sku seg inn på innsida av stolpen.
53'
Sjølstad kastar langt, og ballen treff ingen før den nesten landar hos Flataker. Øy reagerer raskt, og får plukka opp ballen før spissen rekk å reagere.
52'
Flataker prøver seg med venstrefoten frå distanse. Ballen går ein meter over målet. Han kunne spelt til Bras som kom på overlap ute til høgre, men ville heller prøve sjølv.
50'
Bras herjar ute til høgre, og skaffar ein corner. Fine detaljar frå backen.
48'
Bruusgaard er oppe igjen, og vinn ein corner.
47'
Granheim går hardt inn i Bruusgaard utan at det blir frispark. Bortelaget sin nummer 11 får vondt, og Mjøndalen slår ballen ut av spel.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause til tross for at heimelaget har hatt fleire gode sjansar. Keeper Leander Øy har vore den store spelaren i kampen, og er den aller største grunnen til at det er mållaust til pause.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Frispark til Sogndal i god posisjon rett før pause!
45'
1
44'
Conteh headar ballen ned til Bruusgaard. Avslutninga hans går rett på Jendal. Dette er det første forsøket til bortelaget sidan dei to forsøka tidleg i kampen.
39'
Vapne får ballen i ein god posisjon etter eit raid frå Hintsa. Han avsluttar rett på Øy. Kunne stått både 2-0 og 3-0 om årdølen hadde hatt ein dårlegare dag på jobben.
38'
Hagen slår inn mot Hintsa, men Øy er ute frå målet, og tek imot ballen.
36'
Øy herjar i eigen boks. Flataker prøver seg frå distanse, og årdølen i målet har god kontroll.
35'
Neto er for sein inn i ein duell, og sparkar ned Pedersen midt på bana. Blir frispark og ingen kort.
33'
Øy er god når han nok ein gong stoppar ein sjanse frå Hintsa. Har vore den beste spelaren i kampen so langt.
32'
Høyland forsøker seg på eit innlegg når det er mange spelarar i boksen. Dessverre for Sogndal er ikkje innlegg den store styrken til Høyland.
30'
Pedersen prøver igjen å finne Hintsa, men også denne gongen klarar han ikkje å treffe svensken.
29'
Årsbog prøver å drible seg forbi Haruna utan å lukkast. Ballen går ut til utspark.
28'
Vapne slår det som kan vere årets beste pasning til Flataker. Han bruker god tid før han avsluttar. Øy gjer ein god jobb når han reddar forsøket.
26'
Pedersen prøver å slå inn mot Hintsa, men Midtgarden har full kontroll i boksen. Sogndal er meir med i kampen no enn dei var i byrjinga.
24'
Flataker finn Sjølstad i boksen. Han driblar ser forbi eit par motspelarar før han avsluttar. Øy er kjapt ute, og blokkerer forsøket til Sjølstad.
22'
Sawaneh skaffar ein corner for bortelaget.
16'
Nesten for Sogndal! Flataker dreg seg framover med ballen før han avsluttar rett i ein motspelar. Han får igjen ballen, og slår den til Hintsa som avsluttar rett på Øy. Han får nesten ein retur når ballen treff han, men den trillar på utsida av stolpen før han rekk fram til den.
16'
Heimelaget har ikkje fått til spesielt mykje det første kvarteret.
14'
Vapne går ned i boksen ved eit innlegg frå Hintsa. Skal ikkje vere noko snakk om straffespark i den situasjonen.
9'
Sogndal får den første corneren i kampen.
8'
Sawaneh slår eit bra innlegg inn mot Conteh. Spissen får ikkje eit bra touch på ballen, og den trillar inn til Jendal.
7'
Med unntak av avslutninga til Conteh, har det ikkje skjedd mykje i opninga av kampen.
4'
Vik får seg ein smell i duell med Pedersen. Tennøy dømmer frispark.
3'
Conteh får den første avslutninga i kampen. Vinkelen er vanskeleg, men ballen går ikkje langt over målet.
1'
Bortelaget startar med ballen, og dei slår langt med ein gong.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal held fram med det same laget som slo Odd tidlegare i veka. Kaptein Per-Egil flo er tilbake i troppen, og er på benken i dag. Månadens unge spelar i OBOS-ligaen, Erik Flataker, får prøve seg som kaptein. Mjøndalen gjer eit par endringar. Kvam kjem inn på backen etter ein skade på Molund mot Start. Nysigneringa Leandro Neto er inne i laget, og har fått draktnummer 10.
Jan Morten Tennøy er hovuddommar på Fosshaugane i dag. Han har med seg Ruben Haugland og Amang Kanyi som assistentar. Jonas Sande Mossestad er fjerdedommar.
Det går ikkje an å snakke om Sogndal-Mjøndalen utan å nemne kvalifiseringskampen til Eliteserien i 2020. Det vart ein dramatisk kamp der Mjøndalen tok leiinga tidleg. Det høyrer også til historia at bussen til Sogndal sine supporterar var forseinka, så dei var ikkje kome fram på stadion før Sveen scora for Mjøndalen. Sogndal snudde kampen med to kjappe scoringar etter 80 minutt. Rett før slutt var det Mjøndalen sin tur til å score to kjappe mål, og dei snudde kampen tilbake i sin favør. Det vart ganske sterke reaksjonar i ettertid då det viste seg at Mjøndalen si utlikning kom frå ein stor offsidesituasjon. I tillegg vart det krangling mellom trenarane etter kampslutt. Sidan denne kampen har kampane mellom Sogndal og Mjøndalen alltid betydd litt meir for mange supporterar sjølv om laga i utgangspunktet ikkje er rivalar.
Sjølv om overgangsvindauget er stengt, har det likevel skjedd noko med begge troppane denne veka. Det er no klart at Isaac Twum ikkje lenger er Sogndalspelar. Han har ikkje vore i ein kamptropp i år, så dette har nok vore klart ei stund sjølv om det ikkje var offentleg før i går. Mjøndalen har henta Leandro Neto på lån frå Lillestrøm. Dette lånet varar i utgangspunktet fram til 12. juli, og han er med i troppen som reiste til Sogndal.
Laga møtte kvarandre i runde to på Fosshaugane i fjor. Då vart det 3-1 til Sogndal etter to scoringar frå Arrocha og ei scoring frå Baidoo. Rasmus Holten scora Mjøndalen sitt fjor. Sogndal hadde tapt åtte kampar på rad i serien før dei skulle møtast på Consto Arena mot slutten av sesongen. Der vart resultatet 0-0, og Sogndal kunne vere mest nøgd med det med tanke på at dei då klarte å halde Mjøndalen bak seg i nedrykkskampen. Det vart til slutt 13. plass på Sogndal, og Mjøndalen vant kvalifiseringskampane mot Jerv.
Heimelaget er inne i ein ganske god periode sjølv om poengfangsten ikkje var bra i dei to første kampane. Dei har no vunne to kampar på rad i serien, og det blir fire kampar på rad om ein tek med cupen. Dei kjem altså inn med mykje sjølvtillit til denne kampen. Bortelaget har fått ein litt tyngre start på sesongen når det kjem til å plukke poeng. På fire kampar har dei spelt to uavgjortkampar, og tapt to kampar. Den største opplevinga for Mjøndalen så langt i år, var å slå rivalen Strømsgodset ut av cupen. Mange trur at Mjøndalen skal få det tøft denne sesongen, men kampane har vore jamne sjølv om resultata ikkje har gått riktig veg for dei.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Mjøndalen i OBOS-ligaen!