Oppsummering
Det kokte på Fosshaugane i andre omgang, og det blir heilt stille når dommaren bles av kampen. Sogndølene på tribuna er tydeleg skuffa etter å ha sett laget rote vekk ein siger på heimebane. Sogndal dominerer før pause, og får ei scoring med Hintsa rett før dei skal inn i garderoben. Raufoss er betre i andre omgang, og snur kampen i løpet av fem minutt etter scoringar frå Sveen og Aarflot. Det tok ikkje lang tid før Pedersen utlikna, og då gjekk Sogndal for tre poeng. Det var mange sjansar til begge lag etter utlikninga, og det vart også ganske dårleg stemning på bana og på benken. Pimenta og resten av trenarteamet blir ganske forbanna utover omgangen, og to av dei får seg eit gult kort. Ingen av laga klarte å få den siste kampavgjerande scoringa, og då blir det poengdeling på Fosshaugane!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+4'
Nundal bankar til frå distanse. Ballen går utanfor målet. Var dette det siste forsøket i kampen, eller skal dei klare å finne på noko meir?
90+2'
Koløy er litt for ivrig og stoppar spelet på grunn av hovudskade sjølv om det ikkje er det. Det tek ikkje lang tid før spelet har starta igjen, men frustrasjonen er stor hos Sogndal no.
90+1'
Corner til Sogndal! Folk er nervøse.
90'
Begge laga jaktar desperat scoring, og dei har no seks minutt på å prøve å avgjere kampen!
90'
Det er lagt til 6 minutter overtid.
88'
Aarflot igjen! Han tek imot eit innlegg, og avsluttar mot lengste stolpe. Jendal kastar seg ned, og reddar ballen. No er det kaotisk på Fosshaugane.
87'
Frekk variant frå Aarflot når Jendal er langt ute! Treff metallet, og Sogndal er heldige.
85'
Selnæs leiter etter moglegheiter i boksen. Han finn ingen, og avsluttar sjølv langt over målet.
83'
Nundal får sin første sjanse! Sjølstad slår inn midt i boksen, og Nundal står åleine. Han headar høgt, men Klemensson er på rett plass.
82'
Mensah er god når han vinn ballen. Han slår til Vapne som er i ein god posisjon, men han bommar på ballen når han skal avslutta. Han kunne fort ha scora derifrå om han traff ballen.
78'
Lynum sender Skaanes i bakken ved sidan av boksen, og det blir frispark til Sogndal.
77'
Sveen forsøker seg frå veldig langt hold. Ballen går langt utanfor målet. Kampen er litt kaotisk akkurat no, og begge laga ser at dei kan få med seg tre poeng.
74'
Avslutning frå distanse frå Bras. Endrar retning, og det blir corner.
72'
Klemensson ber om behandling for tredje gong i kampen, og blir bua på av både langsida og kortsida. Folk trur at dette handlar om å få tida til gå. Raufoss tek seg ein taktisk prat framfor trenarbenken medan Klemensson får behandling.
70'
Mensah går i bakken igjen, og får ein ny peikefinger frå dommaren. Pimenta er rett og slett forbanna.
69'
Mensah tek imot ballen i boksen, og Hintsa overtek. Han avsluttar mot målet, men nok ein gong er Klemensson på rett plass.
68'
Mensah har ei fin vendig i boksen, og avsluttar rett på keeper. Ikkje den største sjansen i kampen, men Mensah involverer seg etter at han har kome inn.
67'
Mensah går i bakken, men får berre ein sint peikefinger i retur frå dommar Koløy. Det er ikkje Pimenta eller resten av stadion nøgd med.
62'
Ny god sjanse for Sogndal! Bras slår inn mot Pedersen som headar på keeper. Klemensson har hatt ein god dag på jobben. Skaanes sender returen langt over målet. Spretten er vanskeleg, men det skal gå an å få meir ut av forsøket til Skaanes.
58'
Pedersen hoppar høgt får å få tak i ein ball i boksen, men kjem ikkje høgt nok til å heade den ned mot målet. Då blir det utspark for keeper.
54'
Skaanes får den første sjansen til Sogndal i omgangen! Innlegg frå Sjølstad, og Skaanes får tak i ballen. Han avsluttar langs bakken, og Klemensson gjer ei god redning.
49'
Corner til Raufoss! God start på omgangen frå dei.
48'
Nytt forsøk frå Nelson. Svakare, men går mot målet. Jendal har full kontroll.
47'
Nelson kjem seg i ein god posisjon, og utfordrar Jendal. Ballen går ein halv meter over målet.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Agyeman skal inn for Raufoss.
Sogndal har vore det beste laget, og tek ei fortjent leiing rett før pause. Raufoss har hatt eit par forsøk i kampen, men har ikkje klart å skape nokre store sjansar. Men når stillinga berre er 1-0 kan dei framleis snu det.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+4'
Nesten nummer to for Hintsa! Han kjem åleine med keeper, men avsluttar svakt. God redning, og det blir corner. Hadde vore brutalt for Raufoss å sleppe inn to mål rett før pause.
45+2'
45'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
45'
Nytt frispark til Raufoss. Denne gongen i betre posisjon.
40'
Sveen sparkar ned Skaanes, og lagar frispark i brukbar posisjon for innlegg.
38'
Corner til Sogndal etter eit innlegg frå Skaanes.
33'
Sveen får ein spennande sprett på ballen, og forsøker seg frå 20 meter. Avslutninga går ein meter over målet.
32'
Skaanes lobbar ballen inn i boksen, og den går over keeper. Ingen av spissane står klare til å ta imot ballen, og då blir det ikkje farleg.
27'
Sjølstad skaffar ein corner etter eit innleggsforsøk.
26'
Pedersen med ein kanon! Skaanes dreg seg fram ute til venstre, og sentrar til Pedersen som fyrer av med ein gong. Avslutninga er veldig hard, og Klemensson får vondt når han reddar ballen. Han treng behandling før spelet kan halde fram. God periode for Sogndal.
25'
Hintsa herjar ute til høgre! Han driblar seg forbi ein Raufosspelar både ein og to gonger før han slår inn mot Pedersen. Headinga er hard, men går litt for høgt.
22'
Sjølstad viser fram fine detaljar ute til venstre. Prøver å slå inn, men ingen klarar å heade innlegget mot målet. Sogndal er inne i ein betre periode etter ein litt svak start på kampen.
20'
Bra forsøk av Bras! Han får ballen rett utanfor feltet, og går for avslutning. Han skyt hardt, men ballen går nokre centimeter over målet. Sogndal sin første store sjanse i kampen.
18'
Sogndal trillar ballen lenge utan å finne ei opning i forsvaret. Angrepet blir stoppa av at Høyland prøver å finne Bras i bakrom, men ballen blir slått for hardt.
14'
Selnæs prøver seg frå distanse. Forsøket er svakt, og går rett på Jendal.
11'
Sogndal prøver å kontre etter at Høyland vinn ballen. Skaanes slår ein upresis ball mot Hintsa, og Raufoss vinn tilbake ballen.
10'
Vapne slår inn mot Hintsa som står umarkert i boksen. Han klarar ikkje å få headinga mot målet, og ballen går eit par meter på utsida.
8'
Aanesland skaffar ein ny corner for bortelaget.
7'
Raufoss headar ballen rett til Hagen som prøver seg frå 20 meter. Han lukkast dårlegare no enn då han prøvde seg frå 70 meter mot Egersund.
4'
Raufoss får kampens første corner.
3'
Bras og Hagen prøver å kombinere seg gjennom forsvaret til Raufoss, men den siste pasninga til Hagen er upresis. Utspel for keeper.
2'
Begge laga går rett i angrep når dei får ballen i innleiinga. Ingen av dei klarar å kome seg til ein farleg posisjon, og spelet roar seg ned.
1'
Raufoss tek avspark, og kampen har starta!
Avspark Start 1. omgang
Sogndal gjer ei endring på laget sidan sigeren mot Egersund. Hagen kjem inn for Blixt Flaten på midtbana. Erik Flataker er inne igjen i troppen etter å ha vore ute mot Egersund for å spare reisekostnader. Det same gjeld Onyango. Keeper Daniel Sætren er tilbake frå skade, og sit på benken. Raufoss gjer fleire endringar. Fors er suspendert, og Sørum tek plassen hans. Lynum kjem inn for Engebakken på midtbana. På topp er Aarflot inne for Ampofo.
Magnus Nicolai Koløy er hovuddommar på Fosshaugane i dag. Han har med seg Ruben Haugland og Martin Javier Solheim som assistentdommarar. Jonas Sande Mossestad er fjerdedommar.
Det store diskusjonstemaet i Sogndal, er kontraktssituasjonen til Erik Flataker. Han har saman med dei andre spissane hatt ein god start på sesongen, men han har ikkje fått spele i dei siste to kampane. Det er på grunn av at han har takka nei til fleire kontraktsforslag, og Sogndal vil då prioritere dei andre spissane i troppen. Flataker sin kontrakt går ut etter sesongen, og slik som situasjonen er no, vil det ikkje vere overraskande om han reiser allereie i sommar. Denne situasjonen har ført til ein offentleg ordkrig mellom hovudtrenar Luis Pimenta og Jørgen Ingebrigtsen frå agentselskapet Player Solution. Begge partane gjekk ganske hardt ut mot kvarandre i Sogn Avis, og det er vanskeleg å sjå at dette skal få ei løysing som alle partane er nøgde med på dette tidspunktet.
Sogndal har historisk sett eit overtak over Raufoss på Fosshaugane. Raufoss har berre ein siger i Sogndal, og den kom i 2019. I fjor hadde Raufoss eit bra overtak over Sogndal. Det vart 1-1 på Fosshaugane i det som på same måte som i dag var den 9. runda i OBOS-ligaen. Sogndal hadde ein tøff periode gjennom heile hausten, og Raufoss knuste Sogndal 4-1 på heimebane i September.
Etter åtte kampar ligg Sogndal på 2. plass på tabellen med 15 poeng. Raufoss ligg på 10. plass med 11 poeng med berre to poeng opp til kvalifiseringsplassane. Det er framleis tidleg i sesongen, så tabellplassering betyr ikkje nødvendigvis så mykje på dette tidspunktet.
Begge laga kjem frå ein sterk siger i førre runde. Sogndal reiste til Egersund og vann 2-0 etter at Hintsa scora frå to meter, og Hagen scora frå 70 meter. Den eine scoringa var altså litt meir spektakulær enn den andre. Egersund tok ein sterk heimesiger mot Stabæk etter at Nelson scora det einaste målet i kampen.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Raufoss i OBOS-ligaen!