Oppsummering
Det er store kontrastar på Fosshaugane når sesongen 2024 er ferdig. Bortelaget i blått har gjennomført ein strålande sesong, og har sikra opprykket til Eliteserien for lenge sidan. Ein skuffa gjeng med kvite drakter legg bak seg tidenes verste sesong for Saftbygda. Målet har vore opprykk, og det vart nesten nedrykk til slutt. VIF tok leiinga tidleg med Brajanac, og då blir det tøft for heimelaget. Sogndal svarar nesten med eit par enorme sjansar, men klarar ikkje å setje ballen i mål. Rett etter pause doblar Hagen leiinga. Då var det ingen veg tilbake for sogndølene. Onyebuchi set inn ei scoring like før kampen er slutt, og sluttresultatet blir 0-3. Sesongen 2024 er over, og klubbane kan no begynne å gjere seg klar til sesongen 2025!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-3)
90+2'
Mensah prøver på ei avslutning, men den går langt over målet.
90'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
89'
Sjølstad har fått seg ein smell i hovudet. Alle i Sogndal ventar på at dommaren skal blåse av kampen slik at dei kan legge bak seg det som kanskje er tidenes verste sesong for Saftbygda.
86'
Akkurat no er det ingenting som tyder på at dette blir noko anna enn bortesiger.
81'
Mensah skaffar eit frispark i god innleggsposisjon.
77'
Hintsa får plutseleg fri bane fram mot mål, men rotar vekk ballen. Han og Mensah kunne stått åleine framfor Sjøeng om han var meir nøyaktig.
72'
Hintsa skaffar ein corner. Bra driv av Mensah før avslutninga.
71'
Hagen sender ein ball rett på Jendal etter ei kontring.
67'
Ny avslutning frå Ambina. Går via ein motspelar ut til corner.
66'
Fine kombinasjonar frå Steinset og Nundal. Blir corner.
65'
Ambina prøver seg frå rundt 18 meter. Går utanfor stolpen.
59'
Stor sjanse for Brajanac! El-Abdellaoui dreg seg framover ute til høgre. Han slår inn til spissen som sender ballen rett over målet. Der går det an å score.
58'
Sogndal prøver å kontre, Det endar med eit innleggsforsøk frå Sjølstad som går over alle.
54'
Sjølstad skaffar ein corner etter eit blokkert forsøk.
53'
Høgresida til VIF er meir involvert etter pause. Brajanac får nesten ballen i boksen, men forsvaret står imot.
48'
Strand kjem seg inn i boksen. Han og Brajanac står litt i vegen for kvarandre, og får ikkje avslutta.
46'
Øren klarerer eit innlegg frå El-Abdellaoui.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Bortelaget har leiinga når kampen er halvspelt. Dei opna kampen best, og Brajanac scora etter 11 minutt. Etter det har Sogndal vore meir med i kampen. Dei har hatt eit par enorme sjansar dei ikkje har klart å utnytte. Heimelaget kan framleis snu kampen dersom Vålerenga ikkje kjem seg opp på eit betre nivå etter pausen.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
41'
Frispark til VIF i meget god posisjon.
39'
Sjølstad mistar ballen i farleg posisjon. Bortelaget klarar ikkje å utnytte dette sjølv om dei har mange spelarar høgt i bana.
35'
Vålerenga har skapt veldig lite til tross for at dei har hatt ballen mykje. Scoringa er den einaste store sjansen dei har hatt.
33'
Ny sjanse for heimelaget! Sjølstad finn Nundal i boksen. Høgrekanten står heilt åleine, og avslutninga går rett over målet. God periode frå heimelaget.
32'
Frispark til Sogndal heilt ute ved sidelinja.
31'
Flataker kjem seg i ein god posisjon, men vil heller slå ballen til ein medspelar. Der kunne han scora om han gjekk for avslutning.
30'
Øren sitt hovud er bandasjert, og han er inne igjen på bana.
26'
Sogndal speler med 10 spelarar medan Øren får behandling utanfor bana.
26'
Øren har fått seg ein smell, og treng behandling.
25'
Brajanac prøver å nå opp til eit høgt innlegg, men innlegget er akkurat litt for høgt for han.
23'
Øren slår langt mot Flataker, men ballen går heilt inn til Sjøeng.
20'
Sogndal har pressa fram mange balltap hos bortelaget, men slit med å skape sjansar. Forsvaret til Vålerenga har hatt god kontroll.
16'
Sogndal skaffar ein corner etter eit par innleggsforsøk.
15'
Ambina gjer ein god jobb når han stoppar ei kontring frå Borgthorsson og Flataker.
14'
Borgthorsson prøver seg frå distanse. Rett på Sjøeng.
8'
Flataker pressar VIF til å gjere feil. Robertsen får ballen, men klarar ikkje å slå inn til ein lagkamerat.
6'
Skaanes skaffar ein corner for Sogndal.
4'
Det er bortelaget som tek kontroll over kampen frå start.
2'
Jendal boksar vekk eit innlegg frå Jarl.
1'
Det er mykje røyk på bana etter pyro ved innmarsj, men det er framleis god sikt.
1'
Bortelaget tek avspark, og kampen har starta.
Avspark Start 1. omgang
Det nærmar seg kampstart i Sogndal. Juniorvingen har teke sin faste runde rundt bana, og spelarane er klare for innmarsj.
Begge laga gjer fleire endringar. Sogndal må prøve eit nytt stopparpar på grunn av skade. Øren og Høyland tek altså stopparplassane i dag. Steinset tek plassen som Høyland har hatt på midtbana. På topp kjem Nundal inn for Hintsa, og det betyr truleg at Flataker går inn som spiss. Borchgrevink er inne for bortelaget, og Kiil Olsen må starte på benken. Midtbana er den same som i førre kamp. På topp er Brajanac og Strand inne for Rijks og Bjørdal.
Jørgen Haugen er hovuddommar i dag. Han har med seg Ruben Haugland og Amang Kanyi som assistentar. Torgeir Halsen er fjerdedommar.
Jones El-Abdellaoui er kåra til årets unge spelar i OBOS-ligaen. Kantspelaren har hatt ein strålande sesong for Vålerenga, og kan også vere ein kandidat til å bli årets spelar for heile ligaen.
Førre oppgjer mellom laga var i første serierunde, og den kampen enda 1-1 på Intility. Ein må heilt tilbake til 2017 for å finne sist gong Vålerenga spelte på Fosshaugane. Då sikra Sogndal kvalifiseringsplassen i Eliteserien ved å knuse Vålerenga 5-2. Det vart til slutt nedrykk då Sogndal tapte kvalifiseringa mot Ranheim, og sidan har dei vore i OBOS-ligaen.
Både Sogndal og Vålerenga er i ein posisjon der ikkje veldig mykje står på spel i denne kampen. Vålerenga har sikra opprykket for lenge sidan, og Sogndal sikra plassen i førre runde. Det vil uansett alltid vere slik at kampar mellom Sogndal og Vålerenga blir litt spesielle. I år 2000, var det nettopp Sogndal som sendte Vålerenga ned i 1. divisjon i kvalifiseringskampen på Ullevaal. Tommy Øren scora det avgjerande målet i den kampen, og kanskje får sonen hans, Mathias Øren, sjansen til å vise seg fram mot Vålerenga han også, 24 år etterpå.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Vålerenga i den siste runda i OBOS-ligaen!