TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Hjørnespark
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+5'
Moss får ein siste corner.
90+4'
Frispark
Sogndal har ekstremt god tid på dette frisparket. Slår til slutt ballen ned til Holten.
90+4'
Moss prøver på eit siste innlegg, men Jendal fangar ballen.
90+3'
Moss prøver på ein lang ball i bakrom, men Øren slepp den forbi seg, og den går ut til utspark.
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Spillerbytte
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
90'
Asp prøver å drible seg forbi Andersen, men blir stoppa på veg inn i boksen.
88'
Frispark
Kort variant. Rotar vekk ballen utan at dei klarar å få til noko.
88'
Frispark
Slår langt, og Sogndal vinn eit frispark i den påfølgande duellen.
87'
Spillerbytte
86'
Flaten får seg ein smell i ansiktet, og vinn eit frispark.
85'
Frispark
Slår ballen til sin stopparkollega.
85'
Gult kort
Blir for tøff i ein hovudduell mot Jakobsen.
85'
Tida renn ut for Moss. Dei har ballen mykje, men sjansane dei skapar er ikkje store nok.
83'
Frispark
Nok ein gong brukar han lang tid på frisparket, og slår det langt.
83'
Sjølstad får frispark i boksen etter at han ofrar seg i ein duell mot Race.
81'
Granheim går opp i midtbana når Sogndal har ballen. Han løyser både stopparrolla og midtbanerolla strålande.
79'
Hjørnespark
Engesvik prøver seg i returrommet. Ballen går ein meter over målet.
79'
Ny corner for bortelaget.
78'
Hjørnespark
Dei speler seg inn i boksen, og Harrison prøver å avslutte. Det blir for tett med Sogndalspelarar, og han finn ikkje ei opning.
78'
Corner til bortelaget.
77'
Skaanes prøver seg på volley. Det er kraft i avslutninga, men ballen går utanfor målet med god margin.
77'
Frispark
Speler ned til forsvaret, og held ballen i laget.
76'
Gult kort
Sklitaklar Granheim, og treff ikkje ballen.
76'
Moss prøver å slå i bakrom mot Jakobsen, men Granheim er sterk, og klarar å vinne eit utspark.
75'
Spillerbytte
74'
Kvale ligg nede etter ein smell, og Pimenta har funne fram taktikktavla si. Han forklarar korleis strukturen skal vere dei siste 20 minutta.
72'
Frispark
Vender spelet mot høgre.
71'
Sogndal legg seg ned i 5-4-1 defensivt etter endringane.
70'
Sjølstad spring framover, og prøver å slå hardt inn. Det blir upresist, og den går for langt fram for Asp som har gått på løp i boksen.
69'
Nysigneringane til Sogndal får sjansen til å vise seg fram.
68'
Spillerbytte
68'
Spillerbytte
67'
Grønli prøver å avslutte kjapt når han får ballen i boksen, men han bommar på ballen. Den sklir av foten, og sprett roleg inn til Jendal som går ut for å plukke den opp.
65'
Jendal får si første redning etter eit forsøk frå Kvale. Returen går langt over målet. Moss burde utnytta betre at dei klarte å spele seg heilt inn i boksen. Bortelaget jaktar endå ei redusering. Kampen er ikkje avgjort.
64'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
63'
Hjørnespark
Kort variant. Han får ballen tilbake, og prøver å skru ballen inn i lengste kryss, men den går ein halv meter utanfor.
63'
Jakobsen prøver å avslutte, og det blir corner.
61'
Frispark
Slår ballen ned til forsvaret.
61'
Frispark
Brukar lang tid, og skyt frisparket langt.
60'
Hjørnespark
Sogndal får frispark i boksen.
60'
Flo stoppar Fuglestad, og det blir corner til Moss.
58'
Frispark
Slår ballen ned til keeper.
58'
Spillerbytte
55'
Spillerbytte
55'
Mål!
3-1
Redusering for Moss! Fuglestad speler ballen inn frå høgre, og ballen sprett ut til Grønli. Han avsluttar kontrollert inn bak Jendal. Er det håp for Moss likevel?
Mål av Sigurd Grønli (3-1)
Målgivende av Thomas Klemetsen Jakobsen
54'
Frispark
Slår ned til Harrison, og vender spelet.
54'
Gult kort
Blir litt for mykje holding i ein duell mot Cassidy.
53'
Vapne ser at keeper står langt ute, og prøver seg frå 70 meter. Det er ikkje nok kraft i den, og det blir som ei slags pasning fram til keeper.
48'
Hjørnespark
Ny stor sjanse! Sogndal speler seg inn i boksen etter corneren, og Pedersen får ein stor sjanse. Han treff ikkje so bra som han håpar på, og ballen sklir utanfor stolpen. Der kunne det stått 4-0.
47'
God redning får Eriksen! Skaanes kjem seg inn bakrom, og prøver å asvlutte mot nærmaste stolpe. Eriksen heng med, og det blir corner.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Moss skal gjere to endringar på laget.
Det har vore ein spesiell omgang på Fosshaugane. Sogndal får ståande applaus på veg ut, og det er på grunn av effektiviteten. Moss har hatt ballen mykje, men Sogndal står bra mot i forsvaret, og scorar omtrent kvar gong dei får tak i ballen. Då står det heile 3-0 til pause, og det blir tungt for Moss å snu dette.
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45+2'
Hintsa vil ha straffe når han går i bakken etter eit innlegg, men Tennøy viser tydeleg at han ikkje meiner det same.
45+1'
Frispark
Per-Egil Flo prøver å nå ballen, men den blir akkurat litt for lang. Sklir av hovudet hans, og ut til utspark.
45'
Avslutning frå Fuglestad på overtid. Skrur seg utanfor krysset, og Jendal har grei kontroll.
45'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
45'
Fuglestad prøver å drible seg inn i boksen, og blir stoppa av Sjølstad. Det stoppar alltid opp for Moss før dei får avslutta. Det må dei gjere noko med før neste omgang.
44'
Frispark
Held ballen i laget.
43'
Mål!
3-0
Hintsa spring over halve bana, og scorar! Flaten slår ein ball i bakrom mot Hintsa, og då er svensken på veg framover. Han leitar først etter Pedersen i boksen, men ser at det står fire spelarar mellom dei. Då prøver han seg sjølv, og han skyt ballen hardt inn motsett side av målet. Sogndal scorar kvar gong dei får ein sjanse!
Mål av Oliver Hintsa (3-0)
Målgivende av Jacob Blixt Flaten
40'
Frispark
Slår ned til Vapne. Han prøver ein lang ball mot Sjølstad, men den går akkurat for langt fram. Utspark for keeper.
37'
Fuglestad plukkar opp ein ball på 16 meter. Han avsluttar, og ballen landar på taket på tribuna. Avslutningane til Moss har ikkje vore presise i dag.
34'
Andersen slår inn til Cassidy som prøver seg på halvspretten. Han treff ikkje reint, og ballen går eit par meter utanfor stolpen.
32'
Frispark
Held ballen i laget. Frispark midt på bana. Prøver til slutt på eit innlegg, som går rett til Jendal.
31'
Musbaudeen snappar ballen, og prøver seg frå 20 meter. Ballen sklir av foten, og går langt utanfor.
28'
Memedov og Grønli samarbeidar godt når dei speler seg inn framfor stopparane til Sogndal. Grønli prøver å avslutte, men Granheim står tett opp mot han.
26'
Sogndal ropar på straffe når Skaanes går i bakken. Tennøy vinkar han rett opp att.
25'
Frispark
Får beskjed frå Pimenta om å skyte langs linja. Det er akkurat det han gjer.
25'
Laga tek seg ein drikkepause medan Flo får behandling.
24'
Bras får eit frispark, og Flo legg seg då ned att. Truleg er det snakk om den same smellen som han fekk tidlegare i kampen.
20'
Mål!
2-0
Vapne med ei klassescoring frå distanse! Han snakka tidlegare i år om at han måtte bruke tid på bli vand til ballen dei bruker i OBOS-ligaen. Det har han klart no. Han får ballen på 30 meter, og bankar til. Ballen flakkar litt i lufta, og går inn bak Eriksen. Det er lov å spørje om keeper Eriksen kunne gjort meir med den avslutninga, men scoringa er fin uansett.
Mål av Lukass Vapne (2-0)
Målgivende av Martin Sjølstad
20'
Frispark
Frispark midt på bana. Slår ballen ned til forsvaret.
17'
Det er framleis Moss har ballen mest, men dei slit med å skape store sjansar. Det stoppar opp kvar gong dei prøver å kome seg inn i boksen.
15'
Frispark
Grønli sender ballen rett utanfor målet. Jendal står i ro, og håpar på det beste. Brukbart forsøk.
15'
Moss får frispark i veldig god posisjon etter eit minutt med mykje trykk mot Sogndal sin boks.
12'
Offside
Jakobsen set ballen i målet, men flagget er oppe lenge før han får avslutta.
11'
Moss har stort sett hatt god kontroll i innleiinga av kampen, men Sogndal utnyttar den største store feilen som dei gjer.
9'
Mål!
1-0
Sogndal tek leiinga med kampens første sjanse! Hagen snappar opp ein ball som Moss prøver å slå. Han speler ballen inn til Hintsa, men får den tilbake. Alle trur at han skal slå inn til spissane, men han prøver seg i nærmaste hjørne, og ballen går inn mellom Eriksen og stolpen.
Mål av Vegard Haugerud Hagen (1-0)
Målgivende av Oliver Hintsa
8'
Hintsa prøver å slå eit innlegg, men Harrison blokkerer det, og ballen går inn til Eriksen.
8'
Frispark
Vender spelet ut til venstre.
7'
Grønli prøver å spele ballen gjennom til Jakobsen, men pasninga er upresis. Det blir utspark for Jendal.
7'
Sogndal har omtrent ikkje vore borti ballen i løpet av dei seks første minutta. Moss trillar ballen, men har ikkje klart å skape nokre sjansar.
6'
Kaptein Flo er oppe igjen, og spelet kan halde fram.
5'
Per-Egil Flo ligg nede med hovudskade. Moss er i angrep, og dommar Tennøy tenker seg lenge om før han stoppar spelet til slutt.
3'
Barros prøver å drible seg inn i boksen til Sogndal, men endar opp med å sparke ballen ut til utspark.
2'
Moss har ballen heile det første minuttet, men Sogndal pressar dei høgt.
1'
Moss tek avspark, og kampen har starta.
Avspark Start 1. omgang
Heimesupporterane har ei markering mot styret før kampen. I løpet av denne veka har både dagleg leiar sjukemeldt seg og marknadssjefen har sagt opp jobben. På tribuna kan ein no sjå eit banner der det står "NOK É NOK, GÅ AV JRÅ". Då siktar dei til styreleiar Jan Rune Årøy.
Sogndal stiller med det same laget som starta mot Stabæk. Nysigneringa Holten er på benken, og det same er Sturgeon som er tilbake frå skade. Grønli tek plassen til Krogh på midtbana til Moss, og Memedov kjem inn på kanten. Niklas Fuglestad er også inne i angrepet.
Jan Morten Tennøy er hovuddommar i dag. Ruben Haugland og Amang Kanyi skal vere assistentdommarar. Sondre Brudvik er fjerdedommar, og skal få den tunge jobben med å stå mellom Pimenta og Nesselquist. I førre oppgjer mellom laga vart det delt ut gule kort til begge trenarteam. Pimenta har heile fem gule kort i OBOS-ligaen denne sesongen. Han fekk også eit gult kort i cupen mot Bjarg.
Når det gjeld endringar på laga, så veit me at det blir minst ei endring på Moss. Krogh er ute med karantene, og han kan ikkje spele mot Sogndal. Memedov scora då han kom innpå frå benken mot Odd, og det er ikkje heilt urealistisk at han får sjansen frå start. Sogndal har gjort ei signering sidan sist kamp. Den unge stopparen Rasmus Holten er kome inn, men han kjem truleg ikkje til å starte denne kampen.
Sogndal er inne i ein god sportsleg periode, og har vunne dei tre siste kampane. Den siste sigeren kom rett før slutt på bortebane mot Stabæk. Moss har faktisk ikkje vunne ein kamp i OBOS-ligaen sidan dei slo Sogndal på Melløs. Etter det har dei spelt fire kampar, men berre ein av kampane enda med tap. Dei andre enda med uavgjort. I førre kamp spelte dei 2-2 heime mot Odd.
Etter opprykket til Moss, har Sogndal hatt god kontroll over dei fram til dei to siste kampane. Sogndal vann dei fire første kampane mot dei, men har gått på stygge tap i dei to siste. I hausten 2024 vann Moss heile 3-0 mot Sogndal, og det vart nesten like stygt i år då dei vann 3-1. Det siste året har altså Moss hatt veldig god kontroll over Sogndal.
Over halvparten av sesongen er ferdigspelt, og det nærmar seg den fasen der sesongen skal avgjerast. Sogndal ligg på 4. plass med 31 poeng, og har faktisk berre tre færre poeng akkurat no enn dei fekk totalt i løpet av skandalesesongen i fjor som enda med ein skuffande 13. plass. Dei heng altså med i kampen om kvalifiseringsplassane, og kan i teorien til og med kjempe om opprykk dersom Start og Aalesund går på nokre smellar i haust. Moss gjorde det veldig bra i fjor, men det har blitt litt tøffare for dei i år. Dei ligg på 13. plass, men det er heile sju poeng ned til kvalifiseringsplassen, og det er også kort veg til laga som ligg rett over dei på tabellen.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Moss i OBOS-ligaen!