TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Frispark
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+3'
Frispark
Jendal fangar ballen, men krasjar med Flo. Sogndal får likevel kontroll.
90+2'
Lorentzen med eit forsøk åleine mot Jendal, men keeperen kjem sigrande ut av den duellen! Dette kjem etter ei kontring frå Start. Skal me få ei scoring i denne kampen?
90'
Spillerbytte
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
90'
Frispark
Slår kort.
89'
Vapne prøver å lure ballen i lengste, men Prys heng med! God redning, og det er framleis mållaust med kort tid att av kampen.
87'
Spillerbytte
86'
Frispark
Slår langt.
86'
Frispark
86'
Gult kort
Midtbanespelaren kastar seg i boksen i eit flaut forsøk på å få ein straffe. Gult kort og frispark til Sogndal.
85'
Sira Hansen med ei strålande takling på Hintsa som nesten er åleine med keeper! Den kan ha vore viktig for bortelaget.
84'
Jemal får ei avslutning i boksen, men den går rett på Jendal. Det kjem etter ein periode der Sogndal har vore skumle.
83'
Sogndal speler med tre spissar akkurat no, og jaktar desperat scoring!
83'
Hintsa headar gjennom til Pedersen, som prøver å legge inn framfor målet. Ingen lagkameratar står der, og Start slår vekk ballen.
81'
Offside
Offside før han går opp i ein hovudduell.
80'
Ujkani har eit svakt forsøk frå distanse før byta til Sogndal.
80'
Spillerbytte
80'
Spillerbytte
80'
Spillerbytte
78'
Pimenta skal gjere eit trippelbyte.
77'
Frispark
Slår frisparket kort.
77'
Sogndal speler seg inn i boksen til Start, og det blir kaotisk. Onyango fyrer av, men ballen går rett på keeper. Begge laga vil vinne duellen etterpå, og Start klarar å slå vekk ballen.
75'
Frispark
Sentrar ballen ned til Flo.
74'
Spillerbytte
73'
Flaten kastar seg ned, og blokkerer eit forsøk frå Sjøkvist som står heilt åleine ute til høgre. Kunne blitt ein større sjanse enn det vart.
72'
Soomets med eit svakt forsøk frå distanse, men det er første gangen det skjer noko i kampen på ei stund.
71'
Sogndal med fleire innleggsforsøk, men som dei fleste andre innlegga i denne kampen har desse også blitt klarert vekk.
69'
Frispark
Tek også dette frisparket kjapt.
69'
Frispark
Kjapp variant. Får eit nytt frispark rett etterpå.
67'
Hjørnespark
Flo treff ballen, men den går høgt opp, og ut til utspark.
67'
Pedersen skaffar ein corner for heimelaget.
67'
Kampen er veldig roleg akkurat no. Start trillar ballen, og leitar etter ei opning. Sogndal jobbar hardt for å ikkje gi dei den opninga.
64'
Frispark
Jendal er klar igjen, og Flo kan ta frisparket.
63'
Jendal set seg ned, og ber om behandling. Trenarteamet til Sogndal har funne fram taktikkbrettet medan Jendal får behandlinga.
61'
Akkurat no treng Start ei scoring for å kome seg tilbake opp på opprykksplass. KIL har god kontroll borte mot Moss.
58'
Høyland med eit hardtr forsøk frå distanse, men ballen treff nærmaste motspelar.
56'
Hjørnespark
Start får slått vekk ballen etter fleire duellar i boksen.
55'
Frispark
Slår ballen kort.
54'
Spillerbytte
54'
Sogndal sin toppscorar, OIiver Hintsa, skal straks inn.
52'
Start prøver fleire innlegg på kort tid, men alle blir stanga vekk av Sogndalspelarar.
49'
Mvoue prøver seg frå 20 meter, men får ein vanskeleg vinkel. Ballen flyr nokre meter utanfor målet.
48'
Heimelaget prøver å finne Skaanes i bakrom, men Sira Hansen og Pryts har kontroll.
48'
Frispark
Frispark midt på bana. Tek det kjapt.
46'
Ballen landar hos Ugland etter ein duell, og han fyrer av direkte. Ballen går langt utanfor målet.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det er mållaust til pause, men begge laga har hatt sjansar. Begge laga treng også tre poeng i dag, så me kan fort få eit kampbilete der alle er desperate etter scoring! Det lovar bra for underhaldninga.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Hjørnespark
Heading utanfor frå Start. Det er det siste som skjer før pause.
45+2'
Start får ein corner rett før pause.
45+2'
Sogndal speler seg inn i boksen på overtid, men kjem ikkje til ei farleg avslutning. Vapne prøver seg frå distanse, og Pedersen med hovudet, men ingen treff målet.
45'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
45'
Frispark
Speler ballen kort ut til høgre.
44'
Begge har fått behandling, og dei vil begge innpå igjen.
42'
Gult kort
Kollisjon mellom Bras og Mvoué. Begge for seg ein kraftig smell i hovudet, og dommaren gir Bras skulda for situasjonen med tanke på at han står i vegen når Mvoué er på veg framover. Gult kort til høgrebacken.
40'
Offside
Offside medan Start prøver å spele seg fram i bana.
39'
Frispark
Frispark langt bak i bana. Sogndal er frustrerte etter at dei meiner at Start kastar seg i bakken for å stoppe Sogndal som har momentum. Bras får kjeft av dommar Sletner.
38'
Sogndal prøver seg på eit par innlegg, men klarar ikkje å kome seg til avslutning.
36'
Hjørnespark
Jendal fangar ballen i boksen.
36'
Ny corner for Start.
35'
Frispark
Roar ned spelet. Speler korte pasningar for å vende spelet ut til høgre.
35'
Hjørnespark
Sogndal får kontroll over ballen.
35'
Enorm blokkering frå Flo etter eit forsøk frå Ugland! Han speler ut både Granheim og Jendal, men Flo står framleis framfor han, og klarer å sende avslutninga ut til corner.
33'
Tøff duell mellom Pedersen og Pryts etter eit svakt innkast frå Start. Begge sparkar kvarandre når dei forsøker å få tak i ballen. Ingen får frispark, men begge får vondt.
31'
Sogndal har ikkje skapt mykje etter opninga med to enorme sjansar. Ingen av laga har fått eit stort overtak.
30'
Frispark
Frispark rett ved fjerdedommar. Slår ballen ned til forsvaret.
28'
Frispark
Slår ballen kort.
26'
Offside
Får ballen i mellomrommet, men har vore ein tur innom offside først. Då blir han avvinka.
26'
Frispark
Slår ballen ut til Flaten og Flo til venstre.
26'
Bras får frispark i eigen boks etter ein duell på bakerste stolpe.
24'
Hjørnespark
Heading rett utanfor stolpen! Sira Hansen er på ballen, men får den ikkje mot målet. To store sjansar på corner på eitt minutt for Start.
24'
Hjørnespark
Kort variant før Sjøkvist prøver seg frå distanse. God redning, og ny corner.
24'
Start får sin første corner i kampen.
20'
Hjørnespark
Ballen blir stanga vekk frå første mann i boksen.
20'
Sogndal vinn ein corner etter ein chip frå Pedersen, som blir sendt ut av ein Startspelar.
18'
Start prøver ein lang ball opp mot Mvoué som skal heade ned igjen til Lorentzen, men headinga går ut til utspark for Jendal.
17'
Vapne ser at han kan forsøke seg frå distanse. Han treff ikkje reint, og ballen går fleire meter over målet til Pryts.
15'
Offside
Lorentzen lurer seg inn bak forsvaret på eit innlegg, men har gått litt for tidleg. Jendal har ei god redning, men det betyr ikkje mykje når Lorentzen er avvinka.
14'
Pedersen prøver seg på ei avslutning frå 16 meter. Ballen går rett på keeper, som har full kontroll.
12'
Frispark
Frispark etter ein hands på Vapne. Slår ballen ned til keeper.
10'
Skaanes og Flaten prøver å kombinere seg inn i boksen. Presisjonen sit ikkje heilt, og ballen blir spelt ut til utspel for keeper.
9'
Full jubel på bortefeltet når Moss tek leiinga over Kongsvinger. Viktig scoring for Start i opprykkskampen.
8'
Ujkani prøver seg på ei blanding av avslutning og innlegg. Ballen landar på nettaket, og Jendal har gpd kontroll heile vegen.
6'
Lorentzen får ballen i boksen, men Bras står i vegen for avslutninga hans. Vanskeleg posisjon å score frå.
5'
Start har fått holde litt på ballen etter Sogndal sine sjansar. Dei prøvde seg på ei avslutning frå distanse, men den vart blokkert. Sogndal ligg lågt og kompakt når Start trillar ballen.
3'
Ny sjanse for Sogndal! Pedersen med eit akrobatisk forsøk i boksen, men Pryts viser fram ei god redning. Kjempestart for heimelaget!
1'
Offside
Sogndal skal jo score med ein gang, men Pedersen reddar eit skot på streken frå eigen lagkamerat! Pippola speler seg fint inn i boksen, og sentrar til Vapne som har nesten ope mål. Berre Pedersen står i vegen, og han klarar å redde ballen på streken. Heilt utruleg at det ikkje er 1-0!
1'
Sogndal tek avspark, og kampen har starta.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal gjer to endingar på laget frå kampen mot Aalesund. Hintsa går ut, og Hagen kjem inn. Det betyr at Pippola flytter seg lenger opp i bana enn i tidlegare kampar. I tillegg er Jendal tilbake på keeperplass etter eit par kampar ute med skade. Start gjer berre ei endring, og det er på venstre vingback. Der kjem Ujkani inn for Strannegård som er skada.
Harald Vollstad Sletner er hovuddommar i dagens kamp. Han har med seg Ruben Haugland og Amang Kanyi som assistentar. Anders Husøy er fjerdedommar.
Det er ikkje mange store endringar i troppen til Sogndal sidan sist kamp. Holten er tilbake frå VM i Chile med U20-landslaget, og Sturgeon er kome lenger i rehabiliteringa si. Start har eit par tunge forfall. Dashaev skada seg i førre runde mot Raufoss, og er ikkje med til Sogndal. Strannegård fekk seg ei skade på trening denne veka, og er heller ikkje med. Benjamin er framleis ute. Gausdal er tilbake frå suspensjon, og kan vere med.
Begge laga er inne i ein tyngre periode no etter å ha vore gode i tidlegare delar av sesongen. Sogndal har ikkje vunne ein kamp sidan dei slo Moss i august, og treng desperat poeng for å henge med i kampen om topp 6. Start har lenge hatt god kontroll over 2. plassen, men har rota vekk forspranget etter at dei hadde fire kampar på rad utan siger før dei slo Raufoss i førre runde. Det er altså to lag som treng ein opptur for å framleis ha eit brukbart utgangspunkt for resten av sesongen.
Det første oppgjeret mellom laga i år kom i første serierunde. Då tok Sogndal ei tidleg leiing på Sørlandet, men Start snudde kampen, og vann 2-1. På Fosshaugane har Sogndal hatt nokre oppturar mot Start dei siste par åra. I 2023 vann Sogndal 2-1 medan det vart heile 4-0 i fjor. Men i både 2021 og 2022 klarte Start å ta med seg poeng frå Fosshaugane, så det er ikkje nødvendigvis ei bane der det alltid går dårleg for dei.
Dette er ein ekstremt viktig kamp for begge lag. Sogndal har ikkje klart å kome seg innafor topp 6 i OBOS-ligaen ved sesongslutt sidan 2021, og bør ta poeng i denne kampen for å henge med i kampen om ei slik plassering i år. Jakta på direkte opprykk er nok ferdig for dei i år, men den jakta er på ingen måte over for Start! Før denne kampen ligg Start på 2. plass med 44 poeng. Det som gjer sesonginnspurten spennande er at to andre lag også har 44 poeng! Lyn tapte mot LSK på fredag, og kan ikkje gå forbi Start i dag. Kongsvinger kan potensielt gå forbi om dei vinn, og Start på går på ein smell mot Sogndal. I tillegg har man Aalesund som ligg tre poeng bak desse laga. Dette er altså ein viktig kamp for Start å vinne dersom dei skal rykke opp i år!
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Start i OBOS-ligaen!