Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Det blir poengdeling på Fosshaugane etter ei scoring til kvart av laga! Skeid tek styringa før pause, og er det laget som skapar sjansane. Det blir ingen mål i første omgang, men Skeid får ei fortjent scoring ved Hoel Andersen 8 minutt etter pause. Sogndal svarar med ein gong etter scoring frå Pedersen. Begge laga har brukbare sjansar til å score eit vinnarmål, men ingen av dei klarar det. Skeid har no spelt fire kampar på rad utan å tape, og har starta poengplukkinga si!
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Skeid skaffar ein corner langt inne i overtida!
90+1'
Skeid kjempar hardt for å halde ut dei siste minutta no. Dei har hatt nok sjansar til å ta tre poeng, men eitt poeng på bortebane er også brukbart.
90'
Kalstad slår inn mot Mensah, som ikkje er ein kraftspiss. Då går headinga hans utanfor målet.
90'
Stor frustrasjon på tribuna no. Dei vil sjå ei scoring for heimelaget.
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
90'
Steiring går ned i boksen etter eit innlegg frå Sogndal. Han får frispark, noko som Pedersen er forbanna over.
88'
Fiksdal ein brukbar sjanse etter ei pasning frå Naustdal. Avslutninga er svak, og Jendal føler seg ikkje trua.
85'
Gift Sunday kjem åleine med keeper etter frisparket til Sogndal. Mensah tek eit enormt returløp, og forstyrrar han nok til at han ikkje får avslutta som han vil. Der skal det stå 1-2 om Sunday er meir bestemt.
82'
Sturgeon blir dratt i bakken, og alle ropar på straffe. Dommaren bles i fløyta, og dømmer gult kort for filming. Sturgeon blir liggande lenge etter den duellen.
79'
Sogningane er ikkje nøgde med 1-1, og vil ha ei scoring før kampen er slutt. Men dei slit med å skape store sjansar.
75'
Amland bles av kampen for ein drikkepause. Sogndal set innpå Mensah før avslutninga av kampen.
73'
Ny corner til Sogndal.
72'
Corner til Sogndal. Dei jaktar scoring no.
69'
Ødemarksbakken dukkar opp på bakerste stolpe, men det er ein vanskeleg vinkel å avslutte frå. Headinga hans går over målet.
69'
Flaten slår mot Pedersen i boksen. Nok ein gong er han på ballen, men headinga går over målet.
67'
Kampen er framleis veldig open. Begge lag har sjansar til å ta tre poeng.
63'
Akkurat no er det stopp i spelet etter at Sjølstad lagde eit frispark mot Bojang. Skeid skal gjere eit par spelarbyter.
60'
Høyland speler gjennom Hoel Andersen, som avsluttar rett utanfor. Brukbar sjanse, og corner til bortelaget. Den unge stopparen har vore god i dag. Pasninga fram til Andersen er strålande.
58'
Sogndal har vakna no. Bras prøver eit innlegg, men Andersen plukkar det opp. Fint samarbeid mellom han og Skaanes for å kome seg fram.
50'
Skaanes får ein god sjanse etter eit innlegg frå Sjølstad! Vinkelen er vanskeleg, og Andersen slår den ut til corner. Skaanes og Sjølstad er dei to som skapar mest for heimelaget.
49'
Luca Høyland har mykje friheit til å gå framover i bana. Hoel Andersen prøver å finne han på overlap, men ballen går litt for langt fram for stopparen.
48'
Sturgeon slår inn mot Pedersen som vinn ein duell mot Andersen. Ballen landar oppå Pedersen, og den trillar mot målet. Høyland slår den vekk, men det er dømt frispark for den første duellen.
46'
Sjølstad får seg ein smell når han landar skeivt etter ein hovudduell. Han kjem seg kjapt opp igjen, og kan ta innkastet rett etterpå.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Fabio Sturgeon skal inn for Sogndal.
Det står 0-0 til pause, og det er bortelaget som har vore det sterkaste laget. Begge laga har hatt ballen mykje, men det er berre Skeid som klarar å skape noko når dei har ballen. Naustdal har hatt full kontroll over midtbana, og Sogndal heng ikkje med. Sjølv om Skeid kan vere nøgde med omgangen, manglar dei framleis eit mål som kan gi dei leiinga.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Pedersen får ballen i boksen, men rotar med mottaket, og Skeid vinn ballen utan at han får avslutta.
45'
Bra løp av Høyland som dreg seg heilt inn i boksen. Han slår inn til Fiksdal som headar over målet.
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
44'
Nokon på tribuna bruker ordet "gåfotball" om det dei ser på akkurat no. Skeid står stille i 5-4-1, og ventar på at Sogndal skal gjere noko. Ingen frå Sogndal viser teikn til å prøve å skape noko.
41'
Flo stoppar eit innlegg frå Bojang, og Skeid får corner.
40'
Hoel Andersen prøver å finne Fiksdal mellom Granheim og Onyango. Der er det for trangt, og Jendal får tak i ballen.
39'
Hagen brukar armane litt for mykje, og lagar eit frispark midt på bana.
37'
Sjølstad dreg seg framover i bana, og vil slå inn. Blir blokkert, og Sogndal får eit innkast. Bra løp av venstrebacken.
34'
Mange cornerar no. Skeid sin tur til å slå inn.
33'
Skaanes vinn ein corner for Sogndal.
31'
Naustdal og Hadzic har full kontroll over midtbana i dag. Savnet av Høyland og Flaten er stort for Sogndal.
30'
Sogndal stormar fram i angrep, men Amland stoppar angrepet på grunn av eit frispark til Skeid.
28'
Onyango rotar vekk ballen, og avsluttar den sekvensen med å lage frispark mot Delaveris. Skeid sin nummer ni har vondt, men kjem seg opp til slutt.
26'
Spelet har starta igjen. Skeid har ballen.
25'
Det er varmt i Sogndal i dag, og dommar Amland stoppar kampen for ein kort drikkepause.
21'
Delaveris leiter etter medspelarar i boksen med eit innlegg, men finn berre Jendal. Fiksdal og Hoel Andersen klarte ikkje å kome fram til ballen.
19'
Sogndal står med fem spelarar i boksen, men ingen av dei klarar å få tak i ballen før Skeid sparkar den vekk. Hagen er den som er nærmast ei avslutning før ballen forsvinn bak i bana.
19'
Pedersen får Sogndal si første avslutning mot mål. Vapne slår inn frå høgre, og Pedersen rekk akkurat opp til ballen. Det betyr at headinga blir litt svak, og Andersen har god kontroll.
16'
Sjølstad slår heilt over til Onyango som prøver å avslutte. Han treff hardt, men ballen går ikkje mot målet, og treff ein motspelar før den går ut av boksen. Kunne blitt veldig farleg om Onyango traff Pedersen i staden for.
15'
Sogndal slit med å skape noko når dei har ballen. Der har Skeid vore meir effektive i opninga i kampen.
13'
Skeid speler seg ofte gjennom midtbana til Sogndal. Nok ein gong kjem Delevaris seg fri ute til venstre. Han blir til slutt stoppa av Granheim og Onyango før det blir skummelt.
9'
Delaveris får plutseleg ballen åleine! Sogndal heng ikkje med, og Delaveris kan spasere inn i boksen upressa. Han prøver å avslutte i lengste, men blir stoppa av Jendal. Kampens første store sjanse.
9'
Vapne slår inn mot Pedersen, men ballen går 20 centimeter for høgt for spissen.
7'
Tøff takling frå Fiksdal på Granheim. Ingen gult kort. Kunne fort ha blitt det.
7'
Ghaedamini får ballen på halvspretten utanfor boksen. Då vil han sjølvsagt skyte. Ballen går langt over målet til Jendal.
6'
Onayngo prøver på ei blanding av avslutning og innlegg. Andersen ser ballen heile vegen, og har full kontroll.
5'
Nundal skaffar ein corner i duell med Steiring.
4'
Sogndal prøver å kontre etter corneren. Onyango slår inn i boksen, men Akinyemi slår ballen vekk.
3'
Skeid med kampen sin første avslutning. Rett på Jendal, og det blir corner.
1'
Sogndal tek avspark, og held ballen roleg i laget.
Avspark Start 1. omgang
Suspenderte Pimenta står på taket på Fosshaugane før avspark. Truleg er det ingen på stadion som har betre oversikt over bana enn han akkurat no.
Begge laga gjer endringar i både trenarteamet og spelartroppen til dagens kamp. Miguel Barata tek over for suspenderte Luis Pimenta. Mats Andre Kaland tek rolla til Vilde Rislaa. Onyango kjem inn for Bras på høgreback, som leverte ein svak kamp mot Moss. Steinset og Nundal kjem inn for Flaten og Øren. Det vil seie at Nundal går inn som spiss, og Steinset går inn som indreløpar medan Granheim går tilbake i forsvaret. Bortelaget gjer også fleire endringar i startellevaren. Ghaedamini kjem inn som vingback for Diallo Toure. Naustdal er tilbake frå suspensjon, og er inne på laget igjen. Fiksdal får sjansen på topp, og Ødemarksbakken må sitje på benken.
Sivert Amland er hovuddommar i dag. Han har med seg Lasse Patrikainen og Amang Kanyi som assistentar. Martin Røed Knudsen er fjerdedommar.
Tidlegare i sommar gjekk Erik Flataker til AIK, og Oliver Hintsa får ikkje spele akkurat no på grunn av stopp i forhandlinga om ny kontrakt. Det førte til at Sogndal ville hente ein ny spiss. Storscoraren frå PostNord-ligaen, Preben Asp, kom til Sogndal seint på fredag, og får sjansen til å vise at han også kan score mål i OBOS-ligaen gjennom haustsesongen. Han har ikkje trent med laget, så denne kampen kjem truleg litt for tidleg for han.
Det vil bli ein veldig spesiell kamp på Fosshaugane i dag. Det er fordi ingen av laga har med seg hovudtrenaren i teknisk sone. Luis Pimenta fekk sitt fjerde gule kort denne sesongen mot Moss, og må stå over med karantene. Vilde Rislaa skal vere forlovar i eit bryllaup, og ho overlet ansvaret for kampleiinga til resten av trenarteamet sitt.
Det er ikkje veldig lenge sidan førre oppgjer mellom Sogndal og Skeid. Det vart spelt i midten av juni, og resultatet vart heile 1-4 på Nordre Åsen. Sogndal scora dei fire første måla før Skeid reduserte rett før slutt. Sogndal har historisk sett eit bra overtak over Skeid. Dei har også vunne dei tre siste kampane mot dei, og Skeid sin siste siger mot Sogndal kom på Fosshaugane i 2022.
Me er inne i august, som er ein hektisk periode i OBOS-ligaen, og det skal spelast mange kampar. Både Sogndal og Skeid skal spele heile sju kampar før september. No får laga testa ut breidden i troppen sidan det ikkje er mange dagar mellom kvar kamp. Det er også berre tre dagar sidan førre kamp for desse laga. Sogndal tapte 1-3 mot Moss etter ei svak opning med to mål imot på seks minuttar. Skeid klarte sin tredje strake kamp utan tap då dei spelte 0-0 mot Ranheim.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Skeid i runde 16 i OBOS-ligaen!