TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Sogndal tek alle tre poenga i det som vart ein intens kamp mellom to gode lag! Odd hadde full kontroll før pause og leia 1-0 etter ei scoring av Syver Aas. Etter 53 minutt svarar Sogndal litt ut av ingenting med Hintsa, og dei går opp i leiinga nokre minutt etterpå etter ei heading frå Flataker. Bortelaget svarar med ein gong, og utliknar med Oliver Hagen. Sogndal er betre etter pause enn før pause, og Hintsa sender dei tilbake i leiinga etter 75 minutt. Det blir intenst mot slutten av kampen, men det blir ikkje fleire scoringar. Då blir det altså tre poeng til heimelaget etter ein strålande gjennomført omgang etter pause!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (3-2)
90+5'
Hjørnespark
Corneren blir klarert.
90+5'
God redning av Jendal rett før slutt! Odd får ein siste sjanse på corner.
90+4'
Frispark
Slår langt.
90+3'
Aas prøver å avslutte inne i boksen, men treff berre ein motspelar. Då blir det frispark.
90+2'
Spillerbytte
90+2'
Sogndal gjennomfører eit byte, men dommaren set spelet i gong før det blir gjennomført. Pimenta og Nundal er rasande. Dette kjem som eit resultat av at fjerdedommar viser feil nummer på tavla.
90+1'
Frispark
90+1'
Det er framleis tid for Odd til å få ei utlikning. Aalesund scora med det siste sprket på ballen i førre kamp på Fosshaugane.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
90'
Frispark
Frispark midt på bana.
90'
Svendsen får ballen i boksen, og avsluttar rett i Borgthorsson.
89'
Onyango vinn sin første defensive duell.
87'
Spillerbytte
87'
Spillerbytte
86'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
84'
Spillerbytte
83'
Odd trillar ballen, og leiter etter ei opning i forsvaret. Dei slår ein lang ball mot Njie, men den går ut til utspark for Jendal.
82'
Frispark
Frispark på eigen banehalvdel.
81'
Frispark
Har veldig god tid på frisparket. Slår langt etter å ha brukt nesten eitt minutt.
80'
Hjørnespark
Det blir dømt frispark til Jendal når han prøver å bokse ballen ut.
80'
Corner til bortelaget.
80'
Det har vore mange mål mot slutten av kampane til Sogndal i år, så det er på ingen måte sikkert at kampen er avgjort.
79'
Frispark
Slår ballen ned til forsvaret.
78'
Gult kort
Kva gjer du der, Borgthorsson? Går hardt inn i ein motspelar bakfrå. Soleklart gult kort.
75'
Gult kort
Får gult kort for å rive ned ein motspelar før scoringa. Dommaren dømmer fordel, men kjem tilbake med kortet.
75'
Mål!
3-2
Hintsa herjar på heimebane! Spissduoen skapar endå ei scoring for Sogndal når Flataker kjempar seg forbi forsvaret ute til høgre. Han slår hardt inn til Hintsa, som nok ein gong kjem seg forbi stopparen på første stolpe, og headar ballen i mål.
Mål av Oliver Hintsa (3-2)
Målgivende av Erik Flataker
74'
Spillerbytte
74'
Vapne prøver seg frå distanse. Ballen går over målet, men det er mykje kraft i den.
73'
Hjørnespark
Det blir eit kaos i boksen, og Borgthorsson og Vapne prøver å kjempe seg forbi forsvaret. Det klarar dei ikkje.
73'
Sjølstad kjem til ein halvfarleg situasjon, og skaffar ein corner.
72'
Odd prøver seg på ei kontring etter eit skummelt balltap av Haruna. Den klarar dei ikkje å utnytte godt nok, og Midtskogen avsluttar svakt frå distanse utan å true Jendal.
68'
Ny sjanse for Hintsa! Nok ein gong snik han seg framfor stopparen, men denne gongen heng Hansen med på avslutninga. Sogndal har skapt eit lite trykk dei siste par minutta.
68'
Overgang for Sogndal. Odd får heada ballen ut til innkast før det blir farleg.
67'
Vapne og Sjølstad kombinerer fint ute til venstre. Dei klarar ikkje å skape eit innlegg som truar forsvaret til Odd. Sekvensen endar med at dommaren er borti ballen, og ballen blir droppa til Odd.
64'
Odd jaktar tre poeng, og har kome til eit par innlegg etter 2-2. Det er tydeleg at dei ikkje er nøgde med berre eitt poeng i kveld.
62'
Hjørnespark
Flataker slår den svake corneren vekk på første stolpe.
62'
Spillerbytte
61'
Granheim headar eit innlegg ut til corner.
60'
Spillerbytte
60'
Spillerbytte
59'
Mål!
2-2
Odd utliknar med ein gong! Njie går ned i boksen, og får ikkje straffespark. Ballen går til slutt til Hagen, som sender ballen i mål. No skjer det mykje på kort tid i kampen!
Mål av Oliver Jordan Hagen (2-2)
Målgivende av Josef Brian Baccay
57'
Mål!
2-1
Sogndal har snudd kampen! Hansen har ein dobbeltredning, men Flataker set sjanse nummer tre inn i målet. Hansen kjempar hardt i den situasjonen, men får ikkje mykje hjelp av forsvaret til Odd.
Mål av Erik Flataker (2-1)
Målgivende av Oliver Hintsa
55'
Bras dreg seg inn i bana, og avsluttar med venstrefoten. Ballen trillar utanfor målet, og Hansen har god kontroll.
53'
Mål!
1-1
Hints utliknar for Sogndal! Hagenslår eit bra innlegg ute til høgre som går mellom forsvaret og keeperen. Der står Hintsa, og bankar ballen i målet. Då er heimelaget tilbake i kampen!
Mål av Oliver Hintsa (1-1)
Målgivende av Vegard Haugerud Hagen
52'
Hjørnespark
Kort variant. Odd finn til slutt Njie, som går for eit rabonainnlegg rett inn til Jendal.
52'
Njie utfordrar Jendal, som kastar seg inn i duellen, og får sendt ballen ut til corner.
51'
Frispark
Frispark midt på bana. Slår ned til forsvaret.
51'
Bras slår eit bra innlegg, og Hintsa snik seg framfor Walstad. Avslutninga går mot målet, men Hansen har brukbar kontroll.
48'
Offside
Ballen går i mål etter ein corner, men det er dømt for ein soleklar offside.
48'
Hjørnespark
47'
Sjølstad slår eit innlegg, men som veldig mange andre innlegg i denne kampen , landar det i armane til keeper.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Odd har ei fortjent leiing når laga går inn til pause. Dei har skapt flest sjansar, og har hatt ballen mest. Sogndal slit med å skape dei store sjansane, og må løfte seg om dei skal henge med i kampen.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
Hjørnespark
Kort variant. Odd vinn duellane i boksen når innlegget blir slått.
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
45'
Frispark
Innøvd variant. Ender med ein corner for Sogndal.
45'
Sogndal får frispark i god posisjon for innlegg.
45'
Bra forsvarsspel av Gunnerød som ikkje let Hintsa kome forbi seg ute på sida hans. Ballen går ut til utspel for Hansen.
43'
Hjørnespark
Jørgensen headar på første stolpe, men ballen går over målet. Dei vil ha ny corner, men får det ikkje.
43'
Hjørnespark
Ballen går fram og tilbake. Eit innlegg frå Owusu går ut til ny corner.
43'
Njie kjem seg fri i boksen. Han avsluttar hardt inn i Granheim, og ballen går akkurat over målet til Jendal.
41'
Hjørnespark
Jendal boksar ballen ut.
40'
Hjørnespark
Kort variant. Speler seg til ein ny corner.
40'
Bras følgjer Njie ned denne gongen, og får slått ut til corner.
38'
Hjørnespark
Ballen landar i farleg område, men Sogndal slår ballen vekk før Odd kjem til ei avslutning.
38'
Hardarson prøver seg. Jendal reddar denne gongen.
37'
Frispark
Slår ballen ned til keeper.
36'
Pedersen går hardt inn i Jørgensen som får frispark. Sogndal prøver å kontre, og blir forbanna når det blir blåst.
35'
Frispark
Held ballen i laget.
35'
Njie speler seg inn i boksen ute til venstre, men klarar ikkje å vinkle ballen mot målet.
34'
Vapne får mykje rom ute til venstre, men slår ballen rett inn til Hansen. Den situasjonen kunne dei utnytta betre.
33'
Frispark
Slår ballen langt.
33'
Sogndal har kome meir med i kampen dei siste minutta, men har ikkje klart å skape nokre store sjansar i denne perioden.
30'
Sogndal prøver seg for første gong på lang tid. Sjølstad slår eit hardt innlegg, men det landar i armane til Hansen.
29'
Frispark
Sender ballen ned i forsvaret.
28'
Gult kort
Får eit soleklart gult kort når han held igjen Njie som kan ta med seg ballen inn bak forsvaret.
28'
Hagen slår eit innlegg heilt bak til Aas, som nesten klarar å sende ballen over det nye Svingenbygget som blir bygd bak målet til Jendal.
27'
Njie leikar seg med Bras til tider ute på venstrekanten. Høgrebacken til Sogndal slit når han blir utfordra.
24'
Odd prøver å spele seg inn i boksen ute til høgre, men angrepet blir stoppa når Owusu slår ballen rett til Haruna. Odd har full kontroll over kampen akkurat no.
23'
Aas prøver seg frå distanse, men ballen treff ein motspelar før den trillar inn til Jendal.
19'
Hjørnespark
Haruna vinn duellen i boksen, men ballen går langt vekk frå målet.
19'
Sogndal får sin første sjanse! Hagen slår eit bra innlegg mot Hintsa som headar ned i hjørnet. God redning av Hansen.
18'
Njie spring forbi Hagen ute til venstre og slår hardt inn i feltet. Haruna ser kvar det innlegget skal gå, og slår det ut til innkast.
15'
Mål!
0-1
Aas sender bortelaget i leiinga! Han får ballen litt ut mot venstre og går upressa fram mot feltet til Sogndal. Han sender ballen langs bakken ned i hjørnet. Fortjent leiing etter at bortelaget har hatt god kontroll i opninga.
Mål av Syver Aas (0-1)
Målgivende av Solomon Owusu
13'
Hintsa prøver å utfordre ute til høgre, men Walstad har god kontroll.
11'
Hjørnespark
Ballen sprett fram og tilbake i boksen uten at nokon får avslutta. Til slutt får Haruna slått vekk ballen.
11'
Hagen skaffar endå ein corner for Odd.
9'
Hjørnespark
Hagen er størst i boksen, men headinga hans går rett på Jendal.
9'
Odd får kampens første corner.
7'
Frispark
Slår ballen ned til Hagen.
7'
Hagen slår ein ball i bakrom mot Hardarson, men spissen har ikkje gått på løp.
5'
Odd med kampens første sjanse! Ein ball smeller i stolpen bak Jendal etter avslutning frå Hagen. Der kunne det stått 0-1.
2'
Begge laga startar kampen med å prøve å spele seg framover i bana. Det ligg an til ein spennande kamp med mange sjansar i dag.
1'
Pedersen tek avspark, og kampen har starta.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal gjer eit par endringar laget sidan kampen mot Ranheim. Haruna kjem inn for Øren i forsvaret. Skaanes er ute av troppen, og Pedersen tek hans plass. Odd gjer også to endringar på laget. 2x Hagen kjem inn for Zekhnini og Solholm Johansen.
Mohammad Hafezi er hovuddommar. Ole Johnny Løfald og Johannes Remøy er assistentdommarar. Fjerdedommaren er Jonas Sande Mossestad.
Sjølv om ein kamp mot eit topplag som Odd er ganske viktig, er det ingen hemmelegheit at det er ei anna hending som det er endå meir engasjement rundt i Sogndal denne veka. På tysdag er det årsmøte i Sogndal Fotball, og det skal avgjerast kven som blir styreleiar. Valkomiteen har innstilt noverande styreleiar, Jan Rune Årøy, for ein ny periode, men det er kjent at det vil kome benkeforslag for å få inn Tore Dvergsdal som ny styreleiar. Dette kan altså potensielt vere den siste kampen til Sogndal med Årøy som styreleiar. Han har hatt denne rolla sidan 2020.
Knut Rønningene melder på Odd sine heimesider at skadesituasjonen i Odd ikkje er veldig alvorleg akkurat no. Tobias Svendsen er ikkje klar, men er i trening. Både Zekhnini, Njie og Oliver Hagen kjenner på noko smårusk, men dette skal ikkje vere alvorleg. Det same gjeld Steffen Hagen og Sondre Solholm Johansen i forsvaret. I tillegg er Samuel Skree Skjeldal på veg tilbake frå skade, og kan vere aktuell for denne kampen.
Laga skal inn i ein periode med ganske mange kampar i mai, og Sogndal har allereie begynt å få ein god del skadar. Kaptein Per-Egil Flo har vore ute heile vinteren, og er framleis ikkje tilbake. Keeper Daniel Sætren skada seg på ei trening, og Lars Jendal har då blitt brukt i dei siste kampane. Mathias Øren fekk seg ein smell mot Ranheim og var ute av troppen mot Sandviken i cupen. Jacob Blixt Flaten har også vore ute i nokre kampar etter at han fekk ein skade mot Aalesund. På torsdag kjente Kasper Skaanes på noko på baksida av låret då han scora mot Sandviken, men det er truleg ikkje ein alvorleg strekk som gjer at han vil vere ute lenge.
Desse to laga har ikkje spelt mot kvarandre sidan nedrykkssesongen til Sogndal i 2017. Då vart det 0-0 på Fosshaugane, og Odd vann 2-1 på Skagerak Arena etter scoringar av Martin Broberg og Jone Samuelsen. Me må heilt tilbake til 2013 for å finne sist gong Sogndal tok tre poeng mot Odd. Då vann Sogndal 2-0 etter at Malick Mané og Eirik Skaasheim scora måla for heimelaget.
Sogndal har hatt ein tøff start på sesongen med to tap på dei to første kampane før dei fekk sin første siger mot Ranheim i runde tre. Det høyrer då til historia at prestasjonane i dei to første kampane må kunne bli rekna som godkjende sjølv om det blir tap. I tillegg kom dei seg komfortabelt vidare frå runde to i cupen då dei slo Sandviken 4-0. Odd har hatt ein brukbar start på sesongen med seks poeng på tre kampar. Alle kampane har vore jamne, og det har berre vore eitt mål i skilnad mellom dei og motstandaren. Cupeventyret til Odd fekk ein brå slutt i den første runda då dei tapte mot Flint.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Odd i den fjerde runda i OBOS-ligaen!